Folgefonnlandsbyen Jondal

Prosjektet Folgefonnslandsbyenskal utvikle Jondal til å verte endå meir triveleg og attraktiv som bustad for alle, og stimulere til vidareutvikling av næringsliv, reiseliv og infrastruktur knytt til Folgefonna.

Hovudmålet med Folgefonnlandsbyprosjektet er å skapa eit dynamisk, livskraftig, inkluderande og attraktivt lokalsamfunn, prega av skaparlyst, investeringslyst og bulyst.

Folgefonnslandsbyen i Jondal er eit bygdemobiliseringsprosjekt med eit todelt siktemål. For det første skal utvikle det Jondal til å verte endå meir triveleg og attraktiv som bustad for både born, unge, vaksne og eldre. For det andre skal prosjektet stimulere til vidareutvikling av næringsliv, reiseliv og infrastruktur knytt til Folgefonna.

I august 2008 vart det tilsett ein prosjektleiar. Prosjektleiar skal koordinere og drive fram næringsutvikling, reiselivsutvikling og tiltak i småsamfunnssatsinga til Kommunal- og regionaldepartementet og LivOGlyst-programmet til Hordaland fylkeskommune. Prosjektleiaren som vert kalla «Landsbylosen», er bindeleddet mellom innbyggarar, styringsgruppa og offentlege organ.

Jondal fekk i 2008 også status som nasjonalparklandsby saman med fire andre kommunar. Dette arbeidet har hovudfokus på Jondal sentrum, men vil vera viktig for utviklingsarbeidet i heile Jondal. Dei har laga seg ein plattform som skal gå frå 2009-2013.

Nasjonalparklandsbyane samarbeidar aktivt for å skapa eit klart og konsistent grunnlag for etablering av nasjonalparklandsbyar som eit godt kjent nasjonalt konsept. Nasjonalparkomgrepet har alt ein sterk attkjenningsverdi og verdi som merkenavn internasjonalt. Ved utpeikinga av nasjonalparklandsbyane, vart det lagt vekt på at dei tilreisande føler at dei kjem til eit livskraftig samfunn som har ein naturleg kontakt og beliggenheit til nasjonalparken. Landsbyen skal vera ein naturleg innfallsport og skal fungera som eit servicesenter som dekker dei primære behov for gjestene. I tillegg skal dei også kunne tilby tenester direkte retta mot nasjonalparken, som guiding og tilrettelegging.

Eierskap, organisering og formell forankring

Småsamfunnsprosjektet Folgefonnlandsbyen er eigd av Jondal kommune, og har brei kommunal forankring frå administrasjonen og politisk leiing si side. Det er oppretta ei styringsgruppe for prosjektet som består av ordførar, rådmann, ein ungdomsrepresentant, ein representant for næring-og reiselivsgruppa og frå Hordaland fylkeskommune. Distriktssenteret meiner difor at det ligg ein brei lokal forankring i botn av prosjektet.

I overgangen 2009/2010 har kommunen fått ny både rådmann og ordførar og sommaren 2010 slutta også prosjektleiaren etter to år. Distriktssenteret ser at dette er utfordrande for prosjektarbeidet. Samstundes gir det også moglegheiter med ved at nye kostar går inn i prosjektarbeidet med nye auge. Ny prosjektleiar var på plass i august 2010, og er klar til å fylgja opp arbeidet. Det folkelege engasjementet er blitt godt forankra gjennom dei prosessane som er køyrt tidlegare. Det er derimot viktig å til eit større engasjemnet blant dei folkevalde i kommunen i høve til prosjektarbeidet.

Mobilisering, involvering og medvirkning

Folgefonnlandsby-prosjektet er eit typisk mobiliseringsprosjekt. Med dette meiner vi at prosjektet har som hensikt å skape stor medverknad blant innbyggarane for å nå sine mål. I utgangspunktet har det vorte sett ned 11 ulike arbeidsgrupper, som kan delast inn i to hovudsgrupper. a) samfunnsgrupper, b) næringsgrupper. Det har vore omlag 100 personar direkte involvert i første delen av prosjektet, og dei har nytta coaching som metode og verktøy i startfasen av prosjektet.

Distriktssenteret meiner at det har vore stor grad av medverknad og mobilisering, spesielt på samfunnsgruppene. Arbeidet i næringsgruppene som var stort i starten , har stagnert litt. Her vil ein jobbe sterkare med å slå saman fleire av næringsgruppene for å få til sterkare mobilisering.

Kompetanse og menneskelige ressurser

Distriktssenteret meiner det lagt vekt på menneskelege ressursar ved at ein har knytt opp ei heil stilling til arbeidet. I tillegg er det mobilisert mange ulike arbeidsgrupper til prosjektet. Det viser at både kommunen og prosjektet som heilheit har ambisjonar, og ein har klart å få ei finansiering som gjer det mogeleg å stimulere til gode prosessar.

Når det gjeld gjennomføringsevne, har det har vore lettare å få gjennomført arbeid i gruppene som arbeider med nærmiljøtiltak. Utfordringane er størst på næringsutviklingsdelen i prosjektarbeidet.

Gjennomføringsevna og tilgangen på mennesklege ressursar, har slik vi ser det, blitt påverka av den omfattande endringa ressurspersonar som er involvert i prosjektet

Kommunens rolle

Distriktssenteret meiner kommunen har har vore ein aktiv medspelar i prosjektarbeidet frå starten. Prosjektleiinga ligg til kommuneapparatet, men er lokalisert til landsbykontoret og ikkje i kommunehuset. Dette viser at kommunen er oppteken av å få til eit aktivt samspel med befolkninga og det friviljuge apparatet. Vi ser at det for Jondal sin del, er med å gi eit ekstra trykk på utviklingsarbeidet.

Fylkeskommunens rolle

Hordaland fylkeskommune kjenner godt til småsamfunnsprosjektet i Jondal, som også er kopla opp til deira eige utviklingsprogram – «Liv- og Lyst». Det er også skifte av personar i fylkeskommunen som arbeider med lokalsamfunnsutvikling i kommunen og det omtala programmet. Likevel ser Distriktssenteret på fylkeskommunen som ein aktiv medspelar for arbeidet med småsamfunnsprosjekta. Dei har også nytta tid til å vitja Jondal i 2010, for å diskutere utviklinga og framdrifta i prosjektet.

Distriktssenteret meiner at Hordaland fylkeskommune sitt målretta utviklingsarbeid i samarbeid med partnerskapen (fylkesmann og Innovasjon Norge), også har positiv effekt for småsamfunnspsosjektet i Jondal. Dei tilfører mellom anna ny kompetanse og nye nettverk til prosjektet, gjennom sine ressursar og sine program.

Målformulering

Distriktssenteret meiner prosjektet i tilfredstillande grad har definert klare og realistiske visjonar, målsettingar, resultat og effektindikatorar knyta til dei valte strategiane i prosjektet. Prosjektet har fokus på milepælar som grunnlag for resultat og effektvurdering og justering undervegs.

Måla for Folgefonnlandsbyen er arbeidd fram av landbybuarane sjølve, og dei skal vera nådde innan 2013. Fleire av måla er konkrete. Det er mellom anna sagt at i 2013 skal Jondal ha 100 fleire innbyggarar, 30 nye arbeidsplassar, tettstadprosjektet i Jondal sentrum skal vera gjennomført og det skal vera etablert eit trim-, helse- og sppasenter. Samstundes ser Distriktssenteret at det er viktig at fleire av målformuleringane må spissast i den vidare prosjektperioden. Fleire av måla fortel mellom anna ikkje korleis dei skal nå målsetjingane.

Resultat og effekt

Småsamfunnsprosjektet i Jondal er halvveges i prosjektperioden. Dei har nådd eit viktig mål om god mobilisering av dei ulike arbeidgruppene. Alle dei 11 lokale arbeidgruppene kom raskt i gang med arbeidet. Landsbykontoret med prosjektleiar/landsbylos kom raskt på plass, og mange av innbyggarane har vore aktive medspelarar. Ungdommen er også trekt aktivt med, der dei mellom anna har har fått gjennomført den planlagde ungdomsfestivalen.

Nyskapning og kreativitet

Distriktssenteret meiner at prosjektet har ført til at det er skapt nye produkt som ein ikkje fann før prosjektet starta. Eit av tiltaka som syner kreativitet og nyskaping er ungdomsfestivalen i Jondal. Den har blitt ein stor suksess. Om lag 20 ungdommar frå ungdomsskule og vidaregåande skule har sjølv lagt grunnlaget og arbeidd fram ideane iog rammene til festivalen. Når ungdomen får lov og moglegheiter til utviklingsarbeid, fører det ofte til gode resultat.