Elevtal som peikar nedover
Kva gjer ein skule når prognosane for framtidige elevtal peikar nedover, og om ein ikkje gjer noko vil skulen gå mot ei styrt nedlegging? I Sauda valde dei å tenkje nytt. Med skuleeigar Rogaland fylkeskommune aktivt med i planane, starta dei å sjå på ulike moglegheiter. Sauda vidaregåande skule (vgs) jobbar etter visjonen «Me vil meir». Dei driv ein god vidaregåande skule med høg fagleg kvalitet, og samstundes ønskjer dei å vere ein utviklingsaktør og eit kompetansesenter for Ryfylke.
Utviklingsprosjekt genererer nye
Etter ein spennande lokaliseringskamp nasjonalt i 2004, vart ToppVolley Norge lagt til Sauda vgs avdeling Sand i Suldal kommune. Dette er ein landsdekkande volleyballinje med eit tre-årig vidaregåande skuletilbod. Med bakgrunn i denne lokaliseringa, etablerte Rogaland fylkeskommunen i 2004 eit tre-årig utviklingsprosjekt kalla ”Pilotprosjekt Regionalutviking – eit hopp inn i framtida”. Målet med prosjektet var å sjå på ringverknadane ToppVolley Norge skapte lokalt og regionalt.
Ved avslutning av pilotprosjektet i 2007, såg eit nytt prosjekt dagens lys: ”Nettskolen Rogaland”. Prosjektet tok utgangspunkt i å utvikle kompetanse på nettbasert undervisning i Rogaland. Fire vidaregåande skular frå fylke deltok i partnerskapen. I løpet av prosjektperioden kom løysingar og infrastruktur på plass, og Nettskolen Rogaland er no i ordinær drift og administrert frå Sauda vgs.
Nettskule og infrastruktur skapte nye moglegheiter, og i 2009 vart eit nytt tre-årig utviklingsprosjekt etablert. ”Skreddarsydd utdanning” er eit regionalt samarbeid om utdanningstilbod mot private og offentlege verksemder. Målsettinga i prosjektet er at lokalsamfunn må utviklast ved å kvalifisere dei som er der. Berre i løpet av to år har 600 personar (tilsvarar 20 bachelorgrader) delteke på ulike studietilbod. Med bakgrunn i den store oppslutninga prosjektet fekk, vert det i 2012 utvida til eit større geografisk område og omfattar no heile Ryfylke.
I 2012 vart det etablert eit nytt prosjekt: «Pilot Regional Organisering av Utdanning. Utdanning i Ryfylke«. Involverte partar var Rogaland fylkeskommune, Ryfylkekommunane, vekstselskap og næringsliv i Ryfylke, Høgsolen Stord/Haugesund og Høgskolen for Landbruk og bygdeutvikling. Ved eit konsept basert på samarbeid og samhandling, er det skapt høve for skreddarsydd høgare utdanning tilpassa lokale forhold i ei tid som set krav til omstilling og stadige taktskifte. Det er teke i bruk moderne kommunikasjonsteknologi for fjernundervisning. I staden for at kandidatar til etter- og vidareutdanning reiser til ein utdanningsinstitusjon, blir undervining tilrettelagt der folk bur, tilpassa jobb og familiesituasjon. Prosjektet har prøvd ut ei ny tilnærming til Livslang læring på ein regional arena. Sjå prosjektrapport Utdanning i Ryfylke (2015).
Spennande regional utvikling
Fylkeskommunen i Rogaland har jobba med regional utvikling på ein interessant måte gjennom si satsing på opplæringstilbod og tilrettelegging av digital infrastruktur. Dette har gitt distriktsskulane i fylket eit nytt bein å stå på.
Hans Hylen Solberg er tilsett på Sauda vgs og har vore prosjektleiar for dei utviklingsprosjekta Distriktssenteret har sett på. Han var vore med sidan «Pilotprosjekt Regionalutvikling» starta i 2004. Kompetanse og utvikling i eitt prosjekt har generert nye moglegheiter. Det at Sauda vgs har fått høve til å jobbe med utviklingsarbeid i tillegg til å drive ein god vidaregåande skule, har gitt dei eit nytt bein å stå på som regionalt kompetansesenter for offentlege og private bedrifter. «Vi jobbar aktivt inn mot kommunar og næringsliv i regionen og etterspør kva kompetanse dei har behov for, og prøver å skreddersy studietilbod«, seier Hans Hylen Solberg.
Ein modell for organisering som er brukt i dei tre utviklingsprosjekta er partnarskapsavtalar. Dette er forpliktande avtalar der aktørar går inn i prosjektet med ressursar, kompetanse, nettverk eller økonomiske midlar. Partnarskapet blir av kommunane beskrive som eit fora for ideutvikling og samarbeid, og ein viktig møteplass der dei møter Fylkeskommunen som regional utviklingsaktørar i lag med andre lokale aktørar.«Det er heilt nødvendig å jobbe fleire i lag for å få til utvikling,» seier Andreas Fløgstad i Sauda kommune. Saman har dei feira suksessar undervegs i prosjekta, og «vi»-følelsen har gitt driv til å tenke ny utvikling. Dette er ein positiv spiral.
Regionale og lokale ringverknader
Kva som skapar optimisme og utviklingskraft i eit lokalsamfunn, heng ofte saman med mange faktorer. Distriktssenteret meiner at utviklingsprosjekta vi har sett på i tilknytning til Sauda vgs har bidrege til ei positiv utvikling.
Sauda vgs har no positiv vekst i elevtal stikk i strid mot prognosane. Den vidaregåande skulen i Sauda får gode resultat på elevundersøkingar. Skulen har svært motiverte elevar, og er blant dei beste i fylke på tal elevar som fullfører eksamen/ har låg ”drop-out”.
Arbeidsplassen Sauda vgs er ein hjørnesteinsbedrift i kommunen med 100 tilsette. Kommunen beskriver at utviklingsarbeidet til Sauda vgs har svært positive ringverknader for kommunen. Berre dei fire siste åra har det flytta 60 personar til Sauda med familiar, noko som kommunen knyttar sterkt til skuleutviklinga. I 2009 vart Sauda vgs kåra som årets Sauda-bedrift for det utviklingsarbeidet dei har jobba med.
I Suldal får dei årleg 35 nye elevar ved ToppVolley Norge, og tilsaman er der 100 elevar ved den vidaregåande skulen i Sand. Desse er gode ressursar for lokalsamfunnet bl.a. som populære volleyballtrenarar for den yngre generasjonen. Lokalt næringsliv merkar også auka omsetnad. Den nye sandhallen som opna i 2011 er ein ettertrakta treningsarena langt utom fylkesgrensene, og gir ringverknader for overnattingsbedrifter og lokalt næringsliv.
Må framleis «ville meir»
Den positive trenden kan likevel ikkje gje Sauda vgs og dei andre utviklingsaktørane høve til å slappe av. Prognosane viser at elevtala vil halde fram å synke til 2017, og dette krev vidare satsing på lokalt og regionalt utviklingsarbeid. Distriktssenteret meiner Rogaland fylkeskommune har jobba med regional utvikling på ein spennande måte gjennom at dei har sett regionale effektar av skule- og kompetansesatsing, og prioritert ressursar til utviklingsarbeid. Korleis Fylkeskommunen følgjer dette arbeidet opp vidare, blir spennande å sjå.
Distriktssenteret meiner også at dei lokale aktørane som kommune og næringsliv har ei viktig rolle i vidare utviklingsarbeid. Kommunane må gjennom samfunnsdelen i kommuneplanen definere ønskja utvikling for sitt lokalsamfunn. Dei må halde fram det gode samarbeidet med næringsliv og andre lokale utviklingsaktørar, og saman jobbe for å gjere lokalsamfunna attraktive for dei som bur der og nye tilflyttarar.