Distriktssenteret har kartlagt samarbeid og resultat i seks regionalparker. Les rapport: Regionalparker i Norge – hva er oppnådd og hva er merverdien?
Ein regionalpark er ikkje det same som ein med nasjonalpark. Målet med ein regionalpark er å skapa ein balanse mellom det å ta vare på natur- og kulturverdiar, og samstundes møta dei behova som lokalbefolkninga har gjennom berekraftig bruk.
Det er regionane sjølve som vel å gå saman om etableringa av ein regionalpark. Samarbeid med kommunane, reisemålsselskap og næringslivet er svært viktig for å få dette til å fungere godt.
Parkane arbeider mellom anna med å sikra at:
- ein får til eit langsiktig samarbeid lokalt og regionalt
- ein får til eit eigarskap og engsjement for fellesgodene
- ein ivaretek landskap
- det blir utvikla merkevare for lokale produkt og opplevingar
Desse deltek i programmet
Lokalsamfunn, styresmakter og næringsliv med interesse for å ivareta og videreutvikla natur- og kulturverdiar i eit definert landskaps- og identitetsområde deltek i programmet.
Hausten 2012/2013 delte Kommunal- og moderniseringsdepartementet ut midlar til desse 22 områda:
- Dokka-Etna-Randsfjorden regionpark – natur og kultur
- Finnskogen natur & kulturpark – under etablering
- Geirangerfjorden verdsarv – grøn fjord – vår regionale parkforvaltning og modell
- Haldenkanalen – ein stadanalyse
- Lister regionalpark – frå hav til hei
- Magma geopark – verdiskapning og næringsutvikling i Magma Geopark
- Norefjell regionalpark – frå fjord til fjell
- Numedal regionalpark – sammen står vi sterkere – forstudie
- Naustdal/Gjengedal LVO – forstudie
- Nærøyfjorden verdsarvpark – revisjon av parkplan for Nærøyfjorden verdsarvpark
- Okstindan natur- og kulturpark – ein unytta ressurs!
- Rendalen Park – park som verktøy for samfunnsutvikling
- Solund kulturlandskapspark – forprosjekt
- Stalheim landskapspark – forprosjekt frå øl til bord
- Telemarkskanalen – verdiskaping basert på særprega natur- og kulturressurser i kanallandskapet
- Tjøtta – Alstahaug landskapspark – forprosjekt
- Valdres natur- og kulturpark – hytte i Valdres
- Varangerhalvøya – natur- og kulturpark som samarbeidsmodell
- Vefsna regionalpark – under etablering
- Vesterålen regionalpark – fjordfolk under Møysalen
- Vikebygd landskapspark – næring og trivsel i Vikebygd Landskapspark
- Åkrafjorden landskapspark – tilrettelegging av opplevingssenter ved Langfoss
Distriktssenteret si rolle
Distriktssenteret si rolle i arbeidet med lokale og regionale parkar er å vera rådgjevar og veiledar for dei parkane som får stønad gjennom verdiskapingsprogrammet. Vi skal og bygga kunnskap og formidla erfaringar frå prosjekta som får stønad.
Kontaktpersonar i Distriktssenteret: Roar Werner Vangsnes og Bjørn Richard Jensen.
Verdiskapingsprogrammet for lokale og regionale parkar er i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD).
Kontaktpersonar i KMD
Knut Ove Nordås 22 24 70 49
knut-ove.nordas@kmd.dep.no
Judith Kortgård 22 24 70 35
judith.kortgard@kmd.dep.no
Arbeidet med lokale og regionale parkar er under utvikling
Med lanseringa av verdiskapingsprogrammet blir parkarbeidet sett endå sterkare på dagsorden. Sidan midten av 2000-talet har det vakse fram lokale og regionale parkar i Norge med inspirasjon frå m.a. Frankrike og Sveits.
Les meir om lokale og regionale parkar hos Norske Parker og i notatet «Regionalpark som utviklingsstrategi» (Telemarksforsking 2008).