Fagområde: Næringsutvikling

Kulturarv som verdiskapar

Denne artikkelen er arkivert. Enkelte opplysninger kan være utdaterte.

Ikkje alle verdiar kan målast i kroner og øre. Innsatsen som ligg bak å ta vare på utværet Lånan er stor, og resultatet er viktig for kulturarven for oppveksande slekt. I tillegg til at det er avgjerande for ærfuglstammen i området.

– No sit eg og reinsar dun frå i fjor, fortel Hildegunn Nordum då vi ringer for å høyre om arbeidet og livet på Lånan på Helgelandskysten i Nordland.

Blir aldri ferdig med heimstaden

Mobilnummeret fortel ikkje noko om kor i verda den daglege leiaren for Utværet Lånan AS er. Ho fortel ho er i heimen sin i Hvaler kommune i Østfold. Som 16-åring flytta ho frå Lånan, men blir aldri ferdig med heimstaden. Tankane går stadig oftare nordover, til den dagen ho og dei andre etterkommarane etter Evert Nilson, set kursen mot «dunøya» Lånan. Nilson var mannen som midt på 1800-talet bygsla halve Lånan frå godseigaren på Tjøtta.

Oppdaga verdien dei flytta frå

På det meste har det budd rundt 50 menneske på Lånan. Det siste paret flytta i 1980. Nokre år etter vart elektrisiteten kopla ut. Folk spikra att dører og vindauge, dekkande jarnplater skulle hindre forfallet.

– Men eg trur folk oppdaga at livet dei flytte til, ikkje var så mykje betre enn det dei flytte frå, seier Nordum. – Folk kom fram til at det var viktig å ta vare på kulturarven for komande generasjonar.

Hamna på UNESCO-lista

I 2004 hamna Vegaøyene og utværet Lånan på verdas kultur- og naturarvlista til UNESCO.

Noko som forpliktar, og som gjorde sitt til at det fråflytta egg – og dunværet fekk ein oppsving i 2007. Grunneigarane gjekk då saman og skipa eit aksjeselskap for å ta vare på tradisjonane. Dei held ved like husa, tek seg godt av fuglane og gir eit fåtal turistar naturopplevingar utanom det vanlege.

Dugnadsarbeid får støtte

– Vi har fått god støtte frå Innovasjon Norge, kulturminnefondet, Nordland fylkeskommune og Vega kommune, seier den daglege leiaren i selskapet. Ho fortel om folk som tek permisjon frå jobb i fleire månader, for å ta vare på samfunnet ute i havgapet. Dette får dei no litt løn for.

Ærfuglen er sjefen

Kvar vår blir dei sju husa fylt opp med etterkommarar i alle aldrar.

– Det som driver oss er ønsket om å overføre interessa og kjærleiken til historia og kulturen på utværet, over på neste generasjon. At våre barn skal ta vare på kulturarven etter vår tid, seier Nordum, og legg til at det lover godt. – Ungdomane er interesserte, dei er aksjonærar i selskapet, og er med å avgjere kva som skal skje.

Øya med eigen atmosfære

– Skuldrene senkar seg på veg ut til Lånan, ein tur som tek rundt to timar med sjark. Det er tøffe farvatn, og det vesle samfunnet har vore mykje isolert opp gjennom åra. Eg har mobildekning, og kan koble meg på internett, om nødvendig. Solpanel og gass gjer livet enklare, meiner Nordum.

Dundyne til Kongen og Dronninga

Resultatet i 2008 var på om lag ni kilo dun, som er nok til ni vaksendyner til ein stykkpris på 40.000 kroner. Men då ligg du like godt som Kongen og Dronninga. Til 70 -årsdagen fekk dei dundyner som gåve av Helgelandskommunane. Dynene var laga av Nordum og Erna Øvergård frå Lånan. – Vi arbeider med å utvikle nye, mindre produkt – som ikkje bruker så mykje dun og som er rimelegare. Sjølv om det å ta vare på kulturarven er mål nummer ein, er det ingen motsetnad i å utvikle nye tidsrette produkt av råvarene.

Menneskelege trekkfuglar

– Det er fantastisk godt å jobbe med dun. Eg blir ikkje stressa av at eg skal jobbe meg gjennom store haugar, men eg byrjar å bli rastlaus etter å kome meg nordover att, seier Nordum. Ei kjensle ho deler med andre trekkfuglar.

Sårbart miljø

Alt menneska gjer er med omsyn til den menneskekjære fuglen. Det er mykje arbeid over lang tid, men samstundes er det ei heilt spesiell stemning og døgnrytme. Folk lagar små hus til fuglane, samlar og tørkar tang til reira, dei passar på at ikkje rovdyr tek fuglar eller egg, og dei samlar dun. Første ærfuglen legg seg i reiret i slutten av april, og fram mot midten av juni er det hekketid og «besøksforbod» på øya.