Fagområde: Samfunnsplanlegging

Kunnskap kryssar grenser

Kunnskap kryssar grenser (KXG) handlar om å ta i bruk nettet til å formidle og dele kunnskap, samtidig som ein sparar tid, pengar og skånar miljøet for utslepp. Målet med prosjektet er at videokonferansar og nettoverføring skal bli hovudregelen heller enn unntaket i privat og offentleg sektor.

Både arbeidsgjevarar og miljøet tener på at tilsette reiser mindre. Prosjektet ”Kunnskap kryssar grenser” går ut på å ta i bruk videomøte og nettoverføring i større grad. Slik kan ein dele kunnskap via nettet og samtidig redusere reiseaktivitet og CO2-utslepp.

Forprosjekt

Gjennom eit forprosjekt i 2010 sett i gang av Innovasjon Norge, Sogn og Fjordane, avdekka Vestlandsforsking, IT-forum Sogn og Fjordane og andre eit stort potensial for å overføre fleire seminar og konferansar på nettet. Tanken var at fleire nettoverførte arrangement ville gje fleire tilgong på ny kunnskap. Ikkje minst gjeld dette kunnskapsarbeidarar i distrikta. Forprosjektet viste òg at meir kunnskapsdeling på nettet kunne føre til mindre reising, med openberre gevinstar for tilsette (mindre reisetid), arbeidsgjevarar (økonomisk innsparing) og miljøet (reduserte utslepp). Forprosjektet fekk etablert nettstaden kxg.no, ein portal med oversikt over komande og tidlegare arrangement.

Kunnskap kryssar grenser held i 2011 fram som eit nytt prosjekt i regi av Vestlandsforsking, med finansiering frå Transnova. Fokuset er det same – å auke bruken av nettoverføring og videomøte, men no med vekt på miljøgevinsten og dokumentering av sparte utslepp. Verksemdene som er med skal difor registrere kor mykje CO2 dei ”sparer” ved hyppigare bruk av videomøte og nettoverføring. Partnarane er Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge Sogn og Fjordane, Lotteri- og stiftingstilsynet, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Teknologirådet.

Ikkje-teknologiske barrierer må bort

Å fjerne teknologiske hindringar er éi viktig oppgåve. Verksemdene må vite korleis dei i praksis kan få til å filme og overføre arrangement på nettet, kva for ekstern hjelp dei kan hyre og kva utstyr som trengst. Mange ikkje-teknologiske barrierar må òg bort. For å få tilsette til å velje videokonferanse og nettoverføring i staden for ei fysisk reise, bør arbeidsgjevarane utarbeide ein strategi eller nye retningsliner, leggje til rette gjennom utstyrskjøp og generelt gjere det lett for dei tilsette å følgje opp vedtekne målsetjingar.

Fordi det finst få kommersielle tilbydarar nettoverføringar, skal prosjektet stimulere til auka nettbruk gjennom økonomisk støtte til nettoverføringar. Innovasjon Norge skal særleg jobbe med å skape eit kommersielt grunnlag og ein marknad for nettoverføringar.

Kutt i reisebudsjett har vist seg å vere eit effektivt verkemiddel for å få opp bruken av nettoverføring og videokonferansar, som Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har erfart. Målet er at alle verksemdene i prosjektet skal kutte reiseomfanget med 5-10 prosent i løpet av 2011, men dei definerer sjølve måla. Vestlandsforsking skal dokumentere den samla utsleppsmengda for kvar prosjektpartnar frå prosjektstart til prosjektslutt. Ein håpar òg å få oversikt over kva verkemiddel som verkeleg har vore effektive.

Erfaringar

Erfaringane frå Kunnskap kryssar grenser skal delast med private og offentlege aktørar over heile landet. For å oppnå god spreiing er Teknologirådet med i prosjektet, og samarbeidet med Departementas Servicesenter (DSS) og Uninett, som leverer IKT-tenester til universitet, høgskular og forskingsinstitusjonar, har same føremålet.

Partnarane i prosjektet skal formidle gode løysingar til kvarandre og til systerorganisasjonane sine. Sogn og Fjordane fylkeskommune kan til dømes påverke andre fylkeskommunar og kommunar til å følgje deira eksempel. Alt tidleg i prosjektperioden fekk Innovasjon Norge si avdeling i Leikanger kontora over heile landet til å innføre nye rutinar for reiseregistrering og bruk av videomøte, og ideane i Kunnskap kryssar grenser har vorte løfta opp på nasjonalt nivå i organisasjonen.

Distriktssenteret følgjer prosjektet vidare, og tek sikte på å formidle erfaringane frå Kunnskap kryssar grenser til lokale og regionale utviklingsaktørar. Fordi streaming av konferansar er i tråd med Distriktssenteret sin profil, skal nettoverføring dessutan vurderast i planlegginga av alle arrangement som Distriktssenteret har heilt eller delvis ansvar for.

Prosjektet har som mål å ta i bruk nettet for å dele kunnskap, og slik redusere omfanget av tenestereiser. Videomøte og nettoverføring kan erstatte mange tenestereiser, og det betyr mindre CO2-utslepp. Utfordringa ligg i å gjere det lett for arbeidstakarar å bruke teknologien som kan gjere reiser overflødige.

Kunnskap kryssar grenser tek utgangspunkt i verksemder som ligg i Sogn og Fjordane, men skal vere til nytte for heile landet. Verksemdene som deltek skal mellom anna arbeide med å spreie nye rutinar til systerorganisasjonane sine. Vidare vil samarbeid med nasjonale aktørar som Teknologirådet, Uninett (eCampus-prosjektet) og Departementas Servicesenter (DSS) bidra til å gjere resultata av KxG nyttige for mange.

Steder: