Hopp over meny
Hopp over innhold

Ungdommens distriktspanel

Våren 2021 leverte 10 ungdom mellom 14 og 23 år 10 råd om framtidas distriktspolitikk til regjeringa. Les alle råda her.

Ungdommens distriktspanel ber om at

Om Ungdommens distriktspanel

Ungdommens distriktspanel var sett saman av 10 ungdommar, som representerer kvart sitt fylke:

Troms og Finnmark: Tobias Eriksen, Båtsfjord

Nordland: Marthe Øijord, Meløy

Trøndelag: Kennet Tømmermo Reitan, Røyrvik

Møre og Romsdal: Nikola Bileska, Averøy

Vestland: Hans Christian Andersen-Knudsen, Sogndal

Rogaland: Trym Talgø Olsen, Eigersund

Agder: Siri Heimdal Knudsen, Kristiansand

Vestfold og Telemark: Anne Snarteland, Fyresdal

Viken: Cecilie Skrindo, Ål

Innlandet: Sofie Persdatter Sangnæs, Gran

Arbeidet i panelet

Ungdommens distriktspanel organiserte arbeidet sitt i samarbeid med Distriktssenteret. Dei fleste samlingane vart gjennomført digitalt, men det har også vore nokre fysiske samlingar i arbeidspreioden frå januar 2020 til april 2021. Det er gjort eit stort arbeid for å samle inn kunnskap om det å vere ungdom i distrikta.

Ungdommens distriktspanel har arbeidd med tenestedesign som metode, og har undervegs i arbeidet både samla innsikt frå ungdom, teke i bruk ny forsking og testa ut forslaga sine på ungdom over heile landet..

Bakgrunn for panelet

I Granavolden-plattformen sa regjeringspartia at dei vil:

"Sette ned et ungdomspanel som skal gi råd til regjeringen i aktuelle saker som for eksempel integrering, psykisk helse og frafall i videregående skole." 

Panelet er forankra i Meld. St. 5 (2019-2020) Levende lokalsamfunn for fremtiden - Distriktsmeldingen.

Distriktssenteret fekk ansvar for å rekruttere, organisere og legge til rette for arbeidet i Ungdommens distriktspanel.

Deltakarane i Ungdommens distriktspanel var mellom 14 og 23 år når arbeidet i panelet starta. Dei blei sett saman av ein representant for kvart av dei nye fylka utanom Oslo, og representerte stor breidd både i kjønn, bakgrunn og interesser.

12 personer stilt opp som i et klassebilde. Foto.
Ungdommens distriktspanel samla til oppstart hos statsministeren og kommunalministeren 17. januar 2020. Foto: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Spørsmål om Ungdommens distriktspanel?

Se alle ansatte

Anne Irene Myhr

E-post: [email protected]

Telefon: 481 68 279

Dan-Erik Aggvin

E-post: [email protected]

Telefon: 924 77 147

Tilbake til sidetopp
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd for Mac). Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.