Fagområde: Tilflytting

Liv i Vinje

Auke trivsel og livskvalitet for dei som bur i Vinje skulekrins.

Prosjektet Øyfjell City vart starta av «fem som valde å ikkje sitje mumlande i krokane medan potensielle heimatt- og tilflyttarar sonderte bu-terrenget heilt andre stader i vårt langstrakte land». Prosjektet satsa friskt og framtidsretta mot å auke folketalet, auke trivselen og auke talet på arbeidsplassar i bygda. Med seg fekk dei ein ivrig dugnadsgjeng med tru på at det nyttar å stå rakrygga imot flyttestraumen inn til meir urbane delar av landet.

Prosjektet inkluderte mellom anna ein prøvebustad. Resultata viser at prosjektet har lukkast der det mellom anna er kome tre nye heimar (8 personar). I tillegg har 12 husstandar (22 personar) også flytta til Øyfjell i prosjektperioden. Til saman utgjer dette 30 personar.

Liv i Vinje er eit anna prosjekt der målet er å auka trivsel og livskvalitet for dei som bur i Vinje skulekrins. Det skal leggjast til rette for opparbeiding av nye tomter, ny busetnad og rørsle i ein sovande bustadmarknad og legge til rette for nye næringsetableringar. Det langsiktige målet er å auke folketalet og sikre beste skule- og fritidstilbod for ungane i Vinje skulekrins. Arbeidet er integrert i eksisterande stillingar.

Aktiviteter

  • Arrangement utanfor kommunen for å rekruttere folk
  • Arrangement i kommunen for å stimulere bortebuarar til å flytte heim
  • Tilrettelegging av bustader for tilflyttarar
  • Kampanje for å synleggjere regionen som bustad
  • Eiga nettside
  • Fellesmiddag kvar måndag

Viktigaste salsargument

  • Livskvalitet
  • Godt oppvekstmiljø
  • Kulturtilbod

Samarbeidspartnarar

  • Grende- og bygdelag
  • Telemark fylkeskommune
  • Fylkesmannen i Telemark
  • Frivillege lag og organisasjonar Grende- og bygdelag

Hovudmål

Auke trivsel og livskvalitet for dei som bur i Vinje skulekrins.

Målgrupper

Alle typar innflyttarar

Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommunar

Liv i Vinje er presentert med grunnleggjande informasjon utan vurdering frå Distriktssenteret. Tiltaket er ein del av ”Katalog over tilflyttingsarbeid i distriktene”. Arbeidet er ein del av prosjektet ”Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner”, som Ideas2evidence og Norut gjennomfører på oppdrag frå Distriktssenteret.