Fagområde: Stedsutvikling

Huset i bygda

Prosjekt som har som mål å gjera kultur- og ungdomshus til gode og kreative møteplassar i bygdene.

Norske bygder treng fleire møtestadar. Mange bygder har slike lokale kultur- og ungdomhus. Mange av desse husa treng ei vitalisering og styrking av aktiviteten for å kunne gje eit rikare kulturtilbod i bygda. Desse husa er ein ressurs det er viktig å bruke, til beste for lokalsamfunnet og dei som bur i bygdene.

Gjennom kurs, og rettleiing er det eit mål å styrke dei organisasjonseigde husa som gode, kreative møteplassar i bygdene rundt om i Noreg. Slik kan desse husa verte kulturelle fyrtårn som kan vere med å skape aktivitet, kreativitet, glede og bulyst.

Prosjektet er tildelt 500 000 i Bulystmidlar i 2011.

Dette prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon. Distriktssenteret har ikkje vurdert prosjektet, og presentasjonen inneheld mindre informasjon enn dei lokale utviklingsarbeida vi har vurdert.