
Leiar for bu- og blilyst på Ål, Anne Nordheim på synfaring saman med Lars Ivar Brattegard, dagleg leiar i Hallingdal Hytteservice. Foto: Ål kommune
I Ål kommune har bustadutvikling gått frå tradisjonelle arbeidsformer og løysingar, til samskaping og nye buformer. Saman med eit nyskapande næringsliv har kommunens vilje til å tenkje nytt ført til meir varierte og etterspurde bustadtilbod.
Endra behov krev nye arbeidsmåtar
I takt med endringar i behov, preferansar og ein økonomisk usikker marknad må også kommunens bustadpolitiske strategiar og arbeidsmåtar vurderast. Det gjer Ål kommune.
Bustadutviklinga bar etter kvart litt preg av happy go lucky, meiner kommunedirektør Karsten Popp Dideriksen. Kommunen gjorde det same som «alltid» var blitt gjort: regulerte, la til rette byggefelt og satsa på privat utbygging.
Så gjekk ikkje dette lenger av seg sjølv, det måtte tenkast nytt.
«Hva om det går? Slik tenker ålingen»
– Karsten Popp Dideriksen, kommunedirektør i Ål kommune
Vilje og evne til å satse
I 2021 var bustadsituasjonen svært pressa, behovet for sentrumsnære utleigebustader var stort. Ål kommune sette sjølv i gang to prosjekt på kommunale sentrumstomter.
Dei to prosjekta er 6 utleigebustader på Stavin, og 6 mikrohus i Gartnarvegen. Ål kommune nyttar bustadane i rekruttering og busetting av flyktningar.
Samstundes starta dialogen med lokale utbyggjarar om bygging av sentrumsnære småhus/leilegheiter med kommunal kjøpsgaranti. Kommunen kjøpte 6 av 21 leilegheiter i det som blei Hago burettslag. 3 av einingane selde kommunen etter kvart ut, medan 3 er kommunale rekrutteringsbustader.
Kommunens samla investering for 6 leilegheiter i Hago burettslag, 6 leilegheiter på Stavin og 6 mikrohus i Gartnarvegen var 20 millionar kroner.
Husbanken bidrog med 5,8 millionar i tilskot til utleigebustader. Denne tilskotsordninga er ikkje lenger del av Husbankens virkemidlar.

Reidun Aaker, tidligare kommunalsjef Ål kommune, og Anita Pettersen, tidlegare rådgjevar i Husbanken på besøk hos Hago Burettslag.
Leige til eige – ein måte å «prøvebu»
Av dei 21 ferdige leilegheitene på Hago er 6 bustader so langt ikkje selde. Utbyggjaren, Hallingdal Hytteservice, driv her utleige og ei forsøksordning med «leige til eige».
«Utleige og leige til eige er ikkje noko vi eigentleg driv med, men erfaringa så langt er at det fungerer bra»
– Kristian Fløysand, fagleg leiar i Hallingdal Hytteservice
Ordninga har truffe både tilflyttarar og etablerte ålingar. For fleire er dette ein måte å «prøvebu» Ål og ein sentrumsnær leiligheit, før dei bestemmer seg for å kjøpe.
Å følge opp eventuelle kjøp krev mykje kundekontakt og oppfølging, men samtlege av dei som prøvebur i Ål har synt interesse for å kjøpe på sikt.
Ringar i vatnet
Kommunen ser at initiativ og nye idear veks fram. Eit døme er eit kompakthus-prosjekt med 6 einingar, og leilegheitsprosjektet Ål sentrumspark, med tilsaman 39 sentrumsleilegheiter og sosiale fellesareal inne og ute.
Desse nye prosjekta tilfører også ny kunnskap om buformer og eigemodellar som ein ikkje har hatt erfaring med tidlegare. Hallingdal Hytteservice har hausta positive erfaringar med utvikling av burettslag på Hago, og sel no leiligheiter etter same modell i Ål sentrumspark.
Set krav til god informasjon og rettleiing
Samstundes skal nye bu- og eigeformer også modnast hjå aktuelle kjøparar. Burettslagsmodellen er ikkje så godt kjend i Ål. Å informere godt og gje god rettleiing til interesserte, har difor vore viktig.

Medverknadsarbeidet har også bidrege til utvikling av konsept for eit småbrukstun tett på naturen og eit generasjonsleilegheitsbygg med sosiale buformer. Foto: Evy Myhre/Hallingdølen
I samband med utviklinga av prosjektet Ål sentrumspark har utbyggjarane difor gått saman med ein lokal sparebank og bustadbyggelaget Ringbo, om mest mogeleg samla og heilheitleg informasjon og rettleiing.
Medverknad med verknad
Nye måtar å arbeide på har gitt felles forståing og djupare innsikt i både utfordringar og mogelege løysingar, både i kommunen og hjå private aktørar i Ål.
Kommunen erfarer at opne og dialogbaserte prosessar ikkje berre har gitt kunnskap og nye idear til prosjektutvikling. Det har også bidrege til at utbyggjarar i større grad ser på kommunen som samarbeidspart, og ein part som kan spørjast til råds.
«Me fekk fleire ønskje om å legge til rette for sosiale møteplassar, både ute og inne. Mange var opptekne av å dyrke litt, sjølv om dette er sentrumsleilegheiter. Så no blir utearealet planlagt med drivhus»
– Lars Ivar Brattegard, Dagleg leiar i Hallingdal Hytteservice
Gjennom satsinga har Ål kommune jobba med medverknad og brukarorientering på fleire måtar:
- Lokale arbeidsverkstader med innsikt og innspel frå innbyggjar-grupper, utbyggjarar og næringsliv
- Opne møte med Ål pensjonistforbund, bygdekvinnelaga i Ål og Ål eldrelag
- Fokusgruppe-intervju
- Utvikla personas og brukarcase basert på innsiktsarbeid frå bustadundersøking og drøftingar i fokusgrupper
- Målretta informasjon til flyktningar og andre utanlandske tilflyttarar
Dagleg leiar i Hallingdal Hytteservice, Lars Ivar Brattegard, stadfestar at opne møter og prosessar er viktige for samarbeid. Han erfarer at prosessane også har bidrege til ei sterkare og utvida forståing av ulike målgrupper og kva behov dei har.
Erfaringar med tilskot til bustadkjøp
Styrkt dialog og samarbeid med utbyggjarar og næringsliv har bidrege til at fleire og meir varierte bustadprosjekt er på trappene. Men planlagde konsept og bustader blir ikkje realiserte utan at mange nok kan, og vil kjøpe.
I Hallingdal har kommunane Ål, Hol og Flå prøvd ut ei tilskotsordning. Ambisjonen er å skape meir dynamikk og omsetnad i ein statisk bustadmarknad, og å stimulere til tilflytting. Eit strategisk bulyst-tiltak, eller lite treffsikker subsidiering? Meiningane har vore mange og delte.
I Ål blei ordninga rigga mot unge vaksne mellom 18-40 år som kjøper eller byggjer bustad for første gong.
Innbyggarundersøkinga og fokusgruppeintervju viste at mange unge strevar med eigenkapitalkrav og finansiering, som igjen kan vere eit hinder for rekruttering og busetting. Ordninga la opp til eit tilskot på kr. 300.000 per søkar, med ei bindingstid på å bu i Ål kommune i minimum 6 år.
Ved flytting ut av kommunen må tilskotet tilbakebetalast med 5% rente pr. år av samla tilskotssum.
Opprinneleg blei det sett av bustadpolitiske midlar til offentleg-private samarbeidsprosjekt og garantiordning for utbyggjarar. Etter forslag frå administrasjonen blei midlane omdisponerte til ei tilskotsordning. Ei slik ordning blei vurdert å treffe breiare.
For 2023 sette Ål kommune av til saman 24 millionar til ordninga. For 2024 blei det sett av 10 millionar, og 9 millionar for 2025. 1 million av desse er friske midlar, 8 millionar er tidlegare tilsagn som ikkje er blitt brukte av mottakarane innan vilkårsdatoen for tilskotet.

Bu- og blilyst som ramme
I Ål er bustadarbeidet godt politisk og administrativt forankra i samfunnsplanen og strategisk næringsplan.
Arbeidet heng tett saman med kommunens bu- og blilyst-arbeid, som igjen er kopla til Hallingdalregionens samla innsats for bu- og blilyst. Her har Ål kommune fungert som prosjektleiar og pilot for utprøving av bustadtiltak.
Leiar for bu- og blilyst på Ål, Anne Nordheim, erfarer at prosjektet og det regionale programmet har fungert som ei viktig ramme for systematisk innsats, og gitt eit heilheitleg fokus på utvikling.
Kommunedirektøren i Ål er sjølv tidlegare tilflyttar. Han er ikkje i tvil om at tiltak for bu- og blilyst heng tett saman med bustadutvikling. Eit godt bustadtilbod er grunnleggande, men det er sjeldan bustaden i seg sjølv som avgjer flytting og busetting.
«Hva gjør at du ønsker å bli boende? Du må kjenne at du hører til, da kjøper du gjerne også bolig»
– Karsten Popp Dideriksen, kommunedirektør i Ål kommune
Betre innsikt i regionens behov og moglegheiter
Ål kommune har leia regionens felles innsiktsarbeid på bustadtemaet. Her er det gjennomført ei brei bustadundersøking, etablert eit offentleg-privat bustadnettverk og gjort kartlegging av kommunane sitt bustadarbeid og potensiale for regionalt samarbeid.
Dei har også arrangert regional bustadkonferanse. Tiltaka er støtta av den nasjonale ordninga Boligtiltak i distrikta.
Bu- og blilystsatsinga er no avslutta. Det skal jobbast vidare med å avklare regionens oppgåver og rolle, og evt samarbeidsområde. Er ideen om eit regionalt bupilotkontor aktuell, eller vil kommunane sjølve styre bustadpolitiske initiativ?
I Ål kommune har Bu- og blilystprosjektet og bustadsatsinga gitt mykje læring som dei kan ta med seg inn i kommunens ordinære utviklingsarbeid.
Ikkje minst erkjenninga av at bustadutvikling heng saman med bu- og blilyst. Utan eigna bustader, ingen bu- og blilyst. Utan bu- og blilyst, heller ingen busetting. Det må liggja i botn.