Fagområde: Omdømme Tilflytting

Kreativ tilbakestrøm

Denne artikkelen er arkivert. Enkelte opplysninger kan være utdaterte.

I snart ti år har prosjektet Tilbakestrøm vore eit bindeledd mellom Vesterålen og utflytte kunstnarkrefter. Trass i nye heimstader er dei framleis kulturinnovatørar i barndomskommunane sine.

Du treng ikkje å bu ein stad for å bidra til at staden blir ein betre plass å bu. Det er ein av tankane bak Tilbakestrøm prosjektet i Vesterålen. I snart ti år har utflytte kreative frå Vesterålen krefter meldt seg som tilbakestrømmarar for å bidra og inspirere til eit rikare kulturtilbod i Andøy, Bø, Hadsel, Lødingen, Sortland og Øksnes.

– Ungdom som flyttar ut og driv med kunst og kultur på eit høgt nivå, kan framleis vere innovatørar og sterke bidragsytarar til kulturlivet lokalt. Sjølvsagt er det flott om dei vel å komme tilbake til heimdistriktet for å busetje seg ein gong. Men for oss er det først og fremst viktig å halde kontakten med dei. På den måten kan dei likevel halde fram med å inspirere lokalt gjennom framsyningar, kurs og ulike prosjekt, seier Erik Bugge i Vesterålen Regionråd.

Godt kultursamarbeid gir godt omdømme

Prosjektleiaren har ikkje eit fasitsvar på kva Tilbakestrøm har betydd for omdømmet til Vesterålen-kommunane. Men at det har bidrege positivt, kjenner han seg trygg på.

– På omdømmesida kan vi ikkje sjå isolert på dette prosjektet, men eg trur vi kan seie at eit godt kultursamarbeid i Vesterålen gir regionen eit godt omdømme. Det har gitt mykje positiv spalteplass. Mange politikarar kallar kultursamarbeidet i alle ubeskjedenheit for eit flaggskip for det regionale samarbeidet, seier han.

Velkomne heim

Kvart år er mellom ein fjerdedel og ein tredjedel av dei registrerte kunstnarane og kulturarbeidarane på heimebesøk med eigne prosjekt, anten som solistar, kurshaldarar eller støttespelarar til det lokale kulturlivet.

Kunstnarane sjølve er positive til prosjektet. I undersøkingar gjort blant tilbakestrømmarar, svarar fleire at gode stipendordningar og kulturell godvilje gjer at dei ser lysare på å reise tilbake til heimplassen. At det gjennom prosjektet blir lettare å halde kontakten med andre kulturarbeidarar frå heimstaden, er også positiv, meiner mange.

Dette er skildringar mastergradstudent og tilbakestrømmar Marianne Hansen frå Hadsel kjenner seg att i. Ho tek no master i kulturstudiar ved Høgskolen i Telemark, avdeling Bø. Masteroppgåva hennar handlar om ulike ”kom heim-prosjekt” som finst i Noreg. Ho meiner Tilbakestrøm skil seg frå dei fleste av dei.

– Dette er ikkje eit prosjekt som skal sanke inn utflytte vesterålingar og tjore dei fast i regionen. Tilbakestrøm gir i staden fråflyttarane sjansen til å halde kontakten med kulturmiljøet i Vesterålen på eigne premissar, seier Marianne Hansen.

Godt lys

Ho trur at Vesterålen nyt godt av prosjektet, uavhengig av om folk flyttar heim eller ikkje.

– Prosjektet stiller Vesterålen i eit godt lys. Regionen framstår som gåvmild og som ein god samarbeidspartner. Banda mellom Vesterålen og utflyttaren blir dessutan styrka. Ein stolt eksil-vesteråling som kan fortelje om gode prosjekt og spennande opplevingar, trur eg er den beste reklamen regionen kan få, seier Hansen. Ho  trur også folk frå andre stader i landet blir imponerte over alt som skjer i Vesterålen.

– Fleire av dei eg har snakka med i samband med masteroppgåva er stolte av heimstaden sin. Når folk skal snakke om kor dei kjem frå, er det viktig å ha noko å prate om, eit slags symbol dei kan halde fram. Tilbakestrøm er eit slikt prosjekt. Eit prosjekt som er så bra at ein har lyst til å seie: «Det er der eg kjem frå. Det der får vi til i min heimregion».

Ubyråkratisk og fleksibelt

Av dei rundt 100 som har vore del av Tilbakestrøm, har 10 – 12 flytta tilbake. No er fleire på veg.

– Ein kan ikkje med sikkerheit seie at det er på grunn av prosjektet. Eit svært viktig poeng for oss er at prosjektet sin suksess ikkje skal målast i talet på tilbakeflytta unge. Det er fridomen dei unge likar, og den vil vi gi dei gjennom ein fleksibel modell for å halde kontakten med utflytta ungdom, seier Erik Bugge, som har følgjande råd til andre kommunar som arbeider med liknande prosjekt:

  • Ikkje stress for mykje med at god heimflyttingsrate skal vere ein suksessindikator for prosjektet. Blir det hovudmålet, kan mange unge oppfatte det som ”moralisme” og at prosjektet berre blir velmeinande distriktspolitikk.
  • Hald jamn kontakt gjennom infobrev og ein levande nettstad. (I Tilbakestrøm-prosjektet har tilbakestrømmarane sjølve teke initiativ til ei Facebook-gruppe der dei seg i mellom kan halde kontakt og utveksle erfaringar.)
  • Jobb ubyråkratisk i forhold til innspel og idear frå dei unge.
  • Lag ubyråkratiske støtteordningar som er lette å bruke.

Styrte for mykje

Etter snart ti år med Tilbakestrøm, er Bugge er også klar på kva dei ville gjort annleis dersom dei hadde starta prosjektet i dag:

– Dei første åra hadde vi såkalla Tilbakestrømsdagar. Under eit av juletreffa kom det fram at dei unge meinte vi styrte for mykje. Vi fekk også innspel som seinare førte til at prosjektstøtteordninga blei innført. Vi bør også få til ei meir aktiv kopling av tilbakestrømmarar og det profesjonelle kulturlivet som finst i regionen, seie Bugge.

Steder: