Fagområde: Kommune og butikk

Sertifiseringsordning for bygdelivsbutikkar

På oppdrag frå Distriktssenteret har Civitas skildra ei mogleg ordning med sertifisering av bygdelivsbutikkar. Denne rapporten presenterer mogeleg utforming av ei ordning, og skisserer korleis den kan utviklast og drivast.

Distriktssenteret utforskar arbeidsmåtar og løysingar for berekraftige lokalsamfunn og framtidsretta tenestetilbod i distrikta, bl.a. gjennom prosjektet Bygdelivsbutikken – nærbutikken som møteplass og velferdssentral i små lokalsamfunn. Oppdraget med å skissere ei mogleg sertifiseringsordning for bygdelivsbutikkar er knytt til dette prosjektet, og er eit delresultat frå arbeidet. Målet er å finne ut om ei mogleg ordning kan supplere eksisterande virkemidlar for styrking av lokal handel og service, og kva eventuelle samanhengar dette kan ha med Merkur-programmet.

Rapporten frå Civitas gir prosjektet grunnlag for uttesting og drøfting av kriterier for sertifisering av bygdelivsbutikkar, kva som er attraktive fordelar, nytten av ei mogeleg sertifiseringsordning, og samanhengar til Merkur-programmet.

Innhaldet i rapporten

Skisse til mogeleg sertifiseringsordning er i hovudsak ei vidareutvikling av Civitas sitt forslag i rapporten «Lokalisering av handel og service – styring gjennom planlegging etter plan- og bygningsloven», bestilt av Kommunal- og distriktsdepartementet i 2022. Rapporten er ikkje ei djuptgåande vurdering med utgreiing av juridiske omsyn eller konsekvensar, men ei skisse for kva ei ordning kan omfatte og fungere i praksis.

Rapporten skildrar ei mogeleg ordning til gode for bygdebutikkar som gir litt ekstra tilbake til lokalsamfunnet. Den føreslegne ordninga inneber at butikkar som yter tilstrekkeleg ekstra innsats kan bli sertifisert som bygdelivsbutikk, få tilgang til og bli premierte med attraktive fordelar.

​Rapporten vurderer at utvikling og etablering av ei ordning berre er relevant dersom ein kan lukkast med å få fram reelle og attraktive fordeler, og at ei mogeleg ordning også bør omfatte bylivsbutikkar. Dette ut frå innsatsen som ei mogeleg ordning vil innebere. I første omgang blir det tilrådd å teste ut kriterie og sjå på mogelegheiter for å knyte attraktive fordelar til ei slik ordning.

Meir om prinsipp, kriterier, fordelar og gjennomføring

Utfyllande moment frå forslaget:

  • Ei ordning kan gjennomførast som ei uavhengig (tredjeparts) sertifisering på liknande måte som Miljøfyrtårn, men med mindre omfattande dokumentasjonskrav.
  • Det må vere mogeleg at fleire butikkar i same bygd er sertifisert, samstundes kan det vere usertifiserte butikkar i same bygd.
  • Både butikkar i og utanfor Merkur-programmet kan bli sertifiserte. Dei må oppfylle krav og få nok poeng.
  • ​Kriteriesettet er bygd opp med nokre få minimumskrav, og elles basert på poenggjevande innsats innanfor 9 område. Butikken kan på ulike måtar oppnå nok poeng til å bli sertifisert.
  • Minimumskrava er knytt til vareutval, driftstid, orden ute og kompetanse. Kravet om vareutval er utforma slik av viss bygda berre har ein butikk, må den ha daglegvarer for å kunne bli sertifisert som bygdelivsbutikk.
  • ​Forslaget skisserer ulike moglege fordeler. ​Aktuelle typar er fordeler til kunden, til butikken gjennom kjede/leverandørar, og ulike offentlege myndigheiter. Fordeler gitt til kommunar som har bygdelivsbutikkar blir også foreslått.

Målgruppe og nytte

Rapporten er eit delresultat i prosjektet Bygdelivsbutikken, og viktig grunnlag for Distriktssenteret og Innlandet fylkeskommune til å utforske relevansen av kriteria, kva som er attraktive og mogelege fordeler og korleis ei slik ordning evt kan supplere eksisterande virkemidlar.