Kva er samfunnsutvikling?

Lokal samfunnsutvikling er å arbeide for å utvikle kommunen som stad å bu, og legge til rette for arbeidsliv og fritid.

Alle kommunar ønskjer å tilby innbyggjarane sine ein god stad å bu. Dei ønskjer óg ha eit lokalt næringsliv med arbeidsplassar for innbyggjarane.

Kommuneorganisasjonen har eit særleg ansvar og rolle i utviklingsarbeidet. Den må ta ansvar for heilskap i prosessane, og sørge for at alle grupper blir høyrde og representerte. Kommunen må ta initiativ til og definere aktivitetar, følgje opp henvendingar, og være ein pådrivar for å skape utvikling på ei rekke områder.

Dei har også ulike forutsetningar for å bidra i arbeidet med å skape trivsel og samhøyrighet. Kommunen som organisasjon må heile tida arbeide for å løyse oppgåvene sine til beste for innbyggjarane. Det krever god balanse mellom kva ein kan yte, kva ein bør yte og kva ein kan forvente. Derfor er det viktig at kommunen har kapasitet til å drive godt utviklingsarbeid både i og utanfor kommunal tenesteproduksjon.

Samfunnsutvikling handlar om

  • arbeid med samfunns- og arealdelen i kommuneplanen
  • stadutvikling gjennom fysisk utforming av landskap og bygningar
  • å skape engasjement og tilhøyrighet
  • miljø- og klima
  • utradisjonelle og nyskapende grep i utviklinga av tenestetilbodet
  • å stimulere til demokratisk deltaking
  • samferdsle, transport og digital infrastruktur
  • omdømmebyggjing og synleggjering av kommunen
  • inkludering av nye innbyggjarar
  • miljø og folkehelse