Vidda vinn

Kommunane Vinje og Tinn satsar på ein vinn-vinn-situasjon når dei går saman om å leggje til rette for verdiskaping i randområda til Hardangervidda nasjonalpark.

Gjennom produktutvikling, marknadsføring og samarbeid ønskjer prosjektet å sette Hardangervidda på kartet, slik at både grunneigarar, villrein, reiseliv og folkesetnad rundt vidda blir vinnarar.

Breitt samarbeid

Brei involvering står sentralt i prosjektet. Deltakarane spenner vidt; frå næringsaktørar, grunneigarar og kommunar til forskings- og utdanningsinstitusjonar. Prosjektet opnar opp for nye samarbeidsformer, som kan kome til nytte for andre prosjekt.

Vil ha fleire turistar

Eit av delmåla er å få fleire sommarturistar til Vinje og Tinn. Då er det viktig med tilrettelagte turar og kvalitet i opplevingar og attraksjonar, i form av turstiar og gjerne med guidar. På denne måten blir ferdsla kanalisert utanfor sårbare område, og ein unngår trafikk i leveområda til villreinen, spesielt i kalvingstida.

Gjere skattane i naturen betre kjent

Med målretta marknadsføring og gode guidar skal turistar frå inn- og utland få tematisk, pedagogisk og fagleg god informasjon om verneområde, flora, fauna, geologi, kulturminne og historie.

Naturarven som verdiskapar

Dette er eit av totalt 15 prosjekt i programmet Naturarven som verdiskapar.

Dette prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon. Distriktssenteret har ikkje vurdert prosjektet, og presentasjonen inneheld mindre informasjon enn dei lokale utviklingsarbeida vi har vurdert.