Kystarven- verdiskaping med basis i verneverdig kystnatur

Kystarvprosjektet på kysten av Sogn og Fjordane har vore ein paraply over 5 kommunar og 5 ulike delprosjekt. Prosjektet har mellom anna bidrege til sterkare geografisk legitimitet til HAFS-regionen dei siste 5 åra.

Læringsverdi

Distriktssenteret meiner at kystarv-prosjektet har hatt eit «botn-opp perspektiv». Vern kan vere kontroversielt – mest fordi det har vore ein topp-down prosess. Difor har det vore viktige å bygge vidare på den gode mobiliseringa som både tidlegare bygdeutviklingsprosjekt og naturbruksprosjekt har hatt for befolkninga, bygdelag, kommunane og næringslivet m.fl. omkring positiv bruk av verna område.

Samstundes har ikkje kystarvprosjektet berre handla om bruk og vern. Stiprosjektet med 20 stiar i kvar kommune har vore viktig for den felles identitetsbygginga i HAFS-regionen (Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Gulen). Distriktssenteret ser på dette delprosjektet som god mobilisering, og vil vere med å gi ei sterkare fellesskapskjensle når stiane er ferdig rydda, merka og skilta er komne på plass.

Mål og resultat

Kystarven var opphavleg delt inn i 6 delprosjekt. Dette har skrumpa inn til 5 ved at ein såg at to delprosjekt kunne slåast saman. I tillegg har fylkesmannen ansvaret for eit av prosjektet som er kalla «kunnskap om kystarven». Difor er det i realiteten 4 delprosjekt som ein har jobba med lokalt. Distriktssenteret meiner at prosjektet har gitt konkrete resultat.

  1. Søppelprosjektet er svært konkret. Ein dokumenterer kor mykje som er rydda, kor søppelet kjem frå, og viser til utfordringane med korleis dette skal handterast.
  2. Stiprosjektet med rydding, skilting og merking av 20 stiar i kvar av dei 5 kommunane er kome langt på veg. Det står att noko arbeid, men samstundes vil dette vere eit kontinuerleg prosjekt som vil skje også etter prosjektperioden.
  3. Saueprosjektet har gitt auka sauetal, spesielt i Solund kommune. Kompetansehevande kurs om m.a. beitemark med sviing og brenning er gjennomført og i august 2013 gjennomfører dei sin første villsaufestival som planlagt.
  4. Ein har gjennomført studietur til Skottland som ein del av den framtidige naturbrukskompetansen. I tillegg er vandreseminar saman med destinasjonsselskapet Fjordkysten gjennomført. Dette forprosjektet har som mål å bli eit hovudprosjekt frå 2014 på det dei har kalla «kystvandring».
  5. Sjøfuglsenteret på Værlandet er etablert i prosjektperioden. Det har gått på sida av prosjektet. Dette senteret kan vere ein lokalisering for t.d. ein framtidig SNO-stilling som kan drive natur-rettleiing, organisere skjøtsel, forsterke innsatsen mot attgroing og vere ein styrke for reiselivsutvikling knytta til natur- og kulturkvalitetar.
Prosjektleiar Per Arne Tveit

Arbeidet med turstiane i kystarven har bidrege til sterkare profil for HAFS-regionen dei siste 5 åra, meiner prosjektleiar Per Arne Tveit. (Foto: Roar Werner Vangsnes)

Prosess og vurderingar

Distriktssenteret ser at det felles regionsamarbeidet i dei 5 kommunane (Solund, Askvoll, Hyllestad, Fjaler og Gulen) har vore og er viktig for dette arbeidet. Kystarvprosjektet hadde ein «startmotor» i kommunane Askvoll og Solund, der bruk og vern-interessene hadde utvikla seg gjennom fleire år. I tillegg var det også etablert eit stort fokus på villsauen si rolle ute i øyane. Likevel såg ein tidleg at dette måtte utviklast som eit regionalt prosjekt, og ein kopla på prosjektleiinga som også hadde forankring til regionrådet. Denne koplinga har vore ein styrke, som ein bør utvikla vidare.

Kommunane i området er små, og er difor avhengige av samarbeid på tvers for å oppnå gode resultat. Kystarvprosjektet har hatt gode koplingar til det regional partnarskapet på fylkesnivå. Spesielt fylkesmannen har vore involvert rundt bruk- og vernprosjekta. Fylkeskommunen og fylkesmannen i Sogn og Fjordane bør sjå på korleis dei kan finne fram til ein felles strategi når det gjeld denne typen prosjektarbeid. Det vil også vera naturleg å ta med Innovasjon Noreg i dette arbeidet.

Vegen vidare

Distriktssenteret ser at kystarvprosjektet har vore flinke til å utnytte den erfaringa dei har frå tidlegare bygdeutviklingsprosjekt som har gått i dei ulike kommunane. Samstundes har HAFS-regionen tradisjon for felles natur- og kulturverdiar, som er forankra i reiselivsarbeidet og kulturaktivitetar som Jensbu-prosjektet.

Distriktssenteret meiner at kystarven med sin botn – opp tenking, bør takast vidare. Det er også interessant å vurdere korleis dette arbeidet kan inngå i planane om ein regionalpark. Solund har allereie starta på denne tenkinga/tankearbeidet/planlegginga lokalt. Distriktssenteret trur at både erfaringane med kystarven dei siste 5 åra og Solund sine erfaringar med parktenking i eitt år, bør gi grunnlag for å vurdera ein framtidsretta regionalparkmodell. Det kan ivareta det mobiliseringsperspektivet ein har sett i kystarvprosjektet, samstundes som det vert utvikla ein meir spissa reiselivssatsing med motiverte næringsaktørar.

Distriktssenteret er med i ressursgruppa til verdiskapingsprogrammet Naturarven som verdiskapar i regi av Miljøverndepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet. Ei av rollene er å formidla kunnskap og erfaringar frå programmet og prosjektet. Kystarven er eitt av 15 prosjekt i programmet.