Fagområde: Tilflytting

Inkludering i Vågå

Prosjekt som handler om å utarbeide en modell for inkluderinga av flyktningar i Vågå kommune.

Vågå kommune ønskjer å vere offensive og framtidsretta. Dei ønskjer å ha fokus på ressursane som er i flyktningane og utvikle ein modell for offensiv og inkluderande mottakspolitikk. Modellen skal utarbeidast gjennom tett samarbeid med barnehagar, skular, frivillige lag og foreiningar og det lokale næringsliv.

Dei ønskjer å satse på ein offensiv modell for inkludering av framankulturelle fordi dei ser at det i ei globalisert verd blir stadig viktigare, og for at innbyggjarane skal bli sikre på sin eigen kulturelle identitet, men samstundes ha eit ope sinn mot andre kulturar.

Samarbeidspartnere

  • Friviljugsentralen
  • Vaksenopplæringa
  • Flyktningkonsulent
  • Næringslivet i Vågå
  • Friviljuge lag og organisasjonar
  • Skular og barnehagar
  • Helsestasjonen

Målgruppe

  • Flyktingar med særleg vekt på barn og unge frå 0-18 år
  • Foreldre
  • Friviljuge lag og organisasjonar
  • Næringsliv
  • Tilsette

Aktiviteter

  • Bruk av vaksenopplæringa i generelle kompetansehevingstiltak
  • Aktiv bruk av friviljuge, lag og foreingar i inkludering av flytningar i
  • Koordinering av tilbod som finst i Vågå og informasjon til nye innbyggjarar om dette på deira språk
  • Inkludering som tema på foreldremøte
  • Eige kurs om inkludering for tilsette i skule og barnehage
  • Aktiv bruk av Informasjonstiltak retta inn mot næringsliv og andre arbeidsplassar om praksisplassar

Prosjektet Inkludering i Vågå er tildelt  inntil 1 600 000 kroner i Bolystmidler i 2013.

Dette prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon utan vurdering frå Distriktssenteret.

Eierskap, organisering og formell forankring

Eierskap, organisering og formell forankring som formulert i bolystsøknaden, prosjektet er ikke vurdert av Distriktssenteret.

Prosjektorganisering

Prosjekteigar er Kommunestyret.

Styringsgruppe er ordførar, rådmann og sektorsjef for oppvekst og kultur og oppvekstsjef for helse og sosial.

I prosjektet med inkludering av innvandrar og kulturmøte vil prosjektgruppe vere flyktningkonsulent, friviljugsentral og representant for næringslivet – i tillegg til politikar og oppvekstsjef.

Søknaden har vore drøfta med Oppland Fylkeskommune v/ Dag Arve Henriksen.

Forankring

Prosjektet er forankret i et tidligere underprosjekt «det globale i det lokale», og var breitt samansett av tilsette i skule og barnehage, friviljuge, foreldre, elevar og politikarar. Dei peika på at inkludering og gode modellar for kulturmøte noko dei bør satse på i Vågå.

Kommunestyret vedtok samrøystes 8.februar 2011 prosjektrapporten til det nå avsluttede prosjektet «Vaken og Vågal i Vågå», der dei slutta seg til eit femårig utviklingsarbeid i skule og barnehage heile lokalsamfunnet skal vere med for å oppleve ulike kulturuttrykk i Vågå. Her er både vaksenopplæringa, friviljugsentralen og fleire som jobbar med inkludering involvert.

Målformulering

Målformulering som formulert i bolystsøknaden, prosjektet er ikke vurdert av Distriktssenteret.

Prosjektmål

  • At fleire av våre nye innbyggjarar blir buande i Vågå og blir inkludert.
  • At barn og unge opptil 30 år deltek i minst eit fritidstilbod i Vågå
  • Auka kompetanse på kulturmøte hjå befolkninga
  • Arenaer for å synleggjere gode døme og kulturen som blir brakt inn i Vågå
  • Barn og unge som trivst i skulen og på fritida, og som tek vare på kvarandre uansett hudfarge og kulturbakgrunn.
  • Auka kompetanse hjå foreldre og tilsette på kulturmøte og inkludering
Resultat og effekt

Resultat og effekt som formulert i bolystsøknaden, prosjektet er ikke vurdert av Distriktssenteret.

Resultat

  • Vi er «eitt samfunn» i Vågå. Ikkje dei og oss
  • Fleire innbyggjarar i praksisplassar
  • Fleire innvandrar deltek i friviljuge lag og på organiserte tilbod
  • Nye innbyggjarar blir kjend med Vågå-samfunnet og vi blir kjend med deira kultur
  • Utnytte ressursane til nye innbyggjarar

Effekter

  • Vågå er ein plass der alle blir take godt i mot og inkludert
  • Mindre fråfall av minoritetar i den vidaregåande skulen
  • Fleire som består norsktestar gjennom vaksenopplæringa
  • Mindre bruk av spesialundervisningstiltak i grunnskulen
  • Kulturmøte som grunnlag for ny næringsverksemd
  • Auka tilflytting
  • Engasjerte friviljuge