Rendalen er ein del av Fjellregionen i Nord-Hedmark og Sør-Trøndelag. Samanlikna med dei andre kommunane i regionen er Rendalen på mange måtar ein utkant i utkanten. Dei vel å fokusere på dei positive mulegheitane kommune har og ønske om å utvikle desse.
Byggje på veidemannskulturen
Rendalen kommune vil byggje vidare på resultata etter samfunns- og næringsutviklingsprosjektet ”Veidemannkultur”, som vart starta i 2010. Omtrent samstundes som dette prosjektet starta, vart Sølen landskapsvernområde oppretta. Formålet for vernet er definert slik av Miljøverdepartementet:
«Sølen landskapsvernområde skal ta vare på eit natur- og kulturlandskap med økologisk og kulturell verdi, med opplevingsverdi og som er identitetsskapande.»
Målet
Utfordringa er å skape lokal næringsutvikling basert på verneverdiane. Gjennom prosjektet har dei oppnådd auka medvite og forståing av dei lokale natur- og kulturverdiane som grunnlag for samfunnsutvikling og verdiskaping.
Målet er å motivere for ein meir langsiktig og forpliktande satsing på nærings- og samfunnsutvikling i Rendalen, på grunnlag av natur- og kulturverdiane i området.
Etablering av park kan vere eit verktøy for å nå målet.
Effektane
Rendølene har håper på desse effektane av parksatsinga:
- auka tal besøkande til Rendalen som grunnlag for nyetableringar, vitalisert og lønsam næringsutvikling
- auka optimisme og større medvit og stoltheit knytt til eigen kulturarv i Rendalen
- nye kompetansearbeidsplassar i Rendalen
- stabilisering av folketalet
Rendalen kommune lener seg til forskingrapporten Suksessrike distriktskommunar som syner at det handlar meir om å ha dei rette haldningane til å utvikle sine eigne ressursar og ikkje minst ta vare på/byggje ein kultur for eldsjeler. Eldsjeler ser mulegheiter framfor hindringar. Rendalen har trua på at dei kan snu negative trender, dersom dei arbeider på den rette måten.
Dette er eit av totalt 22 prosjekt som har fått midlar frå Verdiskapingsprogrammet – Norske lokale og regionale parkar i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD).