Fagområde: Omdømme Tilflytting

Bluesbygda Skånevik

Bluesbygda Skånevik er ein del av KRD si Småsamfunnssatsing frå 2006. Eit av måla har vore å få etablert ein «bluesprofil» for Skånevik – både menneskeleg, opplevingsmessig og bygningsmessig. Det viktigste resultatet er ei holdningsendring og ny stoltheit i bygda seier prosjektleiaren.

Bluesbygda Skånevik er ein del av KRD si Småsamfunnssatsing frå 2006. Eit av måla har vore å få etablert ein «bluesprofil» for Skånevik – både menneskeleg, opplevingsmessig og bygningsmessig. Det viktigste resultatet er ei holdningsendring og ny stoltheit i bygda seier prosjektleiaren.

Skånevik er ei fjord- og fjellbygd mellom Haugesund og Bergen med ca 750 fastbuande. Utover 2000-talet har bygda vore prega av fråflytting og nedlegging av hjørnesteinsverksemda Norway Seafoods.  Det tradisjonsrike Skånevik Fjordhotell sto også tomt, men etter at det fekk nye eigarar i 2005 byrja ting å skje. Hotelleigar og eldsjel Inger Karin Larsen forfatta ein søknad til KRD sitt småsamfunnsprosjekt med utgangspunkt i Skånevik Bluesfestival som var veletablert og godt besøkt.

”Bluesbygda Skånevik” fekk midlar frå småsamfunnssatsinga til Kommunal- og regionaldepartementet (KRD), kommunen og Hordaland fylkeskommune (HFK). Prosjektet vart  starta i 2006 og var treårig, men har sidan fått tilleggsløyvingar frå KRD og HFK slik at det no har midlar til 2010. Oppdragsgjevar er Etne kommune.

Visjonen til prosjektet

Bluesbygda Skånevik – bygda som vert ei tilflyttingsbygd – som alle berre MÅ besøke.

Det overordna målet for bluesbygdprosjektet er å skapa tilflytting til bygda. Dette skal gjerast ved å utvikle eksisterande bedrifter og etablere nye, slik at det blir tilbod om arbeid i Skånevik til alle som ynsker det. I tillegg er det ynske om å gjere Skånevik til ein plass der det er godt å leve og bu – ved å styrke servicetilbodet og det eksisterande lag- og organisasjonslivet. Nerven i utviklinga er blues – dette vil gjennomsyre alt som vert gjort. Det handlar om at Skånevik skal være attraktiv mellom bluesfestivalen og bluesfestivalen, med andre ord ikkje bare ei langhelg i året, men heile året.

Eit delmål er å få etablert ein ”bluesprofil” for Skånevik – både menneskelig, opplevingsmessig og bygningsmessig. Det handlar ikkje primært om bluesfestivalen, den står på egne bein, men alt ein kan få utretta basert på merksemda som festivalen har gitt og kjem til å gje også i framtida.

Mål

  • Etablere bluesidentitet og engasjement i bygda.
  • Planar for ”Bluesbygdas hus” (den gamle sardinfabrikken)
  • 100 elevar på Skånevik Skule
  • Doble turistbuss-trafikken kvart år i prosjektperioden
  • 200 engasjerte i bluesbygd prosjektet
  • Blues,- rock og soullinje i Skånevik (som studieretning på allmenfag)
  • 20 nye innbyggarar, netto
  • 40 nye arbeidsplassar
  • Vidareutvikle helseturismeprosjekt som er i gang
  • To nye kulturattraksjonar
  • Samferdsle, ferdige planar for tunell Skånevik – Etne
  • 10 nye bedrifter
  • 10 nye bustader
  • 20 nye hytter
  • Eldrekollektiv
  • Sentrum for leder- og organisasjonsutvikling.
Eierskap, organisering og formell forankring

Kommunen har vore orientert om prosjektet frå første søknad var skriven og har tre representantar i styringsgruppa; Ordførar, Rådmann og Annbjørg Bue frå landbruksavdelinga.  Det er jamnlege møte og kommunen gjer også det meste av det administrative arbeidet i prosjektet.

Bluesbygdprosjektet er basert på allmøter, interesse, engasjement og frivillighet. Innbyggarane i Skånevik har vore invitert med i prosjektet frå starten. Det har vore idemyldring og prosessar. Alle som har villa har vore med i organiserte undergrupper med konkrete fokusområde.

Distriktssenteret meiner arbeidet med lokal forankring i dette prosjektet er eit godt foredøme.

Mobilisering, involvering og medvirkning

Skånevikprosjektet har lukkast med å engasjere eit breitt lag av befolkninga. På oppstartmøtet i 2006 møtte over 350 personar opp, og på andre samlingar har det kome over 400. Det er over halvparten av dei som bur i Skånevik. Det har vore diskutert visjon, overorda mål, delmål, prosess, strategi og vegen vidare. Dette engasjementet har ein teke vare på gjennom å organisere sjølvstyrte undergrupper med konkrete fokusområde. Gruppene vel sine eigne leiarar og har eigne budsjett. Alt arbeidet er basert på frivillighet og sjølvstendig initiativ.

Distriktssenteret meiner at det er jobba svært godt med medverknad og mobilisering i Skånevik. Alle er inviterte med frå starten av og får vere med å påverke. Dette skapar sterk kjensle av ansvarleg medverknad og sosiale arenaer som gjer det inspirerande å vere med.

Kompetanse og menneskelige ressurser

Prosjektleiar Inger Karin Larsen har jobba med med utviklingsprosessar i over 20 år, som næringssjef og konsulent. Ho tilbyr også coaching til bedrifter. Ein av ideane i Bluesbygda prosjektet er å bruke coaching som metode og til no har 22 av ressurspersonane gjennomført dette. Prosjektet ”Bluesbygda Skånevik” var Larsen sin ide for å få ut det utviklingspotensialet ho meinte Skånevik hadde. Ho har vore prosjektleiar i heile perioden i tillegg til jobben som hotelldirektør og coach.

Prosjektet er organisert med 13 arbeidsgrupper som har lokale ressurspersonar som leiarar. Gruppene er sjølvstyrte med eigne budsjett, fokusområde og målsetjingar.

Distriktssenteret meiner at prosjektet har vist at det har god kompetanse og gjennomføringsevne. Organisasjonsmodellen medfører brei lokal medverknad og ansvarleggjering, samstundes som den frigjer prosjektleiaren frå mykje rutineprega oppfølgingsarbeid slik at ho kan bruke kreftene på å inspirere og tenke langsiktig strategi.

Kommunens rolle

Etne kommune har vore positive til prosjektet frå starten og har bidrege med midlar i fleire omgangar. Kommunen har tre medlemmer i styringsgruppa;  Ordførar, Rådmann og Annbjørg Bue frå landbruksavdelinga.  Det er jamnlege møte. Kommunen bidreg også med å gjere det meste av det administrative arbeidet i prosjektet, m.a. alle inn- og utbetalingar.

Distriktssenteret meiner at Etne kommune er ein god medspelar i prosjektet. Vi registerer likevel at kommunen ikkje er særleg opptekne av å framheve ”Bluesbygda Skånevik”, som den suksessen det er, i sitt eksterne arbeid. Verken på heimesidene til kommunen eller i andre samanhengar.

Fylkeskommunens rolle

Hordaland fylkeskommune prioriterte Bluesbygd prosjektet til Småsamfunnssatsinga til KRD i 2006. HFK har sidan følgd opp med å løyve sin del av midlane til prosjektet.  Prosjektet har no inne søknad om midlar til å forlenge prosjektet ut 2011 hos HFK.

Målformulering

Målet som vart formulert i den første prosjektsøknaden til  ”Bluesbygda Skånevik” var enkelt og tydeleg – å skapa tilflytting til bygda. Dette skulle gjerast gjennom å utvikle eksisterande bedrifter og etablere nye, samstundes som ein ville gjere Skånevik til ein plass der det er godt å leve og bu  ved å styrke servicetilbodet og det eksisterande lag- og organisasjonslivet. Ein sentral ide var å bruke den positive merksemda frå eksisterande Skånevik Bluesfestival til å lage ein bluesprofil for bygda.

Hovudmålet har sidan vorte vidare utvikla til delmål, tiltak og dugnadsprosessar der store delar av  bygda har vore involvert i arbeidsgrupper med kvar sine fokusområde og resultatmål. Etter kvart som enkelte mål er nådd har ein sett seg nye mål og starta nye delprosjekt.

Distriktssenteret meiner ”Bluesbygda Skånevik” har hatt gode prosessar med målformulering og arbeidet med å bryte visjonar, tankar og idear, ned til konkrete mål og tiltak. Gjennom å opprette fokusgrupper med kvar sine klart definerte mål har ein oppnådd både medverknad på brei front og raske resultat i arbeidet.

Resultat og effekt

I perioden 1999 – 2006 gjekk folketalet i Skånevik ned med 6.5 %. Etter tre år med Bluesbygdprosjektet har folketalet i Etne kommune gått opp med 28 personar i 2009, ifølge SSB. Såleis må det ambisiøse målet om å skape tilflytting seiast å væra nådd. Vidare er 14 er bustadtomter selde i Skånevik, det er starta fleire nye bedrifter og Skånevik Bluesfestival har fått selskap av 3-4 nye festivalar med godt publikumsframmøte. Likevel er det viktigaste resultatet av småsamfunnssatsinga ei holdningsendring og ny stoltheit i bygda ifølge prosjektleiar Inger Karin Larsen.

Distriktssenteret meiner at bluesbygdprosjektet kan vise til framifrå resultat og at her er mykje å lære og la seg inspirere av for andre bygder i liknande situasjonar.

Nyskapning og kreativitet

Det er ikkje tvil om at prosjektet har utløyst mykje kreativitet og nyskapande krefter i Skånevik. Bedrifter er etablerte, gamle tomter er rydda og selde til ungdom, det er starta fleire festivalar, reiselivet er revitalisert og ein har engasjert seg i samferdsledebatten, for å nemne noko. Det har skjedd ei haldningsendring blant innbyggjarane i bygda og mange er engasjerte i frivillig arbeid og korleis ein skal utnytte det mulighetsrommet som er skapt. Organisasjonsmodellen i bluesbygdprosjektet er også nyskapande, med sjølvstyrte arbeidsgrupper og kommunen som sekretariat.

Distriktssenteret meiner det er gjennomført svært gode og kreative prosessar i Skånevik som har endra haldningane i bygda for lang tid framover.

Småsamfunnsprosjektet ”Bluesbygda Skånevik” har hatt stor betydning for Skånevik.  Konkrete resultat er at fraflytting har snudd til tilflytting, det er fleire barn på skolen , mange «gamle» tomter er solgt, nye bedrifter er starta og i tillegg til den veletablerte Skånevik Bluesfestival er det  skapt fleire arrangement fordelt over årstidene. Likevel er det viktigaste resultatet av småsamfunnssatsinga ei holdningsendring og ny stoltheit i bygda ifølge prosjektleiar Inger Karin Larsen. Småsamfunnsprosjektet har skapt ei  tru i bygda på at «noen tror på oss» og at ting er mulig.

Læringsverdi

Distriktssenteret meiner at mykje er gjort rett i Skånevik. Heile bygda er tekne med og får medverke endringsprosessane. Alle som vil har fått kome med innspel og påverke kva tiltak som skal setjast i verk. Det er oppretta 13 sjølvstyrte arbeidsgrupper med definerte mål og arbeidsoppgåver som jobbar dugnad jamnleg. Medverknad og medbestemmelse viser seg igjen å vere ein viktig inspirator til innsats. Samspelet med kommunen er godt og kommunen tek seg av det meste av det administrative arbeidet med prosjektet slik at dugnadskreftene kan brukast direkte inn i det lokale samfunnsutviklingsarbeidet.

Mål og resultat

Ifølge SSB er den negative folketalsutviklinga i Etne kommune snudd til positive tal både i 2008 og 2009. I Skånevik 14 er bustadtomter selde, det er starta fleire nye bedrifter og Skånevik Bluesfestival har fått selskap av 3 -4 nye festivalar med godt publikumsoppmøte. Eit av måla var å skape ein bluesidentitet for Skånevik. Eit enkelt søk på Google gjev over 1700 treff på ”Bluesbygda Skånevik”.

Prosess og vurdering

Distriktssenteret meiner at dei prosessane som har vore gjennomførde i Skånevik har vore gode. I bygda med 750 innbyggarar var det 350 til stades på oppstartmøtet i 2006. Det har vore diskutert visjon, overorda mål, delmål, prosess, strategi og vegen vidare. Dette engasjementet har ein teke vare på gjennom å organisere sjølvstyrte undergrupper med konkrete fokusområde. Alt arbeidet er basert på frivillighet og sjølvstendig initiativ. Dette skapar sterk kjensle av ansvarleg medverknad og sosiale arenaer som gjer det inspirerande å vere med.

Vegen vidare

Prosjektet har fått ei tilleggsløyving på ein million kroner frå KRD og har inne søknad om meir midlar frå Hordaland fylkeskommune for å sikra framdrifta i prosjektet til nov 2011. Distriktssenteret meiner Bluesbygda Skånevik er eit godt døme på lokalt utviklingsarbeid og vil fortsetje å følgje prosjektet for vidare kunnskapsinnhenting.