UNG i Møre og Romsdal

Reel medverknad og synleggjering av moglegheiter for ungdom skal snu fråflyttingsproblematikk i Møre og Romsdal

UNG i Møre og Romsdal er eit prosjekt som blei initiert av Fylkestinget på bakgrunn av fråflyttingsproblematikken til gruppa mellom 20-29 år. Ideen bak UNG er å synleggjere moglegheitene og auke den reelle medverknaden for ungdom i fylket. Fylkeskommunen i Møre og Romsdal er prosjekteigar, og prosjektet varte i 3,5 år i perioden 2007 – 2009. I prosjektet er det lagt vekt på at gode oppvekstvilkår, trivsel i ungdomsåra, eit godt utdanningstilbod på ulike nivå, gode kultur- og fritidstilbod, samferdselstilbod og jobbmoglegheiter er viktige faktorar som påverkar ungdom sin trivsel og ønske om å bu i Møre og Romsdal. Vidare har prosjektet gruppert tiltaka sine under to hovudområde:

  • Auka medverknad for ungdom
  • Synleggjering av moglegheiter i fylket

Prosjektet har lagt vekt på at dersom ungdom skal velje Møre og Romsdal, må dei ha betre kunnskap om moglegheitene som finst i fylket. Det inntrykket ungdom har av heimstaden sin påverkar val av bustad i vaksen alder. Oppleving av reell medverknad er også viktig for å gje ungdom identitet til heimstaden.

Tiltak med fokus på medverknad

I prosjektet er det jobba systematisk for å gje ungdom auka medverknad. UNG prosjektet har prioritert desse aktivitetane:

Ungdommens fylkesting

Kvart år møter to ungdomar frå kvar kommune i fylket til Ungdommens fylkesting. Det er populært å delta på Ungdommens fylkesting, og media visar stor interesse for arrangementet. På initiativ frå ungdomane sjølv vart det i 2010 teke initiativ til fleire kommunevise samlingar før Ungdommens fylkesting for å diskutere saker dei ville ta opp. Ungdommens fylkesting kårar «Årets ungdomskommune». Dette er ein gjev pris for kommunen og ungdomsrådet i den aktuelle kommune.

Ungdomspanelet i Møre og Romsdal

Ungdomspanelet har ni representantar og vert valde på Ungdommens fylkesting. På tinget lagar ungdomane ein handlingsplan over saker som Ungdomspanelet skal jobbe med komande år. Ungdomspanelet jobbar tett opp mot dei kommunale ungdomsråda. Dei ni representantane har fordelt ungdomsråda i fylket mellom seg. Dei arrangerar møta i Ungdomspanelet ute i dei ulike kommunane, og blir på denne måten godt kjend med ungdomsråda i fylket. Ungdomspanelet er god på å drive marknadsføring for at det er kjekt å vere med i Ungdomspanelet, og på denne måten rekrutterer dei godt nye kandidatar årleg.

Ungdomsråd i alle kommunane

I løpet av prosjektperioden for UNG er det etablert ungdomsråd i alle kommunane i fylket. Gjennom prosjektet er det lagt vekt på å styrke rolla til koordinatorane for ungdomsråda. Det vert arrangert årlege nettverkssamlingar som skal motivere og auke kompetansen i rolla som koodinator.

Elevrådskonferanse

Gjennom UNG prosjektet er det teke initiativ til årleg elevrådskonferanse for ungdomsskuleelevar og kontaktlærar for elevråda i fylket. Dette for å auke kompetansen til dei som sit i elevråda, og for å motivere elevar og kontaktlærar for arbeid i elevrådet. Dette er eit samarbeid med Elev- og lærlingeombodet i fylket.

Tiltak med fokus på synleggjering

Prosjektet har jobba for å betre kunnskapen om kva for moglegheitar som finst i fylket – både innan fritidstilbod, utdanningstilbod og jobbmoglegheiter. UNG prosjektet har i den samanheng hatt fokus på følgjande aktivitetar:

TV-serie om ungdom

TV Sunnmøre laga ein eigen TV-serie om ungdom i Møre og Romsdal for å synleggjere kva moglegheiter som finst. 16 program blei sendt på TV i heile fylket.

Karrieredagar for 10. klasse

Karrieredagane er eit tilbod til alle 10. klassingane i fylket, der er ein visar fram arbeids- og utdanningstilbod i Møre og Romsdal. Det er etablert eit godt samarbeid mellom offentleg og privat næringsliv, transportnæringa, høgskulane og vidaregåande skular i fylket. Saman har dei fått til eit spennande konsept på ungdomane sine premissar. Ungdomane får teste/prøve korleis yrket er. Vanlig stand med ulike arbeidsplassar er ut. Vidare har utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, i samarbeid med faglærarane, utarbeidd ulike eksempel på undervisningsopplegg for yrkes- og utdanningsval i skulen. Det vert jobba med Ungt Entreprenørskap, Gründercamp, Økonomi og karriereval, Elev- og Ungdomsbedrift.

Spørjeundersøking

UNG prosjektet har utført to undersøkingar i 2007 og 2009 (Møreforskning Volda) blant avgangselevar ved dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal. Fylkeskommunen brukar undersøkinga til å stadfeste to faktorar som skapar bulyst hjå ungdom: trivsel på heimplassen og medverknad i ungdomsråd og elevråd. Undersøkinga gav også signal om tiltak som det må jobbast meir med. Det må jobbast for at arbeid i ungdomsråda vert meir kjent blant ungdom, og opplevinga av reel medverknad gjennom deltaking i ungdomsråd.

UNGweb

Web-sida UNGweb (nede pr 07.02.2020) vert beskrive som ei av dei største suksessane i UNG prosjektet. Web-sida er opningsbilete på alle pc’ar i vidaregåande i fylket. UNGweb legg vekt på synleggjering av Møre og Romsdal sine ungdomstiltak og skal fungere som ein arena for medverknad for ungdom. Ungdomen blir oppfordra til å aktivt seie si meining på nettsida. På denne måten skal nettsida også vere eit verkemiddel til å styrke det lokale ungdomsdemokratiet.

Eierskap, organisering og formell forankring

Møre og Romsdal fylkeskommune er eigar av prosjektet. Prosjektet er forankra høgt i organisasjonen med fylkesordførar, fylkesdirektør og fylkesutdanningsdirektør i styringsgruppa, i lag med leiar av ungdomspanelet og prosjektleiar for UNG. Det har vore liten aktivitet i styringsgruppa med få møter.Styringsgruppa har bevilga nødvendige ressursar til prosjektet gjennom eige budsjett.

Prosjektgruppa har bestått av fagpersonar frå ulike fagmiljø i Fylkeskommunen. Det har vore tilsett ein prosjektleiar i 100 prosent stilling. Ungdom har vore representert i prosjektgruppa gjennom elev- og lærlingeombodet.

Prosjektgruppa har hatt fokus på måla som skulle realiserast gjennom prosjektet, og alle fekk eit sterkt eigarforhold til prosjektet. Vidare jobba prosjektgruppa aktivt ut mot dei etablerte fora for ungdom (ungdomspanel, ungdomsråd) før planlagde tiltak i prosjektet vart sett ut i livet.

Prosjektgruppa la stor vekt på å byggje vidare på tiltak som Fylkeskommunen hadde etablert for ungdom. På denne måten skapte prosjektet forankring i mange kanalar. Det varᅠeigne arbeidsgrupper som jobba opp mot prosjektet som:

  • UNGweb: ein web-protal for ungdom som er opningsbilde på alle vidaregåande skulane i fylket.
  • Demokartiprosjektet 09: prosjekt for å engasjere ungdom i den politiske debatten.
  • Karrieredagar: samling for alle 10.klassingar i fylket.
  • 8. mars arrangement: søkelys på likeverd og likestilling i samfunnet på dei unge sine premissar.

Elev- og læringombodet har vore medlem i prosjektgruppa. I Fylkeskommunen i Møre og Romsdal er dette ein 100 prosent stilling. Denne personen har ein aktiv rolle ut mot elevane i vidaregåande skulane og lærlingane i fylket.

Ressursgruppa har bestått av ungdom og personar i Fylkeskommunen som jobbar med ungdom som målgruppe.

Distriktssenteret meiner forankringa i prosjektet har vore god. Dette til tross for at Styringsgruppa for prosjektet har hatt ein passiv rolle med berre eit møte i prosjektperioden. UNG prosjektet har likevel jobba aktivt med forankring og involvering inn mot Ungdomspanelet, Fylkestinget for ungdom, Ressursgruppa og ulike arbeidsgrupper i eigen organisasjon.

Distriktssenteret stiller spørsmål om forankring inn mot rektorane ved dei ulike skulane har vore like god. Med bakgrunn i spørjeundersøkingane som vart gjort i prosjektet viser desse at mange elever enno ikkje kjenner til UNGweb. Dette kan tyde på at ikkje alle skulane har følgt opp intensjonane om å bruke denne sida som opningsbilde.

Vidare viser spørjeundersøkingane i 2009 ein dårleg svarprosent på 23,2 prosent mot 36,8 prosent i 2007. Dette blir forklart med at ein ikkje klarte å organisere at elevane fekk svare i ein skuletime. Med ei sterk forankring oppover mot ei styringsgruppe ville det kanskje vore enklare å nådd fram med lik informasjon inn mot skulane og rektorane.

Mobilisering, involvering og medvirkning

Målgruppa i prosjektet er ungdom mellom 15-25 år. Prosjektet har hatt ein aktiv rolle ut mot dei ungdomsfora som eksisterer. Dei har brukt Ungdomspanelet aktivt til å få innspel undervegs i prosjektfasen. Alle tiltak er sjekka ut mot ungdom før dei er sett i verk. I tillegg har det vore informasjon om prosjektet på møter der alle rektorane på skulane har vore samla. Til Ungdommens fylkesting møter to representantar frå kvar kommune i tillegg til koordinatorane som sit i kommunen sin administrasjon. Dette har vore ein viktig informasjonskanal ut.

Gjennom dei ulike arbeidsgruppene som jobba i tilknytning til UNG prosjektet, har dette skapt god involvering og medverknad. I samband med Karrieredagane har til dømes næringslivet og høgskulane hatt ein svært aktiv rolle. Elevane ved restaurant- og matfag på Ørskog vidaregåande skule har stått for matservering til 1200-2000 deltakarar under Karrieredagane i fire år. Skulen ser på dette arrangementet som ”vinn-vinn”. Elevane får prøvd seg på eit stort og krevjande arrangement, og dei viser stor entusiasme for oppgåva.

Frå skulen vert det rapportert om motiverte elevar som gjere ein jobb der 10.klasse ungdomar frå heile fylket er målgruppe. Dei viser fram studiestaden sin med stoltheit. For skulen er dette eit glimrande høve til å få reklamert for kokkefaget og er ein viktig del av skulen sitt rekrutteringsarbeid.

Gjennom UNGweb har prosjektet hatt ein direkte kanal ut til ungdomane. UNGweb skal vere opningsbilde på alle pcar i vidaregåande skule i fylket. På denne måten når ein ut med informasjon til 10000 ungdomar. Ungdom har vore med å utforma og designa nettsida. Nettsida legg opp til spørsmål og ber om tilbakemeldingar frå dei unge.

Distriktssenteret ser samstundes at det er krevjande å halde vedlike ein nettportal som skal fenge dei unge. Spørjeundersøkingane som vart gjort i prosjektet i 2007 og 2009, viser at det er enno mange unge som sjeldan eller aldri brukar UNGweb. I 2009 skreiv NIBR ein rapport for Barne- og likestillingsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet med tittelen «Ungdom, IKT og lokaldemokrati«. Her vert det konkludert med at det ikkje er IKT verktøyet i seg sjølv som bidreg til medverknad og engasjement blandt dei unge, men innhald i sakene, kommunikasjonsforma og haldningar og praksis rundt medverknad og deltaking mot dei unge. Dette støtter UNG prosjektet sitt arbeid, der dei erkjenner at det i mange høve er snakk om å innarbeide ein kultur for å involvere ungdom i saker som vedkjem dei.

Elles meiner Distriktssenteret at UNG prosjektet har hatt ein aktiv rolle ut mot ungdom. Dei har stilt seg opne for innspel og gjennom ulike fora skapt ein open og inkluderande prosess.

Kompetanse og menneskelige ressurser

UNG prosjektet har jobba med å utvikle nye tilbod retta mot ungdom, men og med å vidareutvikle og forbetre aktivitetar som allereie eksisterar. Prosjektet har på denne måten krevd ulike metodar og kompetanse for å drive dei ulike tiltaka. Prosjektgruppa har vore samansett av personar med tverrfagleg kompetanse.

UNGweb var tilknytta IT-seksjonen hjå Fylkeskommunen der det var personar med godᅡᅠ kompetanse til å beskrive og styre utviklinga av UNGweb med eit brukargrensesnitt som var tilpassa ungdom.

Karrieredagane har hatt behov for kompetanse og nettverk i forhold til organisering inn mot næringsliv og høgskular. Her har det vore lagt vekt på å utvikle god struktur, rutinar og etablering av nettverk som kan vidareførast årleg.

Distriktssenteret meiner at UNG prosjektet har hatt ein prosjektgruppe med god tverrfagleg kompetanse, og som har jobba godt i forhold til tiltak og framdriftsplanar.

Distriktssenteret ser det som ein mangel at det i prosjektet sin sluttrapport ikkje vert referert til nasjonale rapportar som er skrive kring tematikken ungdom og medverknad.

Kommunens rolle

Kommunane i fylket har ikkje hatt ein aktiv rolle inn mot UNG prosjektet. Men gjennom UNG er det sett i verk tiltak inn mot kommunale ungdomsråd og elevråd som involverar dei ulike kommunane i fylke. Når UNG starta opp, var det 34 kommunar i Møre og Romsdal som hadde ungdomsråd. I dag har alle 36 kommunane ungdomsråd. Gjennom UNG er det lagt vekt på å styrke arbeidet med ungdomsråd i kommunane. Kvart ungdomsråd har ein koordinator frå kommunen. I samband med Ungdommens fylkesting er det laga eige program for koordinatorane, der dei får drøfte felles problemstillingar og utvikle samarbeid på tvers av kommunegrensene. Koordinatorane i kommunen har ein viktig rolle overfor ungdomane i Ungdomsrådet i den enkelte kommune gjennom å tilretteleggje og motivere. På Ungdommens fylkesting får koordinatorane påfyll av idear, kompetanseoverføring, nettverksbygging og erfaringsdeling.

Vidare vert det gitt tilbod til kommunane om elevrådskonferansar for ungdomsskuleelevar i lag med kontaktlærar for elevrådet på skulen. Her er det lagt vekt på at kontaktlærer deltek for å høyre og lære det same som elevrådet om korleis dei kan påverke.

Innsatsen som UNG prosjektet har gjort opp mot ungdomsråda i kommunane, vurderer Distriktssenteret som svært viktig. Ekspertgruppa for Barne- og likestillingsdepartementet støttar også UNG prosjektet på dette punktet, og peikar på i sin rapport på at kompetansebygging, rettleiing og rådgjeving for tilsette i kommuneadministrasjonen er ein føresetnad for at ungdomsråda skal fungere.

Vidare har Barne og likestillingsdepartementet tinga ein rapport hjå NIBR i 2009 som heiter «De unge stemmene«. Denne peikar blant anna på faktorar som må på plass for å få til god medverknad blant unge i kommunane. Utan ein koordinator frå kommunen, vil det ikkje vere mogeleg å oppretthalde eit medverknadsorgan for barn og ungdom.

Fylkeskommunens rolle

For Møre og Romsdal fylkeskommune har UNG vore eit prosjekt der dei har jobba ut mot vidaregåande skular, ungdomsskular, høgskular og næringsliv. Fylkeskommunen har sjølv vore eigar av prosjektet, og har hatt ei prosjektgruppe som har jobba aktivt ut mot målgruppa.

I arbeidet har det heile vegen vore lagt vekt på at tiltak skal inn som ein del av drifta i Fylkeskommunen ved utgang av 2009. UNG prosjektet har skissert organisering av alle tiltak som må forankrast og vidareførast i dei ulike fylkeskommunale avdelingane.

Distriktssenteret meiner at UNG prosjektet har vore ein god arena for Fylkeskommunen å vise seg som regional utviklingsaktør. Spørjeundersøkingane viser også at arbeidet har bidratt til å auke kjennskapen til Fylkeskommunen og det dei gjere for ungdom i fylket.

Målformulering

UNG prosjektet blei initiert på bakgrunn av fråflyttingsproblematikken til gruppa mellom 20-29 år. For å snu trenden, ville ein byggje identitet og tilhørigheit for ungdom som veks opp.

Basert på dette, vart hovudmåla i prosjektet:

  • Auke reell medverknad for ungdom mellom 15-25 år
  • Synleggjere moglegheiter for ungdom i fylket.

Prosjektet har vidare brote hovudmåla ned i konkrete og målbare objektmål for kvart år i prosjektperioden (står opplista i sluttrapporten) og angitt effektmål innan programperiodens utløp i 2010.

Effektmåla seier noko om resultat av prosjektet i eit 3-5 års perspektiv.

Effektmåla for prosjektet er:

  • Fleire unge mellom 15-25 år tek del i medverknadsprosesser i kommunar, skular, organisasjonar og næringsliv.
  • Kommunar, skular, organisasjonar, næringsliv og ungdom mellom 15-25 år i fylket har fått betre kunnskap om organisasjonen Møre og Romsdal fylke sine prosjekt og tiltak retta mot ungdom.
  • Gjennom å synleggjere moglegheiter og auke medverknaden for unge skal programmet på lang sikt føre til at fleire unge mellom 15-25 år vel å bu i Møre og Romsdal

Distriktssenteret opplever at objektmåla i prosjektet er klare og realistiske. Prosjektgruppa har jobba godt med milepæler og rapportering undervegs i prosjektet.

Distriktssenteret saknar ei omtale av korleis Fylkeskommunen vil følgje opp effektmåla etter prosjektperiodens slutt. Vil dei på lengre sikt sjå ei positiv endring på fråflyttingsstatistikken blandt aldersgruppa 20-29 år, og kan dette i så tilfelle sjåast i samanheng UNG prosjektet?

Resultat og effekt

Ved oppstart i 2006 var det 34 kommunar som hadde ungdomsråd. I dag har alle 36 kommunane i fylket ungdomsråd. Gjennom UNG prosjektet er det etablert nettverk for koordinatorane til ungdomsråda i kommunane. I nettverka har ein fått drøfta felles problemstillingar og utvikla samarbeid på tvers av kommunegrensene.

Gjennom etablering av UNGweb i prosjektet, når ein ei stor gruppe ungdomar med å ha likt oppstartbilde på alle pcane i vidaregåande skule. Møre og Romsdal fylke kom på topp i deltaking av skulevalet i 2009, der årsaka blir direkte knytta til denne websida.

Evaluering av Karrieredagane viser at ungdom har auka sin medvit på kva yrker og høgare utdanning som finst i fylket. Næringsliv har og blitt meir kjend med ungdomane i fylket, og organisasjonen Møre og Romsdal fylkeskommune.

Møre og Romsdal fylkeskommune har gjennom prosjektet blitt meir merksame på ungdom og deira ressursar, og brukar ungdom i større grad enn tidlegare for å høyre kva dei meiner om saker som vedkjem ungdom. I april 2010 vedtok Fylkestinget at Ungdomspanelet skulle få full møte- og talerett i Utdanningsutvalet.

Hovudmålaᅠfor prosjektet var å auke reell medverknad for ungdom mellom 15-25 år og synleggjere moglegheiter for ungdom i fylket. Distriktssenteret meiner prosjektet har gjort mange tiltak som har bidrege til dette. Prosjektet har hatt ein engasjert prosjektgruppe som har hatt stort driv over tiltaka. Ei utfordring er å få desse tiltaka over i ein meir ordiner drift. Prosjektet har hatt fokus på dette heile vegen, og vore tydelig på korleis ting skal førast vidare.

Distriktssenteret meinerᅠeffektmålaᅠi prosjektet vil vere spennande å følgje opp på litt lengre sikt. Prosjektet har ikkje omtalt nokre form for målingar knytt til dette.

Nyskapning og kreativitet

UNGweb er utvikla i prosjektet og er ei webside for ungdom. Nettsida legg vekt på å synleggjere Møre og Romsdal sine ungdomstiltak og fungerar som ein medverknadsarena for ungdom. Sida blir brukt som oppstartsbilde på alle pc’ane i dei vidaregåande skulane i fylket.

Arrangementet Karrieredagane har vore vidareutvikla gjennom prosjektet. Det er lagt opp til større involvering for ungdomane. Før blei dei møtt med stand frå næringslivet som presenterte sin arbeidsplass. No vert det stilt krav til aktørane at elevane skal få teste/prøve/kjenne på korleis yrket eigentleg er. Dette har skapt mange kreative løysingar der elevane får delta aktivt under arrangementet.

Matserveringa under arrangementet er det elevar frå restaurant- og mataget ved Ørskog vidaregåande skule som står for. Her jobbar ungdom for andre ungdomar, og på denne måten marknadsfører sin eigen studieplass og bidrar til rekrutteringsarbeid.

Distriktssenteret meiner at utvikling av UNGweb som ein arena for å informere og involvere ungdom i saker som vedkjem dei, er ei spennande nyskaping i samband med prosjektet. Her er det utvikla ei teneste for å treffe ungdom på alle vidaregåande skulane. Ei spørjeundersøking i 2009 viser at det er enno ungdom som ikkje brukar nettsida, og at Fylkeskommunen må jobbe vidare med marknadsføring ut mot dei vidaregåande skulane.

Når det gjeld Karrieredagane, meiner Distriktssenteret at prosjektet har vidareutvikla arrangementet i ei svært positiv retning. Det er her lagt opp til involvering og aktivitet for elevane, og at dette er ein god måte å bli kjend med ulike utdanningstilbod og arbeidsplassar i fylket.

Læringsverdi

Distriktssenteret vil trekke fram måten UNG prosjektet har jobba med systematisk medverknad for ungdom som ein viktig læringsverdi. For å betre ungdomsdemokratiet i fylket, har prosjektet hatt fokus på allereie etablerte fora som elevråd, ungdomsråd, Ungdomens fylkesting og Ungdomspanelet. For å styrke ungdomsråda i alle kommunar vert det arrangert årlege nettverkssamlingar for alle koordinatorane til ungdomsråda. I UNG prosjektet har dei erkjent at i mange høve er det snakk om å innarbeide ein kultur for å involvere ungdom i alle saker som vedkjem dei.

Ei ekspertgruppe nedsett av Barne- og likestillingsdepartementet (januar 2008) legg i sin rapport «Ungdoms fritidsmiljø, demokrati og deltakelse for ungdom» vekt på betydningen av systematisk arbeid inn mot ungdomsråd, og at koordinatoren har ein svært viktig rolle. Dette støtter tiltaka som UNG prosjektet har lagt vekt på.

Utvikling av nettsida ᅠUNGweb (nede pr 02.07.2020) kan vere av stor interesse og ha overføringsverdi for andre. Her vert det lagt ut informasjon til ungdomen, og dei blir oppfordra om å seie si meining og kome med innspel. Nettsida er er ein viktig kanal for å synleggjere innsatsen ungdom gjere i fylket. UNGweb er startside på alle pc’ar i vidaregåande skular i fylket og er dermed opningsbilde til 10000 elevar. Ungdomen har sjølv vore med på å utforma design, innhald og bruksområde.

Distriktssentet vil også trekke fram arbeidet prosjektet har gjort for å synleggjere moglegheitene fylket har for ungdom. I den samanheng er det gjort forbetringar knytt til Karrieredagane som vert arrangert for alle 10.klassingane i fylket. Før stilte næringslivet og høgskulane med stand og fortalte kva dei kunne tilby. No er det stilt krav til aktørane at elevane skal få teste/prøve/kjenne korleis yrket eigentleg er. Dette er ein spennande måte å synleggjere arbeids- og utdanningstilbodet i fylket for dei unge.

Mål og resultat

Distriktssenteret meiner UNG prosjektet er ein viktig start på eit langsiktig arbeid. Det å gje ungdom reell medverknad krev systematisk arbeid på mange nivå. Det kjem årleg nye ungdomskull som må bli inkludert og motivert til å bidra aktivt. Eit døme på at ungdom blir sett og høyrt er at Fylkestinget vedtok i april 2010 at Ungdomspanelet får full møte- og talerett i Utdanningsutvalet. Eit vedtak som viser at ein opnar arenaer som er viktige for ungdomen.

I løpet av prosjektperioden vart det etablert ungdomsråd i 36 kommunar i fylket. Møre og Romsdal kom på topp i deltaking av skulevalet 2009, noko som vart knytta til UNGweb som direkte årsak. I tillegg viser evalueringar frå Karrieredagane at ungdom har auka sin medvit på kva yrker og høgare utdanning som finst i fylket.

Prosess og vurderingar

Prosjektet har hatt ein god og aktiv prosjektgruppe som har gjennomført mange tiltak. Dei har klart å skape ei brei forankring i prosjektet gjennom å involvere allereie etablerte fora for ungdom. Internt i Fylkeskommunen har det vore oppretta ein ressursgruppe på tvers av avdelingar og der ungdom har vore trekt inn. Denne har bidratt til sterk forankring internt mot dei som jobbar med ungdom. Styringsgruppa for prosjektet har hatt ein passiv rolle, utan at vi kan peike på klare konsekvensar dette har hatt for prosjektet.

Gjennom prosjektet vart UNGweb utvikla. Distriktssenteret meiner det var eit viktig grep å trekkje inn ungdom i utforming og design av nettsida. Prosjektgruppa jobba lojalt med at alle tiltak skulle vere sjekka ut med ungdom før dei vart sett ut i livet. Ungdomspanelet og dei ulike arbeidsgruppene vart aktivt brukt. Distriktssenteret meiner dette var viktige signal om at ein tok ungdom på alvor.

Distriktssenteret vil trekke fram sluttrapporten som prosjektet har skrive. Her er det laga ein god beskrivelse av prosjektet, og denne kan vere til inspirasjon for andre fylkeskommunar og kommunar som jobbar med ungdom og medverknad.

I prosjektperioden har det vore sendt ut to spørjeundersøkingar til ungdom i vidaregåande skule. Distriktssenteret stiller spørsmål ved at Fylkeskommunen har godteke ein så dårlig svarprosent som 23,2 prosent i 2009, og at dette skuldast problem rundt utsendinga. Med ein høgare svarprosent ville denne kunne gitt mykje meir pålitelege svar på effektar knytta til UNG prosjektet.

Vegen vidare

I sluttrapporten for UNG prosjektet er det laga ein plan for korleis arbeidet skal vidareførast. Internt i Fylkeskommunen må det sikrast forankring for vidare ungomssatsing og prioritering. Det er tildelt ressursar for å vidareføre arbeidet med UNGweb. Det er også tildelt ressursar til det systematiske arbeidet inn mot ungdomsråda i kommunane og koordinatorane deira, Ungdomspanelet og ungdomens fylkesting. Informasjonsstrategien i Fylkeskommunen må vise at ungdom er ei viktig målgruppe. Det gode nettverket i samband med Karrieredagane mellom Fylkeskommune, privat og offentleg næringsliv og høgskulane må vidareførast, og det må tildelast nok midlar til å gjennomføre denne satsinga årleg.

Distriktssenteret har god tru på det arbeidet Fylkeskommunen i Møre og Romsdal har gjort for ungdom gjennom tiltak dei har iverksett i UNG prosjektet. Dei har gjennom prosjektet sett fokus på at dei ønskjer ungdom sitt syn i saker, og jobba systematisk for å forbetre dei fora der ungdomen er aktiv. Spørjeundersøkinga i tilknytning til prosjektet i 2009 viser samstundes at det framleis krev kontinuerleg jobbing for at endå fleire ungdomar skal kjenne til UNGweb, arbeidet ungdomsråda gjere i kommunane og jobbmoglegheitene i fylket.