Etablere rutinar for velkomst av innflyttarar
Tilflyttarprosjektet er eit toårig prosjekt som skal utarbeide og setje i verk tiltak for å ta vel i mot og integrere tilflyttarar frå Noreg og utlandet, og legge best mogleg til rette for trivsel og varig busetnad i Sunnfjordregionen. Gjennom auka samarbeid over kommunegrensene skal regionen framstå som eit attraktivt bu- og arbeidsmarknadsområde. Prosjektet skal syte for etablering av rutinar for velkomst og integrering av innflyttarar i kommunane, samt felles profilering av Sunnfjord. Dette er forankra i kommunane i form av prosjektavtale signert rådmennene.
Omslagsmappe til nye husstandar
Service-/tenestetorga sender ut informasjon til nye husstandar i ei omslagsmappe som prosjektleiar har utarbeidd. Omslagsmappa er felles for kommunane og profilerer Sunnfjord. Innhaldet i mappene varierer mellom kommunane med velkomsthelsingar frå ordførarane og aktuelle brosjyrar, medan andre ting er felles som sunnfjordfilm, ruteinformasjon og eit månadsabonnement frå lokalavisene mm. Det er også utarbeidd julekort og diverse profileringsartiklar som t-skjorter, portopad, nøkkelringar og dokumentmapper som blir nytta til å marknadsføre Sunnfjordregionen.
Synleggjering av tenestetilbod og kvalitetar
Prosjektet ønskte å synleggjere tenestetilboda i kommunane og kvalitetane ved regionen for at tilflyttarane raskt skal kunne orientere seg i moglegheitene som var i regionen og knyte kontaktar. I det vidare arbeidet var det ønskjeleg med ulik møteverksemd som skulle verte arrangert i tilknyting til samarbeid, velkomst og integrering.
Tiltaka prosjektet sette i gong samsvarar med Stortingsmelding nr. 25, som understrekar at lokalsamfunn i tillegg til arbeidsplassar og gode tenester, også må ha evne til å ta imot og inkludere tilflyttarar frå Noreg og utlandet. Det er oppretta eigen stilling for denne typen arbeid.
Aktivitetar
- Arrangement utanfor kommunen for å rekruttere folk
- Brev til potensielle tilflyttarar
- Deltatt på utstillingar/stand
- Integreringstiltak for tilflyttede
- Kampanje for å skaffe arbeidskraft/synliggjere jobbmogelegheiter
- Samarbeid med næringsliv og/eller frivillige organisasjonar for å gjere staden attraktivt
Viktigaste salgsargument
- Godt oppvekstmiljø
- Sentral beliggenhet
- Arbeidsplasser
Samarbeidspartnarar
- Sogn og Fjordane Fylkeskommune
Hovedmål
Målgrupper
- Høgt utdanna arbeidskraft/arbeidskraft med spesifikk kompetanse
- Ungdom
- Potensielle tilbakeflyttarar
- Flyttarar frå storbyar
Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner
Tilflytting i Sunnfjord er presantert med grunnleggjande informasjon utan vurdering frå Distriktssenteret. Tiltaket inngår som ein del av ”Katalog over tilflyttingsarbeid i distriktene”. Arbeidet er ein del av eit større prosjekt ”Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner”, som Ideas2evidence og Norut gjennomførar på oppdrag frå Distriktssenteret.