Fagområde: Næringsutvikling

Arbeidsplassar i møtet mellom kultur og næring

Prosjekt med mål om å utvikle nye arbeidsplassar i møtet mellom kultur og næring.

Prosjektet ønskjer å byggje opp ei bærekraftig og profesjonell kulturbasert næring i tett samarbeid med industrien ved Jøssingfjordsenteret og Magma geopark.

Eit av måla er å realisere eit vitensenter for bergverk, geologi, historie med meir i Jøssingfjord. Eit anna mål er å bruke geoparksatsinga til å stimulere til auka interesse for real- og naturfag blant ungdom. Eit tredje mål er å fullføre arbeidet med tilrettelegging og sikring av fire besøksgruver i regionen.

Prosjektet er tildelt 850 000 i bulystmidlar i 2011.

Dette prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon. Distriktssenteret har ikkje vurdert prosjektet, og presentasjonen inneheld mindre informasjon enn dei lokale utviklingsarbeida vi har vurdert.