Fagområde: Omdømme

Rapport om omdømmebygging

Etter ein omfattande inspirasjonsturné rundt om i heile landet hausten 2009/vinteren 2010, har vi samla nyttig kunnskap, erfaringar og nettverk som vi gjerne deler med alle som har interesse.

I rapporten får du innblikk i omgrepet omdømme, kvifor det er viktig å ha eit godt omdømme og korleis drive omdømmebygging. Vi fortel om kva som er blitt gjort i ulike kommunar, og om responsen frå deltakarane.

Fagfolka vi har hatt med på arbeidet er av dei fremste ekspertane på omdømmebygging i landet. Dei deler raust av sin kunnskap.

Målet med rapporten er å gi kommunar kunnskap og inspirasjon til å starte ein prosess som kan gi kommunen best mogleg omdømme. Det er ikkje luksus å arbeide for eit godt omdømme.