Minihus og aktiv bustadsatsing på Lovund

Det vesle øysamfunnet Lovund har lukkast med noko mange småkommunar og lokalsamfunn strevar med: å utvikle eit variert og velfungerande bustadtilbod. No også med minihus.

På avstand ser Lovund ut som ei tradisjonell, nord-norsk kystbygd.
Foto: Inge Karoliussen

Lovund er ein tettstad og eit øysamfunn i Lurøy kommune, med vel 500 fastbuande. Dei siste 25 åra har Lovund gått frå folketalsnedgang og sterk aldring til å bli eit livskraftig småsamfunn. Folketalet er dobla og befolkninga er ung.

Til Lovund kjem unge vaksne, frå Noreg og andre land, i hovudsak for å jobbe i dei lokale lakseverksemdene på øya. Nokre jobbar her eit par år før dei flyttar att, men det er framleis mange som vel å etablere seg på øya.

Denne tilflyttinga har har framsynte lokale samfunnsbyggarar lagt til rette for, mellom anna gjennom systematisk og langsiktig satsing på bustad- og stadutvikling.

Minihus i klyngetun

Bustadmarkanden på Lovund er både variert og attraktiv.  Det siste tilskotet er 13 minihus. Desse stod ferdige hausten 2018 og alle er no utleigde. Minihusa enkle, moderne og populære førstegongsbustadar for unge tilflyttarar til Lovund.

Minihusa på Lovund rettar seg mot unge vaksne som ønsker eit rimeleg, men moderne butilbod på øya.
Foto: Inge Karoliussen

Foto: Inge Karoliussen

Kvar bueining er på 33m2, identisk utforma og inneheld alt du treng: eit lite soverom, bad og opphaldsrom. I tillegg har kvar eining både bod og utebod. Husa er oppført som ferdige modular levert frå Moelven. Byggekostnaden ligg på om lag ein milli0n pr. bueining, med ei husleige på om lag 5000.- kr i månaden. Arkitekt er Valrygg Arktiektur.

Minihusa ligg i ei klynge med små terassar og uterom, på eit område i gå- og sykkelavstand til sentrum. Opprinneleg var tomta sett av til einebustader, men den blei omregulert ut frå ønskje lokalt om å utvikle eit minihus-prosjekt.

Minihus er enno nytt for mange kommunar, men etter god dialog og avklaringar rundt tekniske krav, energistandardar og ventilasjon, er både arkitekt, utbyggar og kommune nøgde med løysinga.

Styreleiar Bjørnar Olaisen i Hamnholmvalen Eigedom, som står bak utbygginga, fortel at minihusa supplerer det eksisterande bustadtilbodet av einebustader og leilegheiter. Bueiningane er rimelege, og det er viktig for mange av dei unge tilflyttarane. Samstundes er husa funksjonelle, med moderne uttrykk og kvalitetar.

Private og kommunale bidrag til langsiktig utvikling

Til saman er det bygd oppimot 110 nye bustader dei siste 25 åra. Lokale næringsaktørar har også bygd squash-hall og bidrege sterkt i finansiering av fleirbrukshall med treningssenter, pub og hotell. Fleirbrukshallen er bygd i tilknytning til skulen.

Eit viktig kommunalt bidrag er utbygging og opprustning av skule og barnehage. Lurøy kommune har vidare vore ein god samarbeidspart i regulering og tilrettelegging av areal, og har også bidrege med Folk i Husan-tilskot til folk under 40 år som har etablert seg med bustad.

Hamnholmen. Her er det bygd fleire bueiningar i moderne stil, med eit amfi ned mot sjøen og ei badestrand inst i bukta.
Foto: Inge Karoliussen

Brakkebyar på veg ut

Elles har «brakkebyar» vore eit vanleg syn i mange distriktskommunar dei siste 10 åra. Det blir gjerne løysinga når verksemder treng meir folk og det lokale bustadtilbodet ikkje dekkar etterspurnaden. Slike containerhyblar har det også vore på Lovund. No står det att berre eitt slikt containerhus, og det skal bort.

Bustadmangel har ført til «brakkebygder», også på Lovund. Foto: Inge Karoliussen
Foto: Inge Karoliussen

– Containerhus signaliserer det mellombelse og det vil vi ikkje. Her bygger vi samfunn! presiserer Bjørnar Olaisen i Hamnholmvalen Eigedom.

Det seier Olaisen vel vitande om at det å bygge samfunn skaper langvarige verdiar, men at «nokon» også må gjere investeringa. Eigedomsselskapet er eigd av dei største lokale verksemdene på Lovund, og har vore ein svært viktig bustadutviklar.

Variasjon og bukvalitet er viktig

I tillegg til planlegging, bygging og sal, driv eigesomsselskapet også utleige. Dei fleste bustadene blei bygde for utleige, men etterkvart som mange av tilflyttarane vel å etablere seg, vil dei også eige huset dei bur i. Bustadprisane skil seg ikkje vesentleg frå større tettstader og småbyar på Helgeland elles.

– Vi har klart å skape den variasjonen og bukvaliteten som er viktig for at folk torer å satse her, seier ein stolt styreleiar.

Den lokale, næringsdrivne bustadsatsinga og stadutviklinga på Lovund er noko utanom det vanlege. Men den er langt frå tilfeldig. Det handlar om systematisk og langsiktig satsing på å utvikle gode butilbod og bumiljø for ulike målgrupper. Lokale næringsaktørar med evne og vilje til å ta stort samfunnsansvar, og med «tålmodig eigenkapital» har vore suksessformelen.

– Dette handlar ikkje om å tene pengar! Vi ønskjer å trekke til oss gode folk. I tillegg til jobb, må vi tilby gode bustader og andre butilbod, slik at det er attraktivt å kome hit, seier Olaisen.

Det har det vesle øysamfunnet lukkast med. Det spirer og gror på Lovund.