Fagområde: Tilflytting

Bustadsatsing i Gildeskål

Fleire kommunalt tilsette og arbeidsinnvandrarar til Gildeskål har i dag bustad i andre kommunar. Med ein meir variert bustadmarknad skal Gildeskål styrkje seg som bustadkommune.

Gildeskål kommune i Nordland er randkommune til Bodø. Kommunen har dei siste ti åra hatt negativ folketalsutvikling, men nedgangen har stagnert noko sidan 2010. Kommunen vurderer at liten tilgang på bustader er med å forklare folketalsutviklinga.

Målet er at deltakinga i satsinga Boligetablering i distrikta skal bidra til ein meir fungerande bustadmarknad, slik at vekst i arbeidsmarknaden også kan medføre auka busetting.

Mangel på leigebustader

Gildeskål har hatt mangel på private utleigebustader, eit tilbod arbeidsinnvandrarar, pendlarar og unge i etableringsfasen etterspør. Kommunen erfarer at fleire av dei tilsette i kommunen bur i nabokommunane og unge i etableringsfasen flyttar ut, bl. a ut frå ein vanskeleg bustadmarknad.

Det er eit konkret mål for kommunen å erstatte eksisterande kommunale bustader med nye, mellom anna for å sikre attraktive gjennomgangsbustader, bl.a for arbeidsinnvandrarar. Tilrettelegging for bustadutvikling retta mot førstegongsetablerarar er også prioritert.

Dei seinare åra har det vore noko auke i tal omsette bustader, og talet på igangsette bustader i 2012 var heile 19 – meir enn ei dobling ift. førre år.

Bustadpolitiske tiltak gjev resultat

Auken har samanheng med eit styrkt bustadstrategisk fokus, der kommunen har sett i gong fleire tiltak. I 2012 fekk kommunen tilskot frå den nasjonale bustadsatsinga, som skal bidra til å få i gong 3 prioriterte prosjekt med totalt 6 nye bustader; 2 eigebustader og 4 leigebustader. Ein tilflyttarfamilie, ein arbeidsinnvandrarfamilie og førstegongsetablerarar skal få realisert husplanane sine med hjelp frå satsinga.

Gildeskål kommune har jobba med fleire andre tiltak, utover å gje øyremerka tilskot til prosjekt. Blant anna er husleiga i kommunale bustader blitt justert opp etter fleire år utan regulering. Husleiga speglar no nødvendige kostnader med vedlikehald og oppgradering, og balanserer den private leigemarknaden på ein betre måte. Det blir likevel teke bustadsosiale omsyn. Fleire private aktørar vurderer det då meir økonomisk forsvarleg å byggje utleigebustader.

Kommunen har eit nært samarbeid med innbyggarinitiativ i grendene, arbeidsgjevarar og utbyggarar for å kome fram til gode løysingar. Eit døme er samarbeid om å bygge om ein nedlagt skule til leilegheiter for seniorgruppa. Tanken er at dette vil kunne frigjere einebustader for familiar i etableringsfasen.

Gildeskål kommune har også hatt gode erfaringar med inkludering av flyktningar, og planlegg å busette fleire, når kommunen kan tilby høvelege bustader.

Bustadpolitisk plan

Gildeskål kommune utarbeidde i 2012 ein bustadpolitisk plan som dekkar både bustadsosiale og allmenne bustadpolitiske mål og tiltak. Planen skal vere eit viktig verktøy i gjennomføringa av bustadpolitiske strategiar i Gildeskål.

Prosjektinformasjonen er henta frå søknader og undervegsrapportar frå satsinga. Distriktssenteret  formidlar erfaringar, tiltak og resultat undervegs og i etterkant av satsinga.