Fagområde: Stedsutvikling

Fellesskapsturisme

Dag Jørund Lønning og Rhys Evans ved Høgskulen for landbruk og bygdenæringar kom hausten 2010 med ein rapport om «Fellesskapsturisme» – reiseliv som kjelde til lokal utvikling.

Rapporten er bygd på feltstudiar på Ringholmen i Aure kommune i Møre og Romsdal. I tillegg har dei eit eige kapittel om kva litteraturen seier om fellesskapsbasert turisme.

Forfattarane er opptekne av å inkludera lokalbefolkninga som deltakarar for å utvikla reiselivet. Dersom ein held fram med å definera turisme/turisten som «den andre», vil det gå ut over vår evne til både å kunne forstå og vidareutvikla det handlingsrom som oppstår ved framveksten av ein meir fellesskapsbasert turisme. Dei hevdar vidare at motivasjonen for delta i arbeidet, er mykje større innanfor eit definert fellesskap, enn det er som deltakar i samfunnet.

Distriktssenteret ser på rapporten som eit spennande innspel til vidareutviklinga av morgondagens reisemålsutvikling. Den legg vekt på eit sterkt samspel, involvering og forståing av mekanismane i reiselivet.

Stikkord: