Vefsna-regionen har spesielle nasjonale landskapskvalitetar, med Børgefjell og Lomsdalen-Visten nasjonalparkar, og det verna vassdraget Vefsna.
Fisk som naturressurs
Laks og fiske står sentralt i prosjektet. Ein ynsker å utvikla natur- og landskapsressursane ein har i innlandsfisket, og å gjenreise laksefisket i Vefsnavassdraget ved å etablere ein arena for naturbasert reiseliv. Tanken er at dette skal gje positive effektar på bulyst, helse, trivsel og turisme.
Styrking av regionen
Kommunane i regionen, Grane, Hattfjelldal og Vefsn ynsker eit kommuneovergripande samarbeid om utviklingsarbeidet for elva, verneområde, natur, kultur og andre prosjekt. Dei ser behovet for samhandling for å få utvikla fleire arbeidsplassar, auka bulyst, meir synlegheit, styrka stoltheit og identitet.
Reiseliv
Eit av delmåla er å utvikla eit bærekraftig reiseliv med lokal tilknyting. Tanken er å satse på lokale mattradisjonar og råvarer, og på dei lokale og regionale småskalaprodusentane. Ein vil satsa på vertsskapsrolla og bygge ein felles arena med fleire årlege treffpunkt.
Vefsna Regionalpark er eitt av totalt 22 prosjekt i Verdiskapingsprogrammet for norske lokale og regionale parkar i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD).