Regionalparken skal hjelpa til med å koordinere dei enkeltstående tiltaka som skjer lokalt, og bidra til samarbeid på tvers av kommunar, fylkeskommunar og ulike sektorar.
80 km flytande regionalpark
Haldenkanalen renn mellom Tistedal i Halden og Skulerud i Aurskog-Høland, og består av fem sjøar, tre slusestader og åtte sluser. Kanalen er eit 80 kilometer langt og levande kulturminne fyllt av opplevingar og sanseinntrykk gjennom kommunane Aurskog-Høland, Rømskog, Marker, Aremark og Halden.
I visjonen til regionalparkprosjektet heiter det «langs Haldenkanalen er det eit lønsamt næringsliv og eit rikt kulturliv, basert på naturen, spissa kompetanse og småstader der folk ikkje bare bor, men lever!”
Fleire forstudier
Prosjektet skal gjennomføre fleire forstudier for å vidareutvikle potensialet som ligg i området rundt Haldenkanalen:
- Det skal gjennomførast ei næringsanalyse med hovudvekt på opplevingsnæringane reiseliv og kulturnæring, der også landbruket vert trekt inn som grunnlag for vidare utvikling av heilårs arbeidsplassar.
- Ein stad- og landskapsanalyse skal danne grunnlag for vidare planlegging og iverksetting av tiltak for å oppfylla målsetttinga for arbeidet med regionalparken.
- Det skal utredast mulige løysingar og effektar av å knyte Haldenkanalen opp mot Dalsland Kanal i Sverige. Ein trur at dette vil auka attraktiviteten og skapa positive ringverknader.
- Ny merkevarestrategi skal utviklast med sikte på å skapa ein klar og attraktiv profil som opphav for produksjon av varer og tenester, som reisemål og for å styrka lokal identitet.
Regionalpark Haldenkanalen eitt av totalt 22 prosjekt i Verdiskapingsprogrammet for Norske lokale og regionale parkar i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD).