Bulyst for ungdom – Malakoff Rockfestival

Korleis kan ein nytte ein rockefestival med suksess til å skape bulyst for ungdom? Malakoff Rockfestival gjer det med målmedveten involvering av dei unge i alle delar av arrangementet, i tillegg til eit sterkt fokus på kvalitative kulturopplevingar gjennom heile året.

I rapporten frå prosjektet heiter det:

«Grunnideen bak pilotsatsinga er å utvikle nye måtar å påverke ungdomen til å busetje seg i distrikta. Der ein viser at ein kan gje eit minst like godt tilbod innan viktige kulturinntrykk som i langt meir urbane strok. Ein kan til og med presentere opplegg som gjer totalopplevinga kanskje betre på landsbygda. Vi i Malakoff Rockfestival trur at vi viser veg for ungdomen, at det er mogeleg å få til noko storslått og engasjementskapande utanfor byane og. Gjennom frisk satsing og fokus på kvalitet så kan ein lage eit produkt som er identitetsbyggande og ein viktig faktor for at ungdomen føler tilknyting til distrikta.»

Dette har festivalen arbeidd med gjennom fem delmål:

  1. Utvikle festivalen som arena og møteplass heile året.
  2. Styrke kvaliteten på festivalen.
  3. Utvikle entreprenørskapssatsinga i samband med Malakoff Rockfestival og andre kultursatsingar i kommunen gjennom samarbeid med fylkeskommunen og Eid kommune.
  4. Mobilisere ungdom og andre grupper lokalt og regionalt for å skape breitt eigarskap til festivalen.
  5. Arbeide for å gjere Malakoff Rockfestival til Norges beste konsertarrangør innan 2009.

For å skapa ein møteplass heile året har prosjektet gått inn med midlar og innsats i arbeidet med å skape den gamle gymsalen på vidaregåande skule om til eit levande aktivitetshus. Dette skal innehalde ei rockescene, ungdomsklubb, øvingsrom, studio, opplæringsopplegg mm. Huset opna i april 2010 og har fått namnet Gymmen scene og studio.

Kvaliteten på festivalen er styrka gjennom medvete arbeid på nettverksbygging og omdømebygging. Dette er gjort gjennom avtalar med bookingbyrå og å kjøpe festivalsjefen fri frå anna jobb for å drive bookingarbeid.

Malakoff Rockfestival har fokus på ungdomsengasjement og samarbeider med Eid vgs og ungdomsbedrifter for tilrettelegging for skuleprosjekt. Festivalen har i heile si levetid vore ein aktiv samarbeidspartnar for elevbedrifter frå vgs. Mellom anna skuleåret 0809 laga elevbedrifta «Rockefår ub» ein spesiell Rockeburger til festivalen.

Dei seinare åra har festivalen redusert talet på elevbedrifter og har større fokus på og betre oppfølging av dei elevbedriftene ein samarbeider med. I rapporten seier festivalen m.a: «Vi har satsa mykje på intern veiledning av ungdomar. Den personlege oppfølginga av kvar enkelt tek mykje tid, og er krevjande arbeid. Mykje av arbeidet kan ein få gjort fortare sjølv, men det er viktig å ta med ungdomane så mykje ein kan. Dette er ei viktig investering for framtida og viktig for engasjementet for festivalen. Det er og viktig at dei har fått vere med på noko meinigsfylt og har lært noko.»

Festivalen er medarrangør på det årlege Påsketreffet på Eid. Dette arrangementet samlar bedrifter og ungdom i regionen slik at dei får knytta kontakt og marknadsført seg for kvarandre. Malakoff Rockfestival  nyttar og treffet til programslepp for årets festival og arrangerer ein rockekonsert.

For å mobilisere ungdomen har festivalen gjennomført fleire tiltak. Dei er arrangør av fylkesmønstringa av UKM, to ekstra unge band får spele for Malakoff publikummet, dei samarbeider med barnehagane og lagar m.a. «Mini-Malakoff Rockfestival» i ein barnehage. Og dei har arrangert samlingar for alle ungdomsråda i Nordfjord-regionen der dei m.a. diskuterte frivillig arbeid.

Malakoff Rockfestival har også jobba målmedvete for å bli Norges beste konsertarrangør. Dei har satsa ekstra på vakthald, teknisk produksjon, fasilitetar på området som toalett osv og ikkje minst landsbygda sin sjarm. Tilbakemeldingane tyder på at arbeidet har vore vellukka. Det er også oppretta festivalcamp med plass til 2500 besøkande. Denne vert drifta av fotballgruppa og gjev dei eit solid overskot.

Overføringsverdi

Festivalen meiner at mykje av det dei har gjort har overføringsverdi til andre. Det å skapa positive aktivitetar på ein liten plass som kan stimulere til auka engasjement og vere ein pådrivar for tilbakeflytting og og busetjing på landsbygda. Mange andre arrangement rundt i Norge kan fungere på same måte som Malakoff Rockfestival fordi:

  • Festivalen er berre eit middel til å nå målet. Det kan like gjerne vere typar arrangement. Prosjektet må ha den eigenskapen at det engasjerer det breie lag i samfunnet.
  • Identitesbygging. Det er viktig å ha noko å samle seg om, det å høyre til noko som er større enn seg sjølv.
  • Det er ikkje sjølve aktiviteten som nødvendigvis er det viktigaste men det som ein kan få til i lag.
  • Det er den enorme tilfredsstillelsen av å få til noko flott på ein liten plass som er sjølve drivkrafta.
  • Uansett kva tiltak ein nyttar så er det viktig å ha fokus på dugnadsarbeidarane. Det er dei som er førestnaden for å ha slike arrangement på små stader. Det er dugnadsånda og tanken på at saman kan ein få til mykje som er forlokkande på dei som vurderer å busetje seg her. Det er eit signal om at her kan ein få til kva som helst.

Dette er ei forenkla utgåve av prosjektkartlegging, utan vurderingar frå Distriktssenteret.