Fagområde: Bolig og bomiljø

TUN+ – modell for alternativ boligbygging

Gjennom prosjektet TUN+ har Høgskulen i Sogn og Fjordane utarbeidd ein modell for berekraftig bustadbygging på bygda.

Gjennom Tun+ har Høgskolen i Sogn og Fjordane utvikla ein alternativ modell for utforming av bustadområde, basert på heilskaplege miljøprinsipp med omsyn til kulturlandskap, natur, bygningar og menneske. Målet er at miljø- og utbyggingsprinsippa i modellen vil ha overføringsverdi og bli realiserte i konkrete utbyggingar.

Prosjektet har vore eit samarbeid mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune, arkitektkontoret Ola Roald AS og Solund kommune.

Utgangspunktet

Framtidsretta og berekraftig bustadbygging er sentrale problemstillingar både i bygd og by, men modellane og døma handlar oftast om utviklinga i byen. TUN+ prosjektet sler fast behovet for også å få fram og synleggjere modellar og løysingar for berekraftig bustadbygging i strok med spreidd busestnad og typiske bygdemiljø.

Det sosiale og miljøvenlege klyngetunet

TUN+ modellen som er utvikla, tek utgangspunkt i heilskaplege miljøprinsipp. Inspirert av tradisjonelle klyngetun, har prosjektet utvikla ein modell som tek omsyn til miljø, natur, lokal identitet og bumiljøet sin sosiale funksjon for folk som bur der. Tunet skal ivareta landskapet og naturen rundt seg, bygningane skal byggast etter miljøstandardar og det samla bumiljøet tilbyr felleshus- og område, i tillegg til hus og skjerma uteplassar for kvar og ein.

Behov for alternative buformer

Når klyngetunet er valgt som inspirasjonskjelde, er det med fokus på å utvikle utbyggingsprinsipp som kan møte det sosiale behovet dei fleste menneske har, og som typiske bumiljø i  spreiddbygde strok kan mangle.

For sjølv om mange framleis ønskjer seg ein tradisjonell einebustad med stor hage, peikar trendar og utviklingstrekk mot eit aukande behov for ulike buformer og meir variasjon med omsyn til grupper i ulike livsfasar.

Fortetting som prinsipp

TUN+ prosjektet peikar på fleire fordeler ved å planlegge etter klyngetun-prinsippet. Heilskapleg planlegging av fleire funksjonar, ei samla og konsentrert utbygging av infrastruktur med kortare utbyggingsperiodar og god utnytting av areal. Slike omsyn er særleg viktige i distrikta, der konfliktar rundt jordvern og små bustadmarknader kan utfordre bustadutviklinga.

Konkrete utbyggingsplanar

Prosjektet er no avslutta og har nådd målsettinga om modellutvikling. Samstundes har modellen teke utgangspunkt i to definerte utbyggingsområde, som framover kan gje konkrete utbyggingar som resultat. Både i kommunane Solund og Sogndal er det, parallellt med modellutviklinga, ferdigstilt reguleringsplanar i tråd med prinsippa.

I Solund er arbeidet følgd tett av kommunen, som i dialog med private utbyggarar no vurderer bygging av eitt TUN+ hus, i den vetle grenda Ytrøygrend.

Nasjonalt prosjekt med regional støtte

I 2010 fekk TUN+ prosjektet 650.000 kroner frå den nasjonale satsinga Bulyst, i tillegg til støtte frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. At modellen kan overførast og tilpassast til andre distrikts-regionar og mot ulike målgrupper har vore viktig, og er framheva i tildelinga.

Delte erfaringar «Mellom bakkar og berg»

Læring og erfaringsoverføring var også bakgrunnen for at Distriktssenteret, Husbanken og Sogn og Fjordane fylkeskommune, i 2012, samarbeidde med Høgskulen i Sogn og Fjordane, om ei erfaringssamling rundt berekraftig bustadbygging i distrikta. Samlinga i Solund tok opp relevante problemstillingar, synleggjorde døme frå ulike regionar og ga eit godt innblikk i TUN+ modellen. Erfaringssamlinga er eitt av dei konkrete resultata frå TUN+ prosjektet, som kan styrke framtidsretta planlegging i distriktskommunar frametter.

Hovedmål

Utvikle ein alternativ modell for bustadbygging basert på miljøomsyn og tunprinsippet

Delmål

Bidra til konkret utbygging av alternative bustadområde,som visningsanlegg og gode føredøme.

Prosjektet er avslutta og Distriktssenteret presenterer arbeidet med oppdatert og grunnleggande informasjon, men dette er ikkje sluttvurdert.

TUN+ prosjektet er avslutta og har nådd målsettinga om å utvikle ein modell for alternativ bustadbygging, basert på miljøomsyn og klyngjetunprinsippet der den lokale stadidentiteten blir utnytta og forsterka.

Parallellt med modellutviklinga er det utarbeidd reguleringsplanar for to område, i Solund og Sogndal, som på sikt kan gje konkret utbygging etter prinsippa i TUN+. I Solund har kommunen vurdert realisering av eitt TUN+ hus, i samarbeid med lokale næringslivsinteressentar.

Konkrete utbyggingar vil auke effekten av TUN+ prosjektet, både lokalt og som overført læring til andre prosjekt.