Fagområde: Stedsutvikling

Attraktive møtestader ved sjøfronten

Skisser og modellar for sjølina i Rosendal er utarbeidde, men trong kommuneøkonomi har sett stadutviklinga i Hardanger-bygda på vent.

Fjordbygda Rosendal, med vel 900 innbyggarar, er kommunesenter og tettstad i Kvinnherad kommune. I prosjektet Utvikle attraktive møtestader ved sjøfronten, var målet å ruste opp sentrale sentrumsområde, for å gjere staden meir attraktiv for innbyggarar og besøkande.

Gjennom fleire år har det vore initiativ, frå kommune og andre lokale næringsinteresser, for å ruste opp tidlegare industriareal mot fjorden. Opprustning av sentrumsareal og tilrettelegging for sentrumsnære bustad- og næringsbygg har vore aktuelle tema, men ideane har vore meir ambisiøse enn ein klarte å følgje opp.

Då Kvinnherad kommune i 2008 kom med i Husbankens stadutviklingsprogram BLEST, først som hovudprosjekt, seinare signalprosjekt, fekk sentrumsplanane eit positivt løft. Gjennom programmet fekk kommunen tilført økonomiske midlar og tilgang til kunnskap og nettverk, som var utløysande for at kommunen bestemte seg for å utarbeide skisser og modellar for deler av sentrumsplanane.

Med utgangspunkt i reguleringsplan for området blei  sentrumsutviklingsprosjektet etablert. Det overordna målet var å utvikle sjøfronten som attraktiv sosial møtestad for fastbuande og besøkande. Konkret skulle prosjektet bidra til opprustning av det offentlege kaiområdet, torgplassen og gjere området ned mot sjøen tilgjengeleg.

Arbeidet kom skikkeleg i gang hausten 2008, med etablering av ei arbeidsgruppe og kommunal prosjektleiar. Med bakgrunn i utarbeidd reguleringsplan laga arbeidsgruppa grunnlag for ein arkitektkonkurranse, med modellar og detaljerte planar for området rundt kaien og torgplassen. Etter gjennomføring av konkurransen (sommar 2009) valgte kommunen å gå vidare med skissene frå Kontoret for Arkitektur og Plan (KAP), som omhandlar kaiområdet. Detaljskisse for dette kommunalt eigde området er no utarbeidd og nytt reguleringsplanarbeid er starta opp. For 2012 går kommunen også inn for å sette av midlar til å restaurere kaien.

Usikkerheit rundt den kommunale økonomien og prioritering av sentrumsutvikling har følgd arbeidet i Rosendal heilt frå starten av. Det har ført til mange stopp og usikkerheit rundt prosess og gjennomføring. Med oppstarten av ny reguleringsplan og føreslåtte midlar til kaiopprustning, meiner kommunen likevel at stykkevis vidareføring av stadutvingsplanane for Rosendal er realistisk.

Eierskap, organisering og formell forankring

Kvinnherad kommune, ved formannskapet, er formell prosjekteigar av sentrumsutviklingsarbeidet i Rosendal. Prosjektet tok utgangspunkt i tidlegare utarbeidd reguleringsplan for Rosendal sentrum og blei etablert hausten 2008, med leiar av teknisk etat som prosjektansvarleg og ei breitt samansett arbeidsgruppe. Gruppa blei leia av ein kommunalt tilsett prosjektleiar i 50 % og samansett av tre representantar frå kommuneadministrasjonen, ein representant frå kvar av dei ulike samarbeidsaktørane Husbanken, Hordaland fylkeskommune, Statens vegvesen, lokalt næringsliv ved Rosendal utvikling og privat grunneigar ved Skålafjæra AS.

Ei utvida arbeidsruppe fungerte også som jury for arkitektkonkurransen som blei gjennomført på forsommaren 2009. I tillegg til arbeidsgruppedeltakarane, blei ein lokal arkitekt trekt inn som juryleiar. Ein privat samarbeidspartnar med lokal tilknytning og stort engasjement for utviklinga i Rosendal, deltok også.

Lokalt næringsliv og relevante private grunneigarar har gjennom deltaking i arbeidsgruppa og jury vore involverte i planarbeidet. Det politiske miljøet var derimot ikkje representerte og har i liten grad vore involverte utover den formelle prosjekteigarrolla. Distriktssenteret meiner at den manglande politiske forankringa har vore til hinder for gjennomføringa av prosjektet.

Også evalueringa av BLEST-programmet peiker på at den manglande prioriteringa av kommunale midlar til arbeidet, kan sjåast i samanheng med liten politisk involvering i prosessen.

Mobilisering, involvering og medvirkning

Stadutviklingsprosjektet som blei etablert gjennom BLEST-programmet har, etter Distriktssenteret si vurdering, i liten grad involvert innbyggarar, lag og organisasjonsliv i Rosendal. Det blei i liten grad informert om  arkitektkonkurransen i forkant av førebuinga. Vinnarutkastet blei seinare presentert i folkemøte, men understreka at dette kun var modellar og ikkje vedtekne planar. Stadutviklingsarbeidet har si historie i ei rekkje tidlegare ikkje-realiserte initiativ og planar. Risikoen ved nok ein gong å skape forventningar som kanskje ikkje kunne møtast, synast å vere grunnen til at prosjektgruppa valgte ein meir lukka arbeidsprosess internt i arbeidsgruppa.

Prosessen i arbeidsgruppa, med førebuing av konkurransegrunnlag for arkitektkonkurranse, har vore god. Her har representantar for det lokale næringslivet og grunneigarar delteke. Ein ekstern investor med tilknytting til Rosendal har også bidrege. Næringslivet var også godt representert i juryen for arkitektkonkurransen.

Ut frå vår vurdering har arbeidsgruppa valgt å halde ein låg profil for prosjektet eksternt. Media og andre informasjonskanalar har blitt lite brukte til å orientere om arbeidet. Dette, meiner vi, er ei svakheit ved prosessen. Det blir mellom anna understreka i evalueringa av BLEST, der medverknad blir peikt på som betydeleg faktor for å utløyse lokalt engasjement og eigarskap. Rapporten viser til fleire andre stadutviklingsprosjekt der medverknad har bidrege til å utløyse viktige offentleg-private samarbeidsløysingar.

Kompetanse og menneskelige ressurser

Deltakinga i BLEST-programmet førte til nytt trykk på planane om opprustning av sentrale sentrumsområde i Rosendal. Prosjektet blei etablert etter PLP-metoden, eit verktøy for styring og organisering av prosjekt, og ei 50% stilling til prosjektleiing blei avsett.

I denne oppstartsfasen brukte prosjektleiaren nettverket av andre BLEST-kommunar til å orientere seg i kva andre prosjekt hadde gjort og korleis. Kontakt og dialog med Husbanken og Hordaland fylkeskommune blei også etablert. Etter vår vurdering har arbeidsgruppa slik skaffa seg nyttig kunnskap og erfaringar som har danna grunnlag for korleis dei sjølve valde å legge opp arbeidet.

Slik vi vurderer det, har prosjektet hatt kunnskap om og brukt faglege ressursar, som støtte i planlegging og gjennomføring. Når realiseringa av tiltaka ikkje er gjennomført, har dette, etter Distriktssenterets vurdering,  meir med politiske og økonomiske prioriteringar å gjere, enn prosjektet si evne til å ta i bruk relevant fagleg kunnskap og metodar.

Kommunens rolle

Kvinnherad kommune har gjennom fleire år vurdert og hatt planar om opprustning av sentrale sentrumsområde i Rosendal. Reguleringsplanen for området legg til rette for ny sentrumsutvikling, men konkrete tiltak er ikkje gjennomførde. Gjennom deltakinga i BLEST-programmet tok kommunen på ny tak i utfordringane. Ei prosjektgruppe med fleire kommunale fagressursar blei etablert, med 50% stilling som prosjektleiar.

Det lokale næringslivet og berørte private grunneigarar blei involverte i sjølve arbeidsgruppa, men kommunen valgde bevisst å ikkje opne opp for brei medvirkning frå lokalsamfunnet elles. I kommunen er det først og fremst fagressursar som har vore involverte i planane og prosjektet har ikkje hatt særleg politisk fokus. Kvinnherad kommune har fleire tettstader og bygder, alle med ønskje om utvikling av «sin stad». Dette kan også vere med å forklare eit litt utydeleg politisk fokus.

Slik Distriktssenteret vurderer det, har Kvinnherad kommune i liten grad klart å løyse ut lokalt engasjement og krafttak for sentrumsutviklingsprosjektet i Rosendal. Sterkare politisk fokus og forankring kunne ha vore viktige fødselshjelparar her. Slik BLEST-evalueringa også understrekar, har manglande politisk prioritering vore avgjerande for at dei planlagde tiltaka ikkje er blitt gjennomførde. Kommunen planla også bevisst med ein nokså lukka arbeidsprosess. Dette på grunn av usikkerheit rundt finansieringa av planlagde tiltak. Samstundes kan ein med eit slikt grep miste lokalt engasjement som drahjelp til nettopp gjennomføring.

Fylkeskommunens rolle

Hordaland fylkeskommune har bidrege med viktig fagleg rådgjeving i førebuing og gjennomføringa av arkitektkonkurransen. Fylkeskommunen har, til liks med Husbanken, delteke i prosjektgruppa og i juryen for arkitektkonkurransen. Slik vi vurderer det, har god dialog med fylkeskommunen, vore særleg viktig inspirasjonskjelde for prosjektleiaren.

Hordaland fylkeskommune har ikkje bidrege økonomisk inn i stadutviklingsprosjektet. Auka ekstern støtte ville ha styrka prosjektet, men etter vår meining er det først og fremst den manglande kommunale prioriteringa som stoppar gjennomføring.

Målformulering

Den overordna målsettinga for prosjektet var å gjere Rosendal meir attraktiv for buande og besøkande. Konkrete mål var opprustning av offentlege rom og møtestader i sentrum. Prosjektet skulle bidra til at kaiområdet og torgplassen blei rusta opp, og gjere område ned til sjøen tilgjengelege for folk flest.

Etter vår vurdering er prosjektmåla konkrete og lette å måle, men har ikkje ein konkret tids- og finansieringsplan knytt til seg. Arbeidsgruppa har avgrensa sitt arbeid til sjølve planlegginga og detaljerte planar for gjennomføring er ikkje utarbeidde. Usikkerheita rundt økonomi og prioriteringar virkar å vere viktig grunn. Samstundes kunne utarbeiding av eit meir konkret planverktøy ha vore til hjelp, ikkje minst som ei hjelp til å avklare kva som er utfordringane for prosjektet og korleis desse kan møtast.

Det bør likevel trekkast fram at arbeidsgruppa har lagt godt til rette for gjennomføring, og at gruppa sjølv vurderer at planprosessen var god, med klare ansvarsforhold og framdriftsplan. Her blei metodar og verktøy for prosjektplanlegging og styring nytta aktivt.

Resultat og effekt

Stadutviklingsprosjektet i Rosendal har hatt mange stogg, noko som fører til stor lokal usikkerheit rundt vilje og evne til gjennomføring. Etter arkitektkonkurransen bestemte Kvinnherad kommune seg for å gå vidare med skiser frå arkitektkontoret KAP. Skissene inneheldt forslag til opprustning og utforming av det kommunalt eigde kaiområdet, og kommunen såg det som mest realistisk å kome vidare med dette området.

Detaljerte planar og modellar for opprustning av torgplass og kaiområde blei utarbeidde og ny reguleringsplan for området er no starta opp. Det ligg også inne forslag om midlar til opprustning av kaien, i 2011, men ingen konkrete tiltak er gjennomførde.

Økonomiske prioriteringar frå kommunen og det private nærigslivet er avgjerande for å få realisert planane. Slik vi vurderer det, har ikkje prosjektet nådd måla solangt, men det er gjort eit viktig planarbeid og skisser er ferdig utarbeidde. Slik er det lagt godt til rette for god gjennomføring, dersom midlar blir løyvde.

Gjennom prosessen med planlegging og førebuing av arkitektkonkurransen har prosjektet bidrege til god dialog mellom kommune, grunneigarar og lokalt næringsliv. Samarbeidet med ekstern investor er også godt og har bl.a bidrege til eit samarbeid om utarbeiding av ny reguleringsplan for kaiområdet. Om ikkje prosjektet enno har fått si konkrete realisering, kan dette privat-offentlege samarbeidet over tid gje viktig bidrag til å løyse ut lokale initiativ.

Også i evalueringa av BLEST blir det peikt på at Kvinnherad kommune no har fått eit godt grunnlag å gå vidare på. Den manglande gjennomføringa betyr likevel at prosjektet i den samanhengen ikkje blir vurdert som vellukka.

Nyskapning og kreativitet

Sjølv om konkrete tiltak i sentrum av Rosendal enno ikkje er gjennomførde, synast deltakinga i BLEST-programmet å ha gitt nyttige impulsar og inspirert til nye måtar å jobbe på. Kunnskapsutvikling lokalt har vore viktig målsetting i BLEST og prosjekta er blitt oppfordra til å trekke på faglege ressursar i utviklingsarbeidet.

I Rosendal blei dette gjort på fleire måtar; for å utvikle skisser og modellar for opprustning av sentrum, blei det bestemt å gjennomføre ein arkitektkonkurranse. I førebuinga til konkurransen trekte også kommunen vekslar på eit lokalt arkitektkontor. Seinare blei dette kontoret involvert i juryarbeidet for konkurransen.

Også i prosjektgruppa har kommunen involvert faglege ressursar. Her har også andre private interessentar med engasjement for utviklinga i Rosendal bidrege. Dette har etter vår vurdering bidrege positivt inn i prosessen og kan danne viktig grunnlag for vidare privat-offentleg samarbeid og for lokale initiativ på sikt.

Også BLEST-evalueringa viser til det offentleg-private samarbeidet og bruken av arkitektfagleg rådgjeving og kompetanse inn i prosjektet, som nyskapande grep for prosjektet.

Stadutviklingsprosjektet Utvikle attraktive møtestader ved sjøfronten i Rosendal starta opp i 2008, som følgje av Kvinnherad kommune si deltaking i det statlege stadutviklingsprogrammet BLEST – bolyst og engasjement i byer og tettsteder. Programmidlar frå BLEST var eit avgjerande bidrag for at prosjektgruppa i 2009, gjennom  arkitektkonkurranse, fekk utarbeidd skisser og modellar for korleis attraktive område i sentrum kan rustast opp og utviklast vidare. So langt er dei konkrete tiltaka i prosjektet ikkje blitt realiserte og arbeidet er utsett.

Distriktssenteret si kartlegging og vurdering av arbeidet baserer seg i hovudsak på informasjon gitt av prosjektleiar, og på sluttevalueringa av programmet BLEST (Asplan Viak 2010).

Mål og resultat

Overordna målsetting i prosjektet var å gjere Rosendal meir attraktiv for buande og besøkande, gjennom opprustning av offentlege rom og møtestader i sentrum. Konkret skal prosjektet bidra til at kaiområdet og torgplassen i sentrum blir rusta opp, i tillegg til å gjere område ned til sjøen tilgjengelege for folk flest. Skisser og modellar for korleis dette skal gjerast er utarbeidde og Kvinnherad kommune har no prioritert detaljplanlegging og oppstart av ny reguleringsplan for kaiområdet. Gjennomføring av konkrete tiltak blei derimot sett på vent, grunna manglande økonomiske prioriteringar.

Prosess

Planar for opprustning av sentrumsområde i Rosendal har vore på det lokale sakskartet lenge, utan at noko konkret utvikling har skjedd. Då kommunen tok initiativ til og blei plukka ut til å delta i det statlege stadutviklingsprogrammet BLEST, fekk arbeidet eit nytt løft. Gjennom det planfaglege miljøet i Kvinnherad kommune blei ei arbeidsgruppe starta opp, der det lokale næringslivet også blei trekt inn. Involveringa og forankringa  hjå det politiske miljøet og lokalsamfunnet elles, har derimot vore liten.

Vår erfaring er at politisk forankring er kritisk med omsyn til vellukka lokalt utviklingsarbeid. At manglande lokal finansiering stoggar gjennomføringa av sentrumstiltaka i Rosendal kan, etter vår meining, ha samanheng med liten politisk forankring av arbeidet. Når kommunale midlar ikkje blir prioriterte, er det også tyngre å få det lokal næringslivet med.

Læringsverdi

Distriktssenteret meiner at stadutviklingsprosjektet i Rosendal er eit godt døme på at eksterne tilskotsmidlar og deltaking i kompetanseutviklingsprogram kan gje gryande lokale utviklingsprosessar eit nødvendig løft for å kome på sporet. I dette prosjektet kom BLEST-midlane til god utnytting ved gjennomføring av arkitektkonkurranse. Kommunen sit no att med eit heilskapleg utkast som omfattar eit større område, med potensiale for å gjennomføre fleire tiltak framover

Vi meiner at kartlegginga også illustrerer betydninga av at kommunale prosjekt har god politisk forankring: Forankring er ein suksessfaktor med omsyn til gjennomføring av og resultat i lokalt utviklingsarbeid.

Om dei konkrete tiltaka ikkje blei realiserte i prosjektet, har prosessen likevel gjeve viktige erfaringar. Det offentleg-private samarbeidet for å planlegge og gjennomføre arkitektkonkurranse, meiner vi kan vere viktig byggestein for å løyse ut lokale fellesinitiativ framover. Også bruken av og samspelet med eksterne fagressursar bør trekkast fram. Her har kommune og lokalsamfunn bygd verdifull kompetanse til bruk og nytte i det vidare, evt. inn i anna lokalt arbeid.

Vegen vidare

Det er framleis usikkert i kva grad Kvinnherad kommune går vidare med idear, skisser og planar som er utarbeidde. Prosjektleiaren i Kvinnherad kommune meiner likevel at arbeidet no er på riktig spor. For 2011 er det forslag om å løyve midlar til opprustning av kaien – eit viktig steg vidare for eit triveleg sentrum med god tilkomst til sjølina i fjordbygda Rosendal.

Distriktssenteret vil oppdatere prosjektomtalen etter ferdig utarbeidd reguleringsplan for kaiområdet, våren 2011. Det blir då ut frå prosjektets status vurdert om prosjektet skal følgjast vidare.