Breitt samarbeid
Nærøyfjorden verdsarvpark er etablert kring verdsarven Vestnorsk fjordlandskap – Nærøyfjordområdet. Regionalparken inkluderer ei breitt samansett gruppe av samarbeidspartnerar/aktørar i Sogn og Fjordane og Hordaland som aktivt har valt ei verdiplattform som bidreg til ivaretaking og bruk av verdsarven. Det er 44 samarbeidspartnerar med avtale om forpliktande samarbeid og interessa er aukande.
Bruk og vern
Verdsarvparken har som føremål å vera pådrivar for ei natur- og kulturbasert samfunnsutvikling med forankring i verdsarvstatusen til Nærøyfjordområdet. Ivareta og verne om verdsarvverdiane gjennom utvikling og bruk. Koordinere den samla innsatsen kring regionalparkområdet. Å skapa møteplassar og utvikla samarbeid mellom eit mangfald av aktørar og initiativ som fremjar parken sitt føremål, og å arbeide for utvikling av vertskapsrolla.
Revisjon naudsynt
Regionalparken Nærøyfjorden Verdsarvpark sin opphavelege parkplan vart vedteken i 2009. Som følgje av endringar i den politiske samansetnaden i kommunane, fleire nye partnerar og interesse frå Hordaland fylkeskommune er det naudsynt å gjennomføre ein revisjon av parkplanen i løpet av 2013. Regionalpark som arbeidsform krev grundige og gode prosessar i slikt planarbeid for å oppretthalda forankringa og styrke verdiforståing og eigarskap hjå partnerane.
Dette er eit av totalt 22 prosjekt i Verdiskapingsprogrammet – Norske lokale og regionale parkar i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD).