Norske bygder treng fleire møtestadar. Mange bygder har slike lokale kultur- og ungdomhus. Mange av desse husa treng ei vitalisering og styrking av aktiviteten for å kunne gje eit rikare kulturtilbod i bygda. Desse husa er ein ressurs det er viktig å bruke, til beste for lokalsamfunnet og dei som bur i bygdene.
Gjennom kurs, og rettleiing er det eit mål å styrke dei organisasjonseigde husa som gode, kreative møteplassar i bygdene rundt om i Noreg. Slik kan desse husa verte kulturelle fyrtårn som kan vere med å skape aktivitet, kreativitet, glede og bulyst.
Prosjektet er tildelt 500 000 i Bulystmidlar i 2011.
Dette prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon. Distriktssenteret har ikkje vurdert prosjektet, og presentasjonen inneheld mindre informasjon enn dei lokale utviklingsarbeida vi har vurdert.