Fagområde: Næringsutvikling

Bulyst ved nasjonalpark: attraktive arbeidsplassar

Prosjektet skal skape auka livsglede ved å bu i område med nasjonalpark. Vi vil skape
næringsutvikling og kompetansearbeidsplassar knytta til bruk av naturen i ei bygd der nasjonalpark utgjer store deler av arealet i utmarka.

Dette prosjektet skal vere pilotprosjekt for nasjonalparkar i Norge. Prosjektet skal arbeide for at det blir eit kvalitetsstempel og ein ressurs å ha nasjonalpark i bygda.

Prosjektet skal skape nye attraktive arbeidsplassar knytta til naturen og nasjonalparken, som gjer at ungdomen blir verande i bygda og at nye flytter inn. Prosjektet legg og vekt på kvinnelege arbeidsplassar og integrering.

Dei vil leggje til rette for eit mangfald av arbeidsplassar og styrke primærnæringane i bygda gjennom skjøtsel og tilrettelegging. Auka kunnskap, vern og bruk av nasjonalparken skal skape aktivitet og arbeidsplassar.

Gjennom prosjektet ynskjer dei å leggje til rette slik at naturen blir meir tilgjengeleg for fleire grupper, også fysisk hemma personar til dømes i randsona og i nasjonalparken i samspel med grunneigarar, nasjonalparkstyret og nasjonalparkforvaltar. Dette kan vere gapahukar, grindlader og andre stader å søke ly, stader å møtast ute i naturen for grupper som kanskje ikkje har den store fysiske kapasiteten.

Samarbeidspartnere

  • Grunneigarlaga i Sunndalen, Erdalen og Fosdalen i Jostedalsbreen nasjonalpark.
  • Oppstryn Bygdeutviklingslag.
  • Oppstryn Bygdekvinnelag.
  • Oppstryn skule.
  • Universitetet i Bergen (forskingsresultat nasjonalparken).
  • Stryn historielag.
  • Indre Nordfjord Turlag.
  • Fylkesmannen og Sogn og Fjordane.
  • Jostedalsbreen nasjonalparkstyre.
  • Statens Naturoppsyn Jostedalsbreen.
  • DYLAN-prosjektet.
  • Verdiskapingsprosjektet ved NTNU.
  • Mindre selskap og enkeltmannsforetak innan aktivitetsturisme.
  • Reiselivet, både destinasjonsselskapet og aktørar i regionen.

Målgrupper

  • Lokalbefolkningen. Auka trivsel og bulyst.
  • Sesongbedrifter og mindre bedrifter i bygda som treng eit løft /hjelp til å utvikle heilårlege arbeidsplassar.
  • Støtte til gründerar som ønskjer å etablere seg ved nasjonalparken.
  • Grunneigarne i nasjonalparken gjennom samarbeid ved skjøtsel og drift i forhold til utvikling av heilårsaktivitetar.
  • Tilreisande turistar er ei nødvendig målgruppe som grunnlag for å skape nye heilårsarbeidsplassar.
  • Samle små aktørar innan naturbaserte aktivitetar og gjere bedriftene lønsame for fleire heilårsarbeidsplassar.
  • Grøn omsorg.
  • Funksjonhemma og grupper som treng tilrettelegging.

Aktiviteter

Etablere heilårlege tilrettelagde aktivitetar knytta til nasjonalparken og randsoner; eks.vandring, padling,fisking,sykling, ski bortover og nedover, fjellskiløping, truger, akebrett, snøholeturar, skredkurs, overlevingskurs i naturen med meir.

Tilrettelegging av aktivitetar i nasjonalparken.

  • Tilretteleggingar i innfallsportane ved nasjonalparken Erdalen, Sunndalen og Fosdalen samt sentrale stader ved Oppstrynsvatnet med rasteplassar, gapahukar, informasjon og skilting.
  • Utvikle detaljerte kart med turforslag for vandring,padling,fisking,sykling, ski bortover og nedover, fjellskiløping.

Lage samlande marknadsplan, marknadsaktivitetar og profilering for alle innan aktivitetar, overnatting og servering.

Studieturar vedrørande delprosjekt for studie av aktivitetar i andre destinasjonar, bl.a. Lyngsfjorden og andre som har lukkast med vinterturisme.

Marknadsføring av samlande aktivitetar ved messer og workshop med særleg vekt på operatørar interesserte i naturbaserte aktivitetar.

Tilrettelegge/ popularisere tung forskingslittertur for naturen i området og gjere den tilgjengeleg for lokalbefolkningen og tilreisande for å gjere formidlinga av naturområdet rikare og meir attraktivt.

Eigne ungdomstreff, kvinnetreff og møtestader for lokallokalbefolkningen, kunnskapsinstitusjonar, bedrifter og interesserte etablerarar.

Kurs for interesserte arbeidssøkarar, grûnderar, bedrifter med fleire innan sikkerheit til fjell og til vanns, kompetanse innan verneverdiar/fagleg, språk, vertskapsrolla og synleggjering/marknadsføring.

Nasjonal konferanse for nasjonalparkbygder for utveksling av kompetanse og idear som er utvikla gjennom prosjektet.

Grønn omsorg med tilrettelagte tilbod på gardsbruk o.l., tilpassa den enkelte sitt behov. Retta mot alle aldersgrupper, rehabilitering, restitusjon, oppleving, læring og aktivitet i jord- og skogbruket.

Prosjektet Bulyst ved nasjonalpark; attraktive arbeidsplassar er tildelt inntil 2 295 000 kroner i Bolystmidler i 2013.

Dette prosjektet er presentert med grunnleggende informasjon uten vurdering fra Distriktssenteret.

Eierskap, organisering og formell forankring

Eierskap, organisering og formell forankring som formulert i bolystsøknaden, prosjektet er ikke vurdert av Distriktssenteret.

Forankring

Prosjektet er i regi av Stryn kommune, Jostedalsbreen Nasjonalparksenter, representantar for grunneigarlaga i Erdalen, Sunndalen og Fosdalen i Jostedalsbreen nasjonalpark, kvinnelege leiarar/grûnderar og ungdomar i bygda.

Prosjektet er drøfta i KRD desember 2012 og i møte med Sogn og Fjordane Fylkeskommune februar 2013.

Prosjektet vil ved tildeling av stønad, bli gjennomført ved samarbeid med Jostedalsbreen nasjonalparkstyre, nasjonalparkforvalter, nasjonalparkoppsyn og miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen.

Prosjektet er i tråd med lokale og regionale plandokument.

Målformulering

Målformulering som formulert i bolystsøknaden, prosjektet er ikke vurdert av Distriktssenteret.

Mål

Verdiane i nasjonalparken skal skape auka bulyst gjennom heilårsaktivitet, informasjon og friluftsliv både for lokalbefolkningen og tilreisande.

Prosjektet skal etablere attraktive kompetansearbeidsplassar knytta til verdiane i nasjonalparken, med særleg vekt på arbeidsplassar for ungdom og kvinner.

  • Pilotprosjekt for nasjonalparkbygder i Norge.
  • Bidra til å skape lokal entusiasme for lokale tilbod

Bidra til at viktig forskingsmateriale om naturen blir tilgjengeleg og tilrettelagt for auka engasjement for å ta naturen i bruk.

Lokale tilbod vert samla i ei felles marknadsføring som skal skape heilårsturisme og attraktive kompetansearbeidsplassar med vekt på ungdom og kvinnearbeidsplassar.

  • Bidra til høgare kompetanse for interesserte etablerarar innan fagfelt som er grunnleggjande både for eigen tryggleik og grunnleggjande viktig for tryggleiken for gjester/ turistar som t.d.: Bre-og fjellførarkurs, skredkurs, redningskurs til fjells og på vatnet, hjarte-og lungeredning og førstehjelp,språkkurs,kurs i vertskapsrolle og marknadsføring, interpretasjon og fagkunnskap.
Resultat og effekt

Resultat og effekt som formulert i bolystsøknaden, prosjektet er ikke vurdert av Distriktssenteret.

Resultatmål

Ungdom i bygda er engasjerte i lokalmiljøet sitt, og planlegg ei aktiv yrkeskarriere i bygda etter endt utdanning.

  • Kvinner får utnytta sin kompetanse gjennom arbeidsplassar tilknytta nasjonalparken.

Tilbod ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter om kurs / kompetanseheving på nødvendige områder r for å vere kvalifisert for arbeidsplassar i tilknytning til Nasjonalparken, t.d. redningskurs til fjells og på vatn, skredkurs, språk-kurs m.m.

Avtalar med lokalbefolkning om engasjement / arbeid med fysisk tilrettelegging i randsonene av nasjonalparken for å skape møeplassar og gjere området tilgjengeleg.

Avtalar med barnehagar, skular, skulefritidsordning, vidaregåande skule, vaksenopplæring, barne- og familievern (BUF), tiltak innan psykisk helse, attføringstilta o.l. i kommunen, samt avtalar om aktivitetsopplegg o.l. for bedrifter.

Desse tiltaka er med for å sikre oppretthaldelse av heilårs arbeidsplassar.

  • Auka bestillingar på temareiser og aktivitetar, matservering, overnatting
  • Attraktive pakketilbod frå lokale/regionale reiselivsaktørar
  • Heilårsturisme

Jostedalsbreen Nasjonalparksenter er ein base / møteplass for lokalbefolkninga og for integrering av tilflytta ungdom/kvinner/andre, samt ein base for utveksling av kompetanse og kreativitet blant desse gruppene.

Auka omsetning pr turist i bygda – f.eks eit ekstra måltid, ein ekstra overnatting, ein ekstra utflukt, ved at tilboda blir gjort meir tilgjengelege.

La oss sei at 10.000 som likevel stoppar i bygda tek meirkjøp til 275,- Dvs ei auka omsetning på kr 2.750.000.

Auke tal eksklusive turistar som kjøper ein pakke med noko ekstra, lavo overnatting, urtetur i nasjonalparken, massasje e.l. 500 turister som kvar kjøper ein pakke til kr 1500,- utgjer kr 750.000.

Leveransemål for prosjektet

Prosjektet overleverer gjennomgåande planløysningar for nasjonalparkbygder /verna område om korleis utnytte fortrinnet ved dei høge verneverdiane som skape kompetanse, bulyst og attraktive arbeidsplassar.

Prosjektet blir overlevert bygdesamfunn i landet som ønskjer å ønskjer å nytte dette materialet for bulyst og arbeidsplassar. I Oppstryn blir Jostedalsbreen Nasjonalparksenter oppmoda om å halde fram å vere sentral for prosjektet også i framtida der ein gjennom samarbeid kan utvikle dette vidare.

Effektmål

  • Fleire ungdommar buset seg i bygda etter endt utdanning
  • Fleire kvinner buset seg i området mindre lokale leverandørar av reiselivstjenester/opplevelsbasert turisme vil ha nok arbeid heile året til å kunne ha eit heilårs engasjement med dette

Jostedalsbreen Nasjonalparksenter som er heilårsope vil vere ein møteplass for utvikling av nye tiltak og idèar, samt integrering av tilflytte i bygda; ein møteplass for ungdom, lokalbefolkning og besøkande i bygda.

Eksisterande arbeidsplassar tilknytta turistnæringen og bruk av naturen får større inntening og blir heilårsarbeidsplasser.

Allereie i 2014 vil 4 sesongarbeidsplassar utviklast til heilårlege arbeidsplassar

Nye produkt gir fleire arbeidsplassar, 2 nye arbeidsplassar allereie i 2014, 2 nye arbeidsplassar i 2015.

Pga nyutvikling vil dette gje tilbakeflytting og nye tilflytterar. Kvert år dei neste 10 åra buset 4 ungdommar/tilflytterar seg i bygda pga auka og ny aktivitet.

Vintersesong med 2000 gjester oktober-april i bygda innan 2020.

Eit pilotprosjekt med stor overføringsverdi til andre nasjonalparkar. Det blir sommeren 2015 halde nasjonalt seminar.