Fagområde: Tilflytting

Bustadsatsing i Grong

Grong kommune har dei siste åra jobba systematisk med bustadpolitisk planlegging. Med deltakinga i den nasjonale satsinga «Boligetablering i distrikta» ønskjer Grong å realisere fleire planlagde tiltak.

Grong kommune i Nord-Trøndelag er eit trafikalt knutepunkt i Namdalen og regionsenter for Indre Namdal. Etter nedgang i folketalet sidan 2001 har Grong hatt ei positiv utvikling frå 2009/2010. Auken kjem i hovudsak frå innvandring og kommunen erfarer at folketalsauken heng direkte saman med gjennomførte bustadtiltak.

Lite privat bustadutvikling

Grong kommune søkte i 2012 om deltaking i den nasjonale satsinga «Boligetablering i distriktene». Kommunen erfarte at bustadmarknaden i kommunen var stram, og få private aktørar som dreiv bustadutvikling. Med deltaking i satsinga vil Grong  auke bustadkompetansen og utvikle bustadtilbodet. Det overordna målet er å redusere fråflytting og auke folketalet.

Aktiv bustadpolitikk

Kommunen har dei siste åra hatt ein aktiv bustadpolitikk, med ei rekkje tiltak. Målet om å vere ein tilflyttingskommune har mellom anna ført til organisatoriske endringar i kommunen, for å kunne jobbe målretta med bustadutvikling. Eit bustadkontor er under etablering og bustadsatsinga er kopla direkte til to pågåande utviklingsprosjekt, Bolyst og Hoga Heim.

Andre vurderte tiltak har vore tilbod om gratis tomter, bygging av bustader for sal på attraktive tomter, subsidiere private byggeprosjekt.

Tilskot frå den nasjonale bustadsatsinga

Grong kommune har so langt nytta tilskotsmidlar frå den nasjonale satsinga til bygging av eit leilegheitskompleks gjennom Grong boligbyggelag. I tillegg er det gitt tilskot fleire einebustader med utleigedel.

Auka aktivitet på bustadmarknaden

Bustadmarknaden i Grong har teke seg noko opp dei siste åra. I åra 2011-2012 blei det omsett 29 bustader, mot 18 i 2009-2010. Statistikken viser også at det nokre år er sett i gong bygging av relativt mange bueiningar, medan det andre år er lite igongsett og/eller ferdigstilt.

Prosjektinformasjonen er henta frå søknader og rapportar hjå Husbanken. Distriktssenteret formidlar erfaringar, tiltak og resultat undervegs og i etterkant av satsinga.