Krafta i sosiale nettverk
Manglande sosiale nettverk er ei stor utfordring for alle tilflyttarar. Deltaking i sosiale nettverk og fellesskap er viktig for opplevingar folk har av ein stad. Samstundes har innvandrarar særlege utfordringar. Dei skal gjerne bli kjende med kultur og levemåte, i tillegg til folk på staden og deira veremåte.
Frå studiar om utanlandsk tilflytting veit vi at innvandrarar som blir kjende med folk som
bur på staden og tek del i det sosiale livet på staden, lettare finn seg jobb, tek utdanning og etablerer seg i eigen bustad. Tilgangen til sosiale nettverk er difor ein viktig faktor for vellukka inkludering, auka busetnad og deltaking. Mangel på samhandling kan føre til at innvandrarane og lokalbefolkninga lever side om side, i staden for saman i eit breitt fellsskap.
Globale møtestadar i småbyen
Mange sosiale nettverk i småbyane kan vere godt forankra og satt saman av menneske som har kjent kvarandre i lang tid. Å opne desse nettverka for nye innbyggjarar og samstundes skape grobotn for at nye nettverk oppstår, stiller krav til ulike typar møteplassar. Mange innvandrarar har tradisjon for at det sosiale livet føregår i det offentlege rommet. Kaféar og eteplassar kan fungere som slike uformelle arenaer.
Samstundes er det også behov for ikkje-kommersielle møteplassar, som inviterer til aktivitet og til kontakt mellom menneske – på tvers av etniske, sosiale og kulturelle skilje. Biblioteket er ein slik arena, og fleire kommunar satsar på å utvikle biblioteket som ein viktig møteplass for alle. Kyrkja og andre religiøse bygningar utgjer også ein viktig arena for fellesskap og sosiale møte mellom ulike kulturelle grupper, og dermed også for inkludering av innvandrarar.
Attraktive og berekraftige bumiljø
Ein aukande innvandrarbefolkning utfordrar småbyane til å ta inn den fleirkulturelle dimensjonen i by- og sentrumsutviklinga.
Få innvandrarane aktive i organisasjonslivet
Lag- og organisasjonslivet står sterkt i Noreg, og spelar ei viktig rolle i sosial nettverksbygging. Det er likevel ein liten del av innvandrarane som deltek i organisasjonslivet. Det seier noko om småbyen sitt behov for eit breiare perspektiv på kva det sosiale rommet kan vere for ulike menneske. Utforminga og tilrettelegginga av fysiske møteplassar skal tilfredsstille ulike behov frå mangfaldige brukargrupper. Kunnskapen om korleis småbyen utviklar sine gode fleirkulturelle fellesskap, finst hjå målgruppene sjølve.
Det er særleg viktig for småbyen å invitere innvandrarane til å kome med innspel og vere aktiv med i utviklinga av småbyen. Innvandrarar manglar ofte kunnskap om korleis det norske samfunnet fungerer. Det krevst difor ein annan innsats å involvere dei til å kome med innspel.
Tiltak arbeidsmåtar og verktøy
- Varierte og fleirfunksjonelle parkar/uterom som inviterer til sambruk og samhandling mellom folk med ulik alder, bakgrunn og behov.
- Biblioteket er eit døme på fleirfunksjonelle lokale, som kultursenter og møtestad for frivillegheit og kulturaktivitet i brei form.
- Strategisk bruk av kunst, kultur og handverkstradisjonar som felles språk på tvers av skillelinjer
- Mobilisere frivilligorganisasjonar som sosiale nettverk for nytilflytte i småbyen
- Fokus på at medborgardialog inkluderer og særskilt rettast mot grupper som elles ikkje blir høyrde
Sortland – Kulturfabrikken som møteplass
Sortland kommune har 10.166 innbyggjarar og ligg i Vesterålen, Nordland. Sju prosent av folkesetnaden har innvandrarbakgrunn. Mange studiar peiker på at innvandrarane er særleg opptekne av at det finst sosiale og uformelle møteplassar i sentrum. For å imøtekomme innbyggjarar med ulik kulturell bakgrunn, har Sortland arbeidd med å etablere sosiale og uformelle møteplassar i sentrum.
Kulturfabrikken, som opna oktober 2014, er eit eksempel på dette. Kulturfabrikken inneheld kino, galleri, museum, kulturskule, verkstadar, frivillegsentral og vaksenopplæring, samt to store fleirbrukssalar. Midt i bygget er det bibliotek og kafé. Vaksenopplæringa med norskopplæring for flyktningar ligg i Kulturfabrikken, og er dagleg møteplass. Alle kan bruke delar av kaféen til å ete medbrakt mat, slik at dei blir ein del av den sentrale møteplassen uavhengig av om dei brukar penger eller ikkje. Biblioteket blir brukt mykje av innvandrarar då det er nettilgang der og det er lett å få hjelp av dei tilsette på biblioteket.
Kulturfabrikkens venner har midlar som det kan søkjast om for å dekke leige av lokale i Kulturfabrikken. Innvandrarar bruker huset i stor grad, men deltek mindre på frivillege aktivitetar på kveldstid. Kommunen har satt søkjelys på integrering ved at søknadar som gjelder integrering er prioriterte. Frivillegheitssentralen er ein del av Kulturfabrikken. Dei arrangerer kurs som bringer innvandrarar og nordmenn saman.
I følgje Sortland kommune seier innvandrarar som bur på Sortland at Kulturfabrikken fungerer som ein god møtestad. Dette gjør at dei blir ein del av bybiletet og dagleglivet i bysentrum. Sortland kommune har i val av funksjonar og aktivitetar som ligg i Kulturfabrikken, lagt til rette for at huset skal fungere som ein integreringsarena og ein uformell møteplass – også for innvandrarane.