Fagområde: Omstilling

Omstillingseffektar lenge etter i Narvik

Omstillingsprogrammet Narvik kommune gjennomførte frå 1996-2001 har bidratt til mellom 263 og 394 arbeidsplassar i perioden 1996 til 2009. Utan omstillinga ville Narvik hatt 3-4 prosent færre arbeidsplassar. Det viser ein rapport om langtidseffektar av omstilling som Trøndelag Forskning og Utvikling har laga etter initiativ frå Distriktssenteret.

– Det er tydeleg at omstillingstatus gir kommunar og regionar kommunar eit løft med langsiktige resultat. Omstillingsprogramma vi har studert har likevel ikkje vore kraftige nok til å kompensere fullt ut for negativ utvikling som følge av langvarig nedgang i basisnæringar, nedbemanning i hjørnesteinsbedrifter og generelle sentraliseringsprosessar, fortel seniorforskar Roald Sand  i Trøndelag Forskning og Utvikling.

Konkrete resultat

– Narvik er eit godt døme på eit vellukka omstillingsprogram, men også på at ein må arbeide langsiktig for å lukkast, seier direktør i Distriktssenteret Halvor Holmli. – Mål som kunne virke svevande i ein tidleg fase har materialisert seg, og framleis ser vi at det som var omstillingsmål vert noko av, lenge etter omstillingsperioden var over.

Narvik hadde omstillingsstatus i perioden 1996-2001, for å ta tak i utfordringane etter omfattande nedbemanning i fleire bransjar på 80- og 90-talet . Totalt vart det løyvd 78,5 millionar kroner til omstillingsarbeidet. Studien som no er gjennomført viser at Narvik  ville hatt 3-4 % færre arbeidsplassar i dag om ikkje omstillingsarbeidet hadde blitt gjennomført. I rapporten blir det anslått at omstillingsarbeidet har bidratt til at mellom 263 og 394 arbeidsplassar er skapt frå starten i 1996 og fram til 2009.

Nyttig lærdom

I studien har Trøndelag Forsking og Utvikling sett nærare på ti område som hadde omstillingsstatus rundt tusenårsskiftet for å finne ut om omstillingsprosjekta har hatt langvarig effekt. Til saman fekk dei ti prosjekta 388 millionar kroner i tilskot frå Kommunal- og regionaldepartementet, fylka og kommunane. Ved utgangen av 2009 hadde omstilling i dei ti områda  bidratt til 1565 fleire arbeidsplassar. Det er likevel grunn til å legge merke til at studien viser at desse områda  har 3900 fleire arbeidsplassar enn ein kunne ha venta om utviklinga var som i samanliknbare kommunar og næringar. Ei rekkje andre forhold har såleis også vore viktige for utviklinga.

– Omstillingsarbeidet i Narvik har bidratt til etableringar både innan industri og andre fagområde. Det er rett nok  få resultat innan reiseliv, men no gir informantane til studien signal om at også dette er i ferd med å lausne. Større involvering frå kommunen si side, til dømes innan arealplanlegging, kunne ha ført til endå større måloppnåing, seier Holmli

Fakta

Eit omstillingsprogram er ein tidsavgrensa, ekstraordinær innsats for å få snudd en svært negativ utvikling i sysselsetting og folketal. Finansieringa skjer med offentlege midlar frå stat, fylkeskommune og en eigendel frå kommunane som gjennomfører programma. Hovudmålet med omstillingsmidlane er å utvikle lønsame arbeidsplassar, få ein meir robust og variert næringsstruktur og å styrke næringsutviklingsevna. Før 2004 var det Kommunal- og regionaldepartementet som tildelte slik status. Etter 2004 er det fylkeskommunane som administrerer verkemiddelet. Innovasjon Norge har heile tida  hatt ei rolle som kompetansesenter for omstilling.