Minecraft engasjerte barn og unge i samfunnsplanlegginga

Då Sogndal kommune skulle få innspel til samfunnsplanen frå barn og unge, møtte dei målgruppa på deira eiga heimebane: Minecraft ⛏🧱.

Sogndal kommune har gode erfaringar med bruk av dataspel for å engasjere barn og unge i samfunnsplanlegginga. Planavdelinga, grunnskulane og kommunen si IKT-avdeling samarbeida om eit prosjekt der elevane brukte Minecraft for å gje innspel til samfunnsdelen.

Kontaktinformasjon

Sigrid Ølmheim
samfunnsplanleggar, Sogndal kommune
[email protected]
+47 975 34 382

Sigrid Ølmheim, samfunnsplanleggar i Sogndal kommune meiner prosjektet har synt både kva tema born og unge er opptekne av, og at unge har høge ambisjonar for utviklinga av heimstaden sin. Ho meiner innspela frå elevane supplerer det representative demokratiet og gir retning for den langsiktige samfunnsutviklinga.

Mål: engasjere barn og unge i samfunnsplanen

I 2020 starta nye Sogndal kommune arbeidet med sin første samfunnsdel. Målet var å skape den mest samskapte planen i Noreg. Kommunen ville ta i bruk ulike og nye metodar for å engasjere innbyggarane, og barn og unge var ei prioritert målgruppene.

 – Det handlar jo om å planlegga framtida. Og skal ein gjera det utan ungdommane?
Sigrid Ølmheim, samfunnsplanleggar i Sogndal kommune

Skulane i Sogndal har over tid satsa på digitalisering. Difor har alle elevane tilgang til eigen PC eller nettbrett, og lisens til spelet «Minecraft education edition» (MEE). Minecraft er eit «sandkasse-spel» der spelarane kan bygge og rive konstruksjonar av kubar i ei open digital verd. MEE er ei spesialutgåve av spelet som er tilpassa for bruk i undervisning.

Som del av IKT-satsinga tok skulane og IKT-avdelinga i kommuneadministrasjonen initiativ til eit prosjekt for å bruke Minecraft i undervisninga. I samarbeid med planavdelinga i kommunen bestemte dei at prosjektet skulle knytast til arbeidet med samfunnsplanen.

skjermdump frå Minecraft.

Frå 1. – 4. klasse ved Fjærland skule sitt framlegg. Merk eige anløp for Hurtigruta. Skjermdump: Sogndal kommune

Utfordring: Sogndal kommune i 2050

For å engasjere elevane i prosjeketet, lyste kommunen ut ei utfordring. Elevane vart inviterte til å lage forslag til korleis Sogndal kommune vil sjå ut i 2050. Elevane skulle legge vekt på kreativitet, berekraft og digitale løysingar, og bygge opp forslaga sine i Minecraft. Til slutt skulle dei presentere innspela sine ved å lage ein film.

Her kan du sjå utfordringa elevane fekk.

Kontaktinformasjon

Bente Mossige Ask
IKT-rådgjevar, Sogndal kommune
[email protected]
+47 57 65 25 79

Både samfunnsplanleggar, IKT-rådgjevar og skulane meiner at samfunnsplanen eigna seg godt som tema for Minecraft-utfordringa. Både fordi elevane kunne kome med innspel til ein aktuell prosess, og samtidig fordi oppgåva gav rom for kreativitet. Kreativiteten er lett å omsette i konkrete forslag i eit spel som Minecraft, som mange barn og unge kjenner godt til frå før.

 – Det kunne vore eit fiktivt prosjekt, men her retta vi oss heller mot prosessar som pågjekk i kommunen, der ein arbeidde med utforming av digitaliseringsstrategi og samfunnsplan samtidig. Eg trur me fekk eit mykje større engasjement hjå elevane fordi me gjorde det sånn.
Bente Mossige Ask, IKT-rådgjevar i Sogndal kommune

Målet var i utgangspunktet at prosjektet skulle stimulere elevane til utprøving og spelbasert læring. At prosjektet også ville bidra med gode innspel til samfunnsplanlegginga, var noko som kom tydelegare fram etter kvart som elevane jobba med prosjektet og då juryen til slutt fekk sjå filmane frå elevane.

Filmar med innspel til samfunnsplanlegginga

Resultatet av prosjektet var at kvar skuleklasse lagde ein film der dei presenterte sine innspel til samfunnsplanen. Kvar ungdomsskule kunne levere to filmbidrag, og barneskulane leverte eit samla bidrag frå skulen. Elevråda var involverte i å velgje ut bidraga som skulle representere deira skule.

Ein tverrfagleg jury med representantar frå oppvekst, skule, samfunn og næringsutvikling, samfunnsplanlegging, og pedagogisk IKT-rådgjevar, vurderte alle bidraga. Ordførar Arnstein Menes leia juryen. To vinnarar, ein i barneskuleklassen og ein i ungdomsskuleklassen, vant ein 3D-printar til sin skule.

I filmane viser elevane fram det dei har bygd i Minecraft, og argumenterer for kva dei meiner vil vere viktig for Sogndal i 2050. Juryen opplevde at filmane gav verdifull innsikt i elevane sine refleksjonar, og dei var overraska over kor realistiske og overordna innspela frå elevane var.

 – Det var mykje mindre «eg ønskjer meg ein flygande bil til ungdomsklubben», og mykje meir «vi treng samlingsplassar og barnehagar og skular og må ha fokus på landbruk». Dei var mykje flinkare og meir overordna enn vi hadde forventa.
Bente Mossige Ask, IKT-rådgjevar

Alle skulane snevra inn problemstillinga, sånn at elevane jobba med si eiga heimbygd. Når elevane presenterte sine framtidsvisjonar, var det med tydeleg stoltheit over heimplassen. Filmane viser fram element i nærmiljøet som elevane er stolte av, identifiserer seg med og vil ta vare på, til dømes stavkyrkja og bedrifta Lerum. 

Filmane viste og at elevane har stort engasjement for klima og miljø. Dei inneholdt innovative løysingar for både transport, energiproduksjon, avfallshandtering og matproduksjon. Det kom i følgje samfunnsplanleggar mange ambisiøse innspel, som ikkje kan realiserast direkte gjennom samfunnsplanen. Slike innspel fortel likevel noko om kva barn og unge er opptekne av, og kva ambisjonsnivå dei har for utviklinga. 

Sjå vinnarbidraga

4A Leikanger barneskule

8A Kaupanger skule

Innspela frå dei unge supplerer det representative demokratiet

Samfunnsplanleggar i Sogndal meiner at elevane sine meiningar på enkelte område er ulike frå kva vaksne meiner. Samstundes er barn og unge i liten grad representerte i det politiske liv. Det er difor spesielt viktig at barn og unge blir høyrt i planprosessane som skal forme samfunnsutviklinga.

 – Det politiske miljøet er ikkje breitt samansett, det er ganske smalt. Ungdommar under 18 er ikkje representerte, og småbarnsforeldre er også veldig lite til stades i det politiske miljøet. Politikarane er oftast folk på 45 +. Og så er det veldig mange lokale, og ikkje mange tilflyttarar. Så det politiske synet på røynda kan av og til vere ulikt det administrative synet. Ungdommanes syn balanserer kanskje opp dette synet litt og hjelper oss å gje ei betre analyse av tilstanden i samfunnet og korleis det bør vere i 2050. Sigrid Ølmheim, samfunnsplanleggar

Forslaga elevane laga i Minecraft viste og at elevane har stort engasjement for klima og miljø. Samfunnsplanleggaren meiner dette bidrar til engasjement også i administrasjonen, og gir administrasjonen eit godt grunnlag for å prioritere i samfunnsplanen. Ho meiner bidraga frå dei unge har gjort det enklare for administrasjonen å råde kommunestyret til å vedta ein plan med høgt ambisjonsnivå på desse tema.

Ved å vise det store potensialet som ligg i å involvere unge i samfunnsplanlegginga, har Minecraft-prosjektet også bidrege til å styrke synet på at dei unge må bli høyrt i samfunnsutviklinga i Sogndal kommune. Dette viser att att ved at samskaping og involvering går igjen som tema i samfunnsplanen.

SKjemdump frå Minecraft. Viser bygningar langs fjorden.

Frå Fjærland skule sitt bidrag. Skjermdump: Sogndal kommune

Korleis synleggjere effekten av ung medverknad?

Administrasjonen opplever at Minecraft-utfordringa har bidrege med gode innspel til samfunnsplanen, men dei meiner at dette kanskje er lite synleg for innbyggarane i kommunen og for elevane som deltok i prosjektet. Til neste lignande prosess ønskjer samfunnsplanleggar i Sogndal å legge ein plan for oppfølginga av medverknaden, slik at kommunen raskt kan respondera med noko fysisk der elevane kan sjå att innspela sine. Ho meiner ei løsysing kan vere å arrangere ei fotoutstilling med bilete frå Minecraft-prosjekta.

Samfunnsplanleggaren peiker også på fordelane ved å knyte prosjektet opp mot meir konkrete arealplan-prosessar. Arealplanen opplevast gjerne som meir konkret enn samfunnsplanen, noko som kan gjere det enklare å kome med relevante innspel. I tillegg kan det vere enklare å synleggjere effektane av innspela, gjennom realisering av fysiske prosjekt. Minecraft eignar seg også godt for å illustrere fysiske løysingar. Planleggarane i Sogndal ønskjer difor å nytte innspela frå Minecraft-prosjektet inn i arbeid med områdeplanar.

 – Vi skal i gang med områdeplanar for tettstadane, og har fått utarbeidd profesjonelle moglegheitstudiar, men Minecraft-innspela er jo ungdomane sine moglegheitstudiar. Eg ser føre meg at dette kjem til å spele opp til ein god debatt kring tettstadutviklinga i tida som kjem.
Sigrid Ølmheim, samfunnsplanleggar

Skjermbilde fra spillet Minecraft. Vi ser en flygende bil og toppen av noen hus.

Skjermbilete av vinnarbidraget til klasse 4A ved Leikanger barneskule. Bidraget vart premiert med ein 3D-printar.

Digitalisering og kompetanseheving i skulen

For skulane var bakgrunnen for Minecraft-prosjektet at dei ønskte å utforske nye metodar i undervisninga, og utnytte potensialet som låg i oppgradert datapark og programvare. Mange barn og unge spelar allereie Minecraft på fritida, og fleire av lærarane ønska å ta i bruk Minecraft i undervisninga.

Alle lærarane som ville delta på prosjektet fekk tilbod om kurs for å bli trygge på å bruke Minecraft i undervisninga. Kommunen inngjekk eit samarbeid med ekstern kompetansepartnarar, som stod for det faglege innhaldet og gjennomføring av opplæringa. Opplæringa vart gjennomført digitalt og varte i 3 x 3 timar. Då hadde deltakarane tid til å gå gjennom alle grunnleggande funksjonar samt tid til øving.

Fleire av lærarane var godt kjente med spelet frå før. Kvar skule oppretta difor ei gruppe med «suparbrukarar», som kunne hjelpe kollegaene ved behov. Erfaringa frå Sogndal er at det er viktig å investere nok tid i opplæring og oppfølging av lærarane. Prosjektet må difor også vere forankra hjå rektorane, sånn at ein sikrar at lærarane kan prioritere å bruke tid på å delta på kurs.

Ved å nytte ekstern kompetanse til å halde kursa, vart opplæringa i Sogndal gjennomført veldig effektivt. Samtidig er det i dei fleste tilfelle kostandar knytt til å nytte eksterne til slik opplæring. Om kommuneadministrasjonen eller skulane har tilsette som har kapasitet og kjenner programvara godt, kan opplæringa også organiserast internt.

Prosjektperioden varte i 10 veker, og kvar skule bestemte sjølv kor mykje tid dei brukte og kva fag dei knyta prosjektet på. IKT-rådgjevar i Sogndal meiner det er enkelt å finne koblingar til mål i skulen sin fagplan, ho fortel at elevane lærte både om det politiske systemet i kommunen, samfunnsplanlegging og berekraft i praksis.

 – Skulane har mykje fokus på samfunnsengasjement, og dette temaet går veldig greitt inn i fagfornyinga og passar godt inn i læreplanen til skulane. Dette er heilt sentralt dersom ein skal ha skulane med på eit slikt prosjekt.
Bente Mossige Ask, IKT-rådgjevar

Erfaringa i Sogndal var at Minecraft-utfordringa eigna seg godt for alle klassetrinna. Reint spelteknisk meistra alle klassetrinna det å utvikle løysingar i Minecraft.

Skjemdump frå Minecraft. Viser ein dyrehage.

Frå Trudvang skule sitt birag. Skjermdump: Sogndal kommune

Gode effektar på læringsmiljø og samfunnsengasjement i skulane

Minecraft-prosjektet vekte stort engasjement hjå elevane. IKT-rådgjevaren meiner at prosjektet gav elevane moglegheit til å ta i bruk og utvikle sitt samfunnsengasjement. Ho meiner dette kan bidra til å forme samfunnsengasjementet også vidare.

Skulane opplevde også gode effektar på læringsmiljøet. Det å gjennomføre undervisninga på ein ny måte var inspirerande for alle elevane, men i tillegg såg lærarane at dynamikken i klasserommet endra seg. Fleire elevar kjenner Minecraft svært godt, og no fekk desse elvane moglegheit til å ta leiaransvar i klasserommet, og dele sine kunnskapar med dei andre elevane.

Les meir om Sogndal kommune si erfaring med Minecraft på nrk.no og på Sogndal kommune sine nettsider.

Stikkord:
Steder: