Fagområde: Omdømme

Omdømmeundersøking gav retning

Denne artikkelen er arkivert. Enkelte opplysninger kan være utdaterte.

Karmøy kommune fekk solid starthjelp av omdømmeundersøkinga si.

Vel 1000 av personar bidrog då Karmøy kommune i 2007 starta å arbeide systematisk med omdømmet sitt. Innbyggarar og næringsliv i og utanfor kommunen samt kommunen sine medarbeidarar deltok i ei omdømmeundersøking og svara på spørsmål om korleis dei oppfatta Karmøy kommune. Dette gav kommunen tydelege tilbakemeldingar frå sine målgrupper og ein kurs for det vidare arbeidet.

Forbetringsområde

– Målet var å finne forbetringsområde og få grunnlag for å drive strategisk omdømmebygging, fortel prosjektleiar Bente K. Eikeland. Ho og kommuneleiinga var spente då resultata låg på bordet. Jamt over scora kommunen svært høgt. Karmøy vart oppfatta som ein god kommune å leve og bu i, og som ein god arbeidsgjevar. Men kommunen kunne bli betre på å kommunisere med innbyggarar og næringslivet.

Mediebruk

Eit av spørsmåla i omdømeundersøkinga var kva mediekanalar målgruppa nytta seg av når dei søkte informasjon om kommunen. På topp var lokalmedia, etterfylgd av kommunens nettsider samt lokalradioen. Nedst på lista kom sms, folkemøte, telefon og servicetorget. Slik fekk kommunen peikepinn om kva kanalar dei kan vidareutvikle. – Dette har gjeve oss grunnlag for å prioritere. Særleg kjem internett til å bli viktig framover, fortel prosjektleiaren.

Kommunikasjonsstrategi

På bakgrunn av undersøkinga vart det nedsett ei arbeidsgruppe som skulle jobbe med kommunen sitt kommunikasjonsarbeid. Nyleg vedtok kommunestyret ein kommunikasjonsstrategi med målretta tiltak mot ulike målgrupper, den fyrste i Karmøy si historie. – Me ynskjer å vere ein kommune som kommuniserer meir og betre, med bodskap tilpassa dei ulike målgruppene våre, fortel Bente K. Eikeland.

Ikkje logo og slagord

Karmøy har hatt hjelp av eit eksternt byrå i undersøkinga. – Me ynskja å få mest mogleg ut av analysen. Sjølv har me stor kompetanse på kommunen vår. Me trengte hjelp av nokon som var gode på metode og som hadde kunnskapar innan omdømmearbeid, seier Bente K. Eikeland. Seinare i prosessen har byrået spelt ei viktig oppgåve for å forankre omdømmearbeidet internt blant leiarane i kommunen. – Det viktigaste for oss har vore å bygge omdømme innanfrå og ut. Me har ikkje brukt tid på å lage logo eller slagord til no, seier prosjektleiaren.

Nye målingar

Omdømmearbeidet har vore grundig førebudd og forankra internt. Leiargruppa i kommunen har vore styringsgruppe for omdømmeprosjektet. Gruppa har spelt ei aktiv rolle i heile prosessen. Etter fleire år med førebuingar, undersøkingar og utarbeiding av strategi, er kommunen no klar for å starte opp konkrete tiltak. – Me vil i framtida gjennomføre fleire omdømmeundersøkingar blant målgruppene for å måle om tiltaka har hatt effekt, fortel Bente K. Eikeland.

karmoy.kommune.no