Fagområde: Tilflytting

– Veksten kjem utanfrå

– For folk frå folkerike delar av verda, er grisgrendte bygder i distrikta midt i blinken!

Mannen bak desse orda er Marcel Meijer. Han burde vite kva han snakkar om. Nederlendaren flytta til Sogn og Fjordane for seks år sidan. No er han prosjektleiar for tilflyttings- og rekrutteringsprosjektet i Nordfjord, som blir vurdert kvart år.

Arbeidsplass er avgjerande

Hovudmålet med prosjektet er å bidra til å snu den negative utviklinga i folketalet, og å få yngre krefter og arbeidskraft til å hindre forgubbinga som har prega regionen. For å oppnå dette har dei delteke på rekrutteringsarrangement i Nederland. Det er avgjerande for suksess at bedrifter i regionen har behov for arbeidskraft. Nesten alle prosjektkommunane fekk personell gjennom prosjektet. Sju innflyttarar har starta eigne bedrifter, og fire studentar fekk praksisplass i lokale bedrifter.

Ettertrakta småbarnsfamiliar

Meijer har nettopp skrive rapporten Fleire innbyggjarar og nye ressursar i deltakande kommunar som syner til gode resultat: Frå berre fire personar i 2005 til toppåret i 2008 med 56 personar. Totalt 219 menneske er registrert flytta til Noreg som følgje av prosjektet; 190 til Nordfjord, resterande til andre kommunar utanfor regionen. Av desse er 92 born, som er viktige for å oppretthalde avgjerande tilbod i grender som ønskjer å vere attraktive og aktive.

Større region vekte større interesse

23 familiar har kjøpt eller bygt hus i prosjektområdet. Det starta med Bremanger kommune i 2002. Tre år etter vart det utvida til regionen Nordfjord.

– Det at vi utvida prosjektet til å gjelde ein større region, gjorde prosjektet meir interessant for potensielle kandidatar, hevdar Meijer.

– Ein større region betyr fleire moglegheiter og større mangfald. Familiar som fekk hjelp frå prosjektet etablerte seg i dei minste bygdene i regionen. Rundt 12 prosent flytter attende til heimlandet etter prøveperiode som kan vare frå månader til år.

Nederlendarar står i kø

– Det er mange ”vinn-vinn”-situasjonar med eit slikt prosjekt, seier Meijer, og ramsar opp:

  • Barnehagar og skular har fått fleire born
  • Vi har klart å mobilisere lokalfolk til å leige ut tomme hus
  • Mange innflyttarar er aktive i lag og organisasjonar
  • Deltaking på messer har auka turismen til Sogn og Fjordane
  • Mange venner og familie kjem på besøk til dei som har flytta hit
  • Nytt i 2010 var at vi fekk søknader om sommarjobb, og studentar på leit etter praksisplass i norske bedrifter
  • Kontakt mellom vidaregåande skule i Vågsøy/Eid og Nederland kan føre til utvekslingsprosjekt i nær framtid

Integreringsfasen er avgjerande

I sluttrapporten, som ikkje er skriven på perfekt norsk, men likevel fullt forståeleg, kan ein lese at det framleis står nederlendarar i kø for å etablere seg i distrikta.

Kor viktig for suksessen er det at du sjølv er nederlandsk, og dermed kjenner målgruppa svært godt?

– Det er ein fordel at eg visste alt om emigrasjon frå eiga erfaring, spesielt dersom det gjelder ei stor endring frå tettbygde buområde til ein utkant i Noreg, seier prosjektleiaren.

– Eg veit alt om fordelane, men også om ulemper og utfordringar. Det er avgjerande å nå utanlandsk rekruttering på ein profesjonell måte. Kunnskap, kompetanse, objektivitet, engasjement, kvalitet i oppfølging av familiane, arbeidsmåte og val av målgruppa er vesentleg, legg han til.

Forankring i kommunen

Prosjektet er forankra i kvar kommune gjennom ein kontaktperson, ein tilsett i kommunen, som er informert om alt som skjer i kommunen i samband med prosjektet. Styringsgruppa får rapport fire gonger i året. Kvart år vurderer Nordfjordrådet om dei skal vidareføre prosjektet.

Stikkord: