Slik involverar du utviklingsaktørar utanfor kommunehuset

Har din kommune eit bevisst forhold til at lokalt utviklingsarbeid krev ressursar på lik linje med det å vere tenesteleverandør?

Eidfjord med eigen samfunnsutviklar

I Eidfjord kommune i Hardanger har dei tilsett ein eigen samfunnsutviklar i kommunen. Med dette har dei sett av ressursar til utvikling av lokalsamfunnet, og utviklingsaktørar på utsida av kommunehuset har ein person å diskutere idear med. Eidfjord har i tillegg fleire aktørar som samarbeider tett omkring lokalt utviklingsarbeid:

Frå kommuneplan til handling

Samfunnsutviklar i Eidfjord, Lisbeth Bygstad Celik, fortel om ein spennande kvardag. Ho har hovudansvaret for å trekke trådar mellom ønskt utvikling, som er definert i kommunen sin samfunnplan, og tiltak som blir sett i verk i kommunen. Oppgåva hennar er å involvere og koordinere aktørar og ressursgrupper som er engasjerte i ulike utviklingstiltak.

Ein av planane som Lisbeth jobbar for å omsette til handling er kommunen sin Handlingsplan for stadutvikling 2010 – 2012.

I Eidfjord definerer dei stadutvikling som meir enn den fysiske omgjevnaden, dei legg i tillegg vekt på at mennesket si tilknytning til staden er viktig. «Våre eigne opplevingar og erfaingar tyder mykje for våre sosiale liv, vår oppfatning av staden og korleis me brukar den,» heiter det i kommunen sin handlingsplan for stadutvikling.

– Skal ein lukkast med å skape ein attraktiv stad, er det viktig at kommunen inviterer innbyggjarane, foreiningar, næringsliv og lokale eldsjeler til eit samarbeid – med rom for kreativitet, skaparkraft og engasjement for alle, seier Lisbeth.

Partnarskapsavtalar med frivillige organisasjonar

I Eidfjord er frivillige organisasjonar blitt ein viktig del av det lokale utviklingsarbeidet. Kommunen  lagar avtalar med lag og organisasjonar om ulike prosjekt, til dømes rydding av turstiar. Lisbeth legg vekt på at kommunen er tydeleg i sin bestilling, og at avtalane er skriftlege.

– Slike avtalar forpliktar og det gir eit sterkt eigarskap når til dømes turstien opnar, og mange av innbyggjarane har lagt ned stor dugnadsinnsats.

Systematisk utviklingsarbeid

Eidfjord har jobba systematisk og godt med lokalt utviklingsarbeid. I 2008/2009 fekk dei Norsk institutt for by- og regionsforskning til å gjennomføre studien «Stedsutvikling i Eidfjord – en sosiokulturell stedsanalyse«, der 150 innbyggarar deltok. Dette arbeidet gav grunnlaget for planen for stadutvikling av Eidfjord, og i 2011 fekk dei tildelt Bulystmidlar frå Kommunal- og regionaldepartementet. Tiltaka her heng saman med det innbyggjarane har spela inn gjennom tidlegare involveringsprosessar.

Sjøbua – bygdas juvel

Eit synleg resultat er kommunen sitt kjøp og restaurering av den gamle Sjøbua som var eit steinbakeri frå 1860. I sommar vart steinomnen teken i bruk igjen, og den har fått sin eigen landslagsbakar med namnet Thomas Valand. Bygget er tiltenkt ulike kulturbaserte næringar i kommunen. I tillegg skal bua vere open for lokalbefolkninga til ulike formål.

Skuleklassar har fått opplæring og kursbevis i brødbakarkunsten. Under Matkulturfestivalen i september stod skuleelevar og selde brød som dei hadde baka i Sjøbua, med forklede der det stod «Eg er Eidfjord si framtid».

I juli er omnen i drift for produktutvikling der lokale eldsjelar er med som medhjelparar hjå landslagsbakaren. Sjøbua er blitt ein viktig møteplass for ulike sosiale arrangement, eit kulturhistorisk landemerke i sentrum og er attraktiv for besøkande. I lokalsamfunnet går bua for namnet ”Juvelen ved fjorden”.

Foto: Distritkssenteret.

Identitet og stoltheit

Omdømmebygging er også ei prioritert oppgåve som Eidfjord set i samanheng med lokalt utviklingsarbeid. Dei legg vekt på at omdømme må byggast innanfrå og ut. Stolte innbyggjarar med kunnskap om staden dei bur på, er dei beste ambassadørar kommunen kan ha. Og i Eidfjord har dei eigen Ambassadørskule for alle innbyggjarar frå skulealder og oppover. Eit anna tiltak er filmprosjektet der skuleelevar filmar stader i Eidfjord som er viktig for dei. Andre kreative aktørar har jobba med eit ”Strikkeprosjektet”, der alle trea i alleen i innkøyringa til kommunen vart kledd i strikk som var produsert av bydefolket.

– At bygda viser rom for mangfald, engasjement og kreative løysingar er vesentleg om ein skal vere attraktiv som bygd, seier Lisbeth.

Ingen åtte-til-fire-jobb

Eidfjord sin samfunnsutviklar har ei open kontordør for alle innbyggjarar som tek turen innom.

– Ein dag dukka det opp ei dame på kontoret mitt og spurde «korleis kan eg bidra?».

Ho hadde lest dokumentet ”Stedsutvikling i Eidfjord – en sosiokulturell stedsanalyse” og med det som inspirasjon laga ho sin forretningsplan om å starte eigen bedrift i Eidfjord. Elisabeth Hatland er veldig positiv til korleis ho er blitt teke i mot av kommunen med sine planar om bedriftsetablering. Ho er inspirert av møteplassen Sjøbua er blitt, og håpar på å samspele med dette miljøet i eiga bedrift. Og for Eidfjord må det vere flott å ta i mot ein kreativ og modig bedriftsetablerar med mottoet «dette har vi aldri gjort før, så det går sikker bra!»

Men like ofte er Lisbeth ute i bygda for å møte samarbeidspartar og utviklingsaktørar.

– Å jobbe med utvikling er ingen åtte til fire jobb, seier Lisbeth. Ofte er ho på jobb laurdagar og på kveldstid, for det er då næringsliv og lagsliv har tid å møte ho.

Distriktssenteret meiner Eidfjord kommune har eit bevisst forhold til korleis dei vil jobbe med lokalt utviklingsarbeid. Det å organisere arbeidet slik at dei når samarbeidsaktørar og eldsjeler som jobbar for lokalsamfunnet på fritida si er viktig, og bidrar til å skape god utviklingskultur.