Distriktssenteret har eigne fylkeskontaktar for dei fleste av fylka i landet.
Fylkeskontaktane våre har følgjande ansvarsområder:
- Vere oppdaterte på utviklingstrekk, spesielle utfordringar, satsingar, prosjekt, planar og liknande i det aktuelle fylket.
- Nettverksbygging og koordinering av kontakten/ha oversikt over intern kartlegging av lokalt utviklingsarbeid innan for sitt fylke. Dette inneber å bygge nettverk inn mot den enkelte fylkeskommune og andre regionale utviklingsaktørar i fylket.
- Følgje opp samarbeidet med fylkeskommunen og andre utviklingsaktørar i fylket.
- Direktør/avdelingsleiarane har det overordna ansvaret for å følgje opp Distriktssenteret sin kontakt mot sine fylke. Direktør/avdelingsleiarane koordinerer arbeidet og fordeler arbeidsoppgåver internt. Direktør/avdelingsleiarane kan i dette arbeidet disponere rådgjevarar frå dei to andre avdelingane, etter avklaring med teamkoordinator og dei andre leiarane.