Dette var retninga på strategiarbeidet som næringsliv og kommunen i Sykkylven vart samde om i 2011. No tre år seinare er vi spent på kva utvikling vi kan sjå i Sykkylven.
Strategi som er spissa og gir retning
Det handlar om å jobbe systematisk med små og store tiltak som bygger opp om strategien du har valt, seier Harald Espeland som har vore dagleg leiar i Sykkylven Næringsutvikling AS i tre og eit halvt år.
– Det å klare å spisse seg for kva retning ein vil gå, gjer det igjen enklare å finne dei «rette» tiltaka. I Sykkylven jobba vi med analyser for kva som kjenneteiknar Sykkylven. Kva kvalitetar dette lokalsamfunnet har som ein kan basere framtidig utvikling på. Ein la vekt på viktige milepælar i lokalhistoria (der møbelindustrien står sterkt), kjenneteikn ved verksemdene i kommunen, målgrupper kommunen måtte ha og kva folk assosierte med Sykkelen, seier Espeland.
– Resultatet vi kom fram til etter analysane var at Sykkylven skulle vere kjent som kommunen der løysingar blir designa og utvikla – kommunen med Skaparglede! Dette er ein posisjon sterkt forankra i historia og «sjela» i sykkylvssamfunnet, samstundes som den seier noko om kva ein vil legge vekt på framover, held Espeland fram.
Nasjonalt kompetansesenter innan møbelindustri
– Eit av dei største tiltaka vi har lukkast med, er etablering av eit nasjonalt Inspirasjons- og kompetansesenter for norsk møbelindustri, seier ordførar Petter Lyshol. – Ei slik satsing og etablering viser at kulturen for skaparglede i Sykkylven som har vore sterk i generasjoner blir verdsett og gir Sykkylven anerkjenning som møbelhovudstad.
Den 23. april 2014 var senteret ein realitet. Det vart teikna aksjar for seks millionar. Sterkt lokalt engasjement både hjå næringsliv og privatpersonar. Senteret skal styrke skapargleden i bransjen basert på kompetanse som finst i møbelindustrien i regionen.
Senteret er eit eksempel på at det å jobbe strategisk kan få positive konsekvensar på regionalt og nasjonalt nivå. Men kanskje like viktig for Sykkylven som lokalsamfunn er alle dei mindre resultata som har stor betydning lokalt.
– Eg vil sei det er summen av alle tiltaka som no er med å løfte Sykkylven i riktig retning og skaper optimisme, seier Njell Hoftun som er samfunnsplanleggar i Sykkylven kommune. – Vi har fått etablert eit godt samarbeid mellom fleire aktørar som er med å trekke utviklinga i riktig retning. Sykkylven Næringsutvikling AS, Sykkylven Handelsforening og Møre og Romsdal fylkeskommune er viktige aktørar for å halde kontinuitet i det gode utviklingsarbeidet vidare framover, seier han.
10 utviklingsprosjekt for Skaparglede
Strategien Skaparglede genererte 10 ulike utviklingsprosjekt i Sykkylven. Dette igjen har gjort at strategien Skaparglede har blitt breitt forankra i lokalsamfunnet, og mange tiltak er sett i verk. Du kan lesa meir om desse prosjekta i vår kartlegging av prosjektet, og i rapporten frå prosjektet.
Skaparglede i skulen
I skulen er det synlege resultat av Skaparglede. Eit samarbeid mellom Sykkylven vidaregåande skule og Sykkylven Næringsutvikling AS resulterte i at det vart etablert ei ny linje ved skulen: Interiør- og utstillingsdesign.
Sykkylven gjere seg også merkbare når det gjeld kreative og skapande unge. I 2014 gjekk ungdomsbedrifta Tovatøffel’n frå Sykkylven vgs til topps på ei Fylkesmesse for ungdomsbedrifter. I 2012 gjekk elevbedrifta Butterfly (barnestol) til topps nasjonalt.
– Det å satse på dei unge og gjere dei kjent med lokalt næringsliv, er svært viktig, seier ordføraren. Her får dei innsikt i alle dei spennande og kreative jobbane me har lokalt. I tillegg vert det gitt tilbod om utdanningsretning innan kreative fag, noko som gir dei unge ein kompetanse vi har bruk for her lokalt, seier ordførar Lyshol.
Nyetablering og næringsutvikling
– Sykkylven Næringsutvikling AS har engasjert seg aktivt i lokal utvikling dei siste åra. I tillegg til å jobbe med viktige tiltak innan næringsutvikling, så har dei også jobba aktivt opp mot bl.a skule og sentrumsutvikling, seier samfunnsplanleggar Hoftun.
løpet av året håpar dei å få på plass ei prosjektstilling i lag med kommunen og Handelsforeninga som er retta mot å skape aktiviteter og bruke sentrum meir aktivt.
Møbelguiding
Eit anna prosjekt som har vakt nasjonal og internasjonal merksemd er «Furniture Guiding». Dette er eit produkt som reiselivet i Sykkylven har etablert i lag med møbelindustrien i Sykkylven. Her får du sjå møbelhistorie, designprosesser og produksjon, samtidig med naturopplevingar og mat.
Kreativ utsmykking i sentrum
Korleis merkar besøkande at dei er kome til ein kommune med Skaparglede? Når du køyrer inn i rundkøyringa til Sykkylven sentrum, så møter du ein skulptur som symboliserer Skaparglede. Saka skapte stor oppmerksomheit då det blei utlyst konkurranse om utsmykking i rundkøyringa som symboliserte skapargleda i Sykkylven.
Ein annan spennande innretning som du kan sjå om du besøker Sykkylven er eit utstillingsmonter med eit møbel eller anna kunstverk i. Første monter er ferdig, og planane er at det vil kome fleire montere rundt om i Sykkylven sentrum der ein synleggjere det som vert skapt i Sykkylven.
Ny reguleringsplan for skaparglede i sentrum
Kommunen i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune har no sett i gang eit arbeid med å sjå på opprusting av sentrum i Sykkylven. Det overordna tema for arkitektkonkurransen var Skaparglede. Tre firma var med i konkurransen, og element frå dei tre forslaga legg grunnlaget for vidare utvikling av Sykkylven sentrum.
No er ny reguleringsplan for Sykkylven sentrum under arbeid. Det blir lagt vekt på å skape eit meir funksjonelt og attraktivt sentrum, kontakt mellom sentrum og sjøen, og fortetting der ein legg vekt på næringslokale i 1.etasje og bustader i 2 etasje.
Skaparglede på fritida
På initiativ frå lokale eldsjelar oppretta «Trivselsfondet Skaparglede» som skal støtte fritidsaktivitetar i Sykkylven – Skaparglede på fritida. Planen er at verksemdene betalar inn til fondet og at fondsstyret skal dele ut midlar basert på søknader.
Sykkylven – eit godt eksempel på strategisk arbeid med lokal utvikling
Distriktssenteret meiner Sykkylven er eit godt døme på eit lokalsamfunn som har jobba godt med strategisk utvikling. Dei har klart å spisse strategien sin, noko som skapar eit handlekraftig lokalsamfunn på fleire område, der mange aktørar jobbar i same retning. Dette gir resultat på sikt.
Framover er det viktig for Sykkylven at dei klarer å halde kontinuitet i den gode utviklinga som har skjedd dei siste åra. Det å skape seg eit omdømme og vere kjent for kommunen med Skaparglede, krev langsiktig og systematisk arbeid. Vi meiner Sykkylven er godt i gang, og ser fram til å følgje med på nye kreative tiltak som bygger opp om posisjonen Skaparglede.
10-punktsmodellen
På heimesida til Distriktssenteret har vi beskrive ein metode for strategisk arbeid med lokal utvikling – 10-punktsmodellen. Sykkylven er eit godt døme på eit lokalsamfunn som har jobba etter denne metodikken. Dei har lukkast med sitt strategiske arbeid og det viser igjen som små og store synlege resultat i lokalsamfunnet.