Festival Voss

Målet til Festival Voss er å skapa eit tett samarbeid på tvers av festivalane på Voss. Ein vil utnytta den tverrfaglege kompetansen til å heva standarden på administrative og marknadsføringstenester i tillegg til standardheving tilskipingsteknisk.

Festival Voss er etablert av dei fire største festivalane på Voss; Vossa Jazz, Ekstremsportveko, Voss Cup og Osafestivalen. Festivalane er på kvar si måte spydspissar for dei ulike miljøa og syner Voss fram som ei aktivitetsbygd med kultur- og naturbaserte opplevingar.

Dei sterke og samansette opplevingane står i fokus. Gjennom hensiktsmessig samarbeid, og på sikt også samlokalisering, vil ein gjera dei einskilde festivalane mindre sårbare for sentrale utskiftingar i dugnadsorganisasjonen, sjukdom/ personellskifte i dei respektive administrasjonane. I tillegg vil ein kunna ha ein administrativ ressurs som kan assistera/ vera fødselshjelpar til nye/ ad hoc tilskipingar. Festival Voss vil vera eit kompetansesenter med ein breidde og samansetjing av kunnskapen som òg vil kunna nyttast i pedagogisk samanheng.

Festival Voss har gjennom ulike arrangement opparbeid seg erfaring og kompetanse som kan nyttast i fleire sammenhengar. Ein ønskjer spesielt å være pådrivar for krossovertilskipingar kor ein set saman element frå ulike arrangement. Eit godt døme på dette er Ekstremjazzen kor jazz og ekstremsport visast fram på samme arena.

Det er ei brei satsing på reiselivsutvikling på Voss, og Festival Voss-samarbeidet er ein viktig aktør i dette arbeidet.  Denne satsinga leiast av det ny-etablerte Destinasjon Voss, og ein vil trekkje fram det pågåande arbeidet med ny reiselivsstrategi samt finansieringsmodell som òg skal ivareta fellesgodetiltak som to av dei viktigaste faktorane til at dette pilotprosjektet er etterlengta.

Dette er ei forenkla utgåve av prosjektkartlegging, utan vurderingar frå Distriktssenteret.