Småbruksprosjektet i Valle

Småbruksprosjektet skal bidra til at minst 10 fråflytta bruk i Valle får fast busetting.

I Valle kommune er det registrert omlag 100 små og store småbruk utan fast busetting. Nasjonale undersøkingar har vist at mange kan tenkje seg og kjøpe og flytte til slike småbruk. Men sjølv om dei står tomme og uutnytta, er dei ofte vanskelege å få kjøpt.

Småbruksprosjektet i Valle skal bidra til at fråflytta småbruk får fast busetting og at dei som flytter hit finn seg arbeid, eller har med seg sin eigen arbeidsplas. Prosjektperioden vara frå hausten 2009 – 2012, med mål om å bidra til at minst 10 fråflytta bruk får fast busetting.

Aktiviteter

  • Arrangement utanfor kommunen for å rekruttere folk
  • Arrangement i kommunen for å stimulere bortebuarar til å flytte heim
  • Eigen nettstad
  • Delteke på utstillingar/stand
  • Kampanje for å synliggjere regionen som busetjing
  • Samarbeid med næringsliv og/eller frivillige organisasjonar for å gjøre staden attraktivt

Viktigste salgsargument

  • Gode oppvekstvilkår
  • Friluftsliv
  • Gode tenestetilbod

Samarbeidspartnere

  • Aust- Agder Fylkeskommune
  • Setesdal regionråd

Hovedmål

Bidra til at fråflytta småbruk får fast busetting.

Målgrupper

  • Arbeidskraft generelt
  • Kvinner
  • Ungdom
  • Barnefamiliar

Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner

Småbruksprosjektet i Valle er presantert med grunnleggjande informasjon utan vurdering frå Distriktssenteret. Tiltaket er ein del av ”Katalog over tilflyttingsarbeid i distriktene”. Arbeidet er ein del av prosjektet ”Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner”, som Ideas2evidence og Norut gjennomførar på oppdrag frå Distriktssenteret.