Fagområde: Tilflytting

Integrering og rekruttering i Skånland kommune

Dette er eit integrerings- og rekrutteringsprosjekt, med base i bygda Grovfjord med 500 innbyggjarar.

Prosjektet fokuserer på ei utfordring som mange kommunar slit med, nemlig å skaffe relevant kompetanse og arbeidskraft i distriktskommunar. Slik kan dei utvikle metode for å sikre at dei nye innbyggjarane buset seg og bidrar positivt både til samfunns- og arbeidslivet. Næringslivet er aktivt med i prosjektarbeidet.

Det er gjort forarbeid og kartleggingar av utfordringar og mulegheiter, noko som kan sikre god gjennomføringsevne.

Prosjektet fekk tildelt  1,5 millionar kroner i Bulystmidlar i 2012.

Dette prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon. Distriktssenteret har ikkje vurdert prosjektet, og presentasjonen inneheld mindre informasjon enn dei lokale utviklingsarbeida vi har vurdert.