Folk i fleire hus

I Luster kommune står fleire hus og småbruk tomme. Mange vil kjøpe, men få vil selje. Kommunen har jobba aktivt for at fleire av dei tomme husa skal få fast busetnad.

Det kommunale prosjektet «Folk i fleire hus» har vore eit tre-årig utviklingsarbeid, frå 2010 og ut 2013. Føremål har vore å stimulere til og skaffe fast busetnad i fleire av dei tomme husa på gardar og småbruk i Luster kommune. For samstundes som hus står tome, er det stor interesse for å kjøpe og busette seg på bruka.

Eit overordna mål for arbeidet har vore å auke folketalet i kommunen, og styrke busetnaden i dei mindre grendene. Luster kommune har sidan 2009 hatt folketalsvekst, men utkantgrendene taper fast busetnad, til fordel for tettstadene.

Garden som ressurs for busetting

Arbeidet starta opp hausten 2010, med støtte frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Saman med søsterprosjektet «Lys og varme i alle hus» i Hyllestad, blei Luster peikt ut som pilot for å drive eit systematisk arbeid med å auke omsetnaden av og busettinga på fråflytta bruk.  Hovudsakleg har prosjektet vore retta mot landbrukseigedomar, men inkluderer også andre typar hus.

I prosjektperioden har kommunen kartlagt og registrert tomme/halvtomme hus, og eigarar er blitt kontakta for å finne mogelege løysingar for å få til fast busetnad. Det er også blitt jobba med å få oversikt over kva som skal til for å få eigarar til å busetje seg fast på eigedomen, kva planar dei har framover, bl.a om det er interesse for å leige vekk eller selje.

Prosjektplanen har hatt følgjande delmål:

  • Gjennomføre ei kartlegging av alle tomme bustadhus i Luster kommune
  • Dokumentere kva som er årsakene til at mange vel å behalde eigedomar utan fast busetnad og få synspunkt frå eigarane på kva verkemiddel som evt. kan stimulere til sal
  • Rettleiing i regelverk knytt til bl.a. odel, konsesjon, frådeling, bu- og driveplikt
  • Kopling av seljar og takstmann, meklar eller andre
  • Marknadsføring av eigedomar på kommunen sin nettstad
  • Oppfølging av dei som tek kontakt med ønskje om å kjøpa hus/bruk i Luster
  • Finne fram til arbeidsmåtar som kan vidareførast med små ressursar, etter prosjektperioden

Etterspurnad og engasjement

Før prosjektstarten i 2010 var det allereie registrert 20 mogelege kjøparar til småbruk. Gjennom prosjektet har lista over interesserte berre auka. Dette har i hovudsak vore familiar med born, nokre par i etableringsfasen, men også einslege. Dei fleste er busette på Vestlandet, nokre vil flytte attende i nærleiken av familie, medan andre allereie bur i området og ønskjer å kjøpe gard. Felles er interessa for dyrehald, gardsdrift, natur og å halde i hevd bygningar og kultur.

Dei tomme husa engasjerer også folk i bygdene, med ein viss frustrasjon over hus som ikkje blir brukte, eller som fungerer som feriebustad.

Erfaringsoverføring viktig for resultat

Prosjektet har henta kunnskap frå andre tilsvarande prosjekt, bl.a frå «Småbruksprosjektet i Vest-Telemark«. Erfaringsoverføring har i planlegginga vorte rekna som viktig faktor for å nå måla for arbeidet, bl.a med dialog med det tilsvarande prosjektet i Hyllestad.

 

«Folk i fleire hus» var eit tre-årig utviklingsarbeid frå 2010 – 2013, med føremål å stimulere til og skaffe fast busetnad i fleire av dei tomme husa på gardar og småbruk i Luster kommune.

I prosjektperioden har det vorte jobba med følgjande tiltak:

  • Kartlegging av alle tomme bustadhus i Luster kommune
  • Dokumentere årsakene til at eigedomar står utan fast busetnad og ikkje kjem på marknaden
  • Dialog med eigarar om framtidsplanar og verkemiddel som stimulerer overføring/sal
  • Rettleiing i regelverk knytt til overføring og sal av landbrukseigedomar
  • Marknadsføring av eigedomar til sal på nettstaden til kommunen
  • Kopling av seljar og takstmann, meklar eller andre
  • Oppfølging av dei som tek kontakt med ønskje om å kjøpa hus/bruk i Luster
  • Etablere arbeidsmåtar som kan vidareførast med små ressursar, etter prosjektperioden

Systematisk arbeid over tid gjev resultat

Arbeidet har vore systematisk og målretta. På grunn av skifte i prosjektleiinga, tok prosjektet  lengre tid enn opprinneleg planlagt. Det har likevel ikkje vore negativt – heller tvert imot. Erfaring og forsking tilseier at slikt utviklingsarbeid handlar om dialog og modning av vanskelege problemstillingar. Prosjektleiaren meiner at resultata ikkje ville ha vore dei same, dersom arbeidet hadde blitt avslutta etter opprinneleg tidsplan.

Det treårige prosjektet har nådd fleire mål, og har  vore involvert i eigedomsskifte på 8 gardsbruk, 3 hus, ei leiligheit og ei stor tomt. I tillegg er ein gard leigd ut og det er formidla 13 husvære til leige. Informasjons- og rettleiingstilbodet rundt overføring og omsetting av landbrukseigedom har vorte nytta av fleire eigarar. Det same gjeld tilbodet med å formidle interesse for kjøp av småbruk. Denne var stor allereie før prosjektstart, og gjennom perioden har dette berre auka.

Pensjonistdraumen

Etter prosjektperioden sit Luster kommune att med mykje erfaring og nyttig dokumentasjon kring kva som hemmer og fremmer auka omsetting av eigedomar som står tomme, og korleis desse igjen kan få fast busetting. Blant anna viser kartlegginga blant eigarar at mange har planar om å bruke eigedomane i lengre periodar, eller permanent, når dei blir pensjonistar. Ofte blir hindringar knytt til arbeidssituasjon eller familietilhøve peikt på som grunn til at dei ikkje brukar eigedomen som permanent bustad i dag.

Vegen vidare

Det framtidige potensialet for auka busetting og folk i fleire hus i Luster er tilstades, men dei små bygdesamfunna er utolmodige. Det har vore eit sterkt engasjement for prosjektet. I kontakt med eigarar av eigedommane, er det forståing for dette, men få ser «sin eigendom» som aktuell for å løysa utfordringane.

Det lokale engasjementet i bygdene er ein sentral byggestein for vidareføring av arbeidet, når sjølve prosjektfasen no er avslutta. Det er viktig at kommunen og bygdelaga i fellesskap avklarer korleis dette skal ivaretakast. Luster kommune jobbar no også med å tilpasse deler av prosjektet inn i dei etablerte tilboda hjå landbrukskontoret. Informasjons- og rettleiingsteneste er blant tiltaka som blir vurdert teke vidare.