Fagområde: Ung i Distrikts-Norge

Rapport: Geografiske forskjellar i utanforskap

Er det fleire unge utanfor arbeid, utdanning og opplæring i dei minst sentrale kommunane enn i dei mest sentrale? Er det forskjellar i gruppa av dei unge utanfor arbeid, utdanning og opplæring mellom kommunar med ulik sentralitetsklasse?

Utanforskap er ein stor økonomisk og sosial utfordring for heile Noreg. Med særs låg arbeidsløyse i landet generelt og i mange distriktskommunar særskilt, er det utfordrande å skaffe kvalifisert arbeidskraft. Difor er det mange private bedrifter, frivillige organisasjonar og offentlege instansar som no jobbar med prosjekt for å få personar som står utanfor arbeidslivet inn i jobb eller utdanning. Mange av tiltaka rettar seg særleg mot unge utanfor utdanning, opplæring eller arbeid.

Denne rapporten ser på forskjellar i unge i alderen 15 – 29 år utanfor arbeid, utdanning og opplæring (NEET) mellom kommunar i sentralitetsindeks frå 1 til 6 i åra 2015-2021:

  • Er det fleire unge utanfor arbeid, utdanning og opplæring i dei minst sentrale kommunane enn i dei mest sentrale?
  • Er det kjønnsforskjeller?
  • Er det forskjellar i gruppa av dei unge utanfor arbeid, utdanning og opplæring mellom kommunar med ulik sentralitetsklasse?
  • Kor stor betydning har faktorar som utdanning og kulturell bakgrunn for ulikheiter mellom dei ulike kommunane?
  • Korleis har dette endra seg frå 2015 til 2021?

SSB delar norske kommunar inn i sentralitetsklassar frå 1 til 6 ut i frå gjennomsnittleg køyrelengd til arbeidsplassar og sørvisinstitusjonar (Høydahl, 2020). Rapporten gir også innspel til vidare forsking innanfor feltet.

Forskjellar i unge utanfor arbeid, skule og opplæring mellom Noreg og EU

Noreg har ein lågare del av unge utanforskap i alderen 15 – 29 år (7.4 %) enn i EU (kvinner 14.5 %, menn 11.8 %). Rapporten viser at gruppa av desse ungdomane i Noreg har større utfordringar enn same gruppa i EU. I ein OECD-rapport frå 2018 slås det fast at denne gruppa i Noreg har seks gonger så stor sjanse for å føla seg deprimert, og ni gonger så stor sjanse for å seie at dei har dårlegare helse enn ungdom flest.

Forskjellar i unge utanfor arbeid, skule og opplæring mellom sentrale og mindre sentrale kommunar i Noreg

Forskjellane i prosent av ungdom i utanforskap mellom kommunar med høg og låg sentralitetsgrad er liten. I gruppa av ungdom som ikkje har fullført grunnskulen er det færre utanfor arbeid, skule og opplæring i rurale kommunar enn i sentrale kommunar. Bryt ein ned ungdommane i ulike grupper er delen av «Andre, ikkje på tiltak» høgast i dei mest sentrale kommunane og dei «Uføretrygda» høgast i dei minst sentrale kommunane.

Prosentdelen av unge utanforskap i alderen 15 – 29 år har gått litt ned frå 2015 til 2021 utan at ein kan slå fast at det er ein tydeleg trend. Forskjellane mellom dei mest sentrale og minst sentrale kommunane er og relativt stabile. Av ulike unge utanfor arbeid, skule og opplæring er dei største befolkningsgruppene innvandrarar og lågt utdanna. Dei mest sentrale kommunane har flest innvandrarar og færrast lågt utdanna. Mellom fylka er det størst del av unge i utanforskap i Oslo og Vestfold og Telemark.

Kva treng vi meir kunnskap om?

Sjølv om SSB sine data om unge utanfor arbeid, skule og opplæring og sentralitet egnar seg til innleiande studiar og analysar, er det behov for meir kunnskap og forsking. Meir detaljerte data på kommunenivå og individnivå vil gjere det mogleg å gå djupare inn i dei tema som blir omtala i denne rapporten. Til dømes:

  • Kva kjenneteiknar individs løpebanar mellom dei ulike arbeidsmarknadsstatusane?
  • Er dei ulike for folk i rurale og sentrale kommunar?
  • Korleis ser overgangane mellom ulike utdanningsnivå og frå utdanning til arbeidsmarknaden ut – og er desse ulik i sentrale og rurale strøk?
  • Kva for geografisk dimensjon fangar best opp variasjonen i statusen av unge i utanforskap?
  • Kva for strukturelle faktorar som økonomi, kultur og andre kan forklare variasjonane?

Rapporten er skriven av forskarane Merete Labriola (Forskar I) og Håvard Thorsen Rydland (Forskar II) frå NORCE på oppdrag frå Distriktssenteret. Statistikken er levert av SSB, på oppdrag frå Distriktssenteret.

Stikkord: