Fagområde: Næringsutvikling

Frå kjellar til internasjonal marknad

Denne artikkelen er arkivert. Enkelte opplysninger kan være utdaterte.

Ungdom med teknointeresse har skapt mange arbeidsplassar i den vesle trøndelagsbygda, Græsli. No er dei klar til å erobre verdsmarknaden.

Det heile starta for 19 år sidan, i ein kjellar. I dag har verksemda Aurotech ti fast tilsette, ein årleg omsetnad på 10 millionar kroner og avdelingskontor i Trondheim. Hovudkontoret ligg ti mil utanfor byen, i Tydal – ein fjellkommune med 860 innbyggjarar.

Skreddarsydd teknologi

Aurotech utviklar ultralydteknologi, og dagleg leiar Roger Gullikstad meiner dei skal tredoble talet på tilsette innan åtte år. – Vi har to-tre, kanskje fire internasjonale konkurrentar. I motsetnad til dei store selskapa sel ikkje vi utstyr til sluttbrukar, men sjølve teknologien til utstyr. Det er få andre som skreddarsyr teknologi som vi gjer, seier han i eit tosiders oppslag i avisa Nationen (24.6 2009).

Norske byfolk reagerer

– Vi har besøkande frå heile verda, men det er mest folk frå Oslo og Trondheim som tykkjer det er rart at vi held til i Græsli. Dei som er van med å springe frå hotell til hotell, tykkjer det er fint å kome til Tydal. Dess lenger unna folk kjem, dess mindre rart tykkjer dei lokaliseringa er. I USA er det ikkje uvanleg at bedrifter av vår type ligg i distrikta, seier han.

Entusiasme viktigare enn utdanning

Industribedrifta har investert 40 millionar kroner i utviklingsarbeid dei siste åra, i samarbeid med Innovasjon Norge, investorar, lokal bank, kommune og kundar. – Vi er litt oppfinnarar alle saman her i Aurotech, og vi jobbar veldig godt som team, seier Gullikstad. Han har som ideologi at personlegdom og entusiasme er kanskje vel så viktig som formell utdanning.

Klar for mediakøyr

– Vi har ikkje figurert så ofte i media tidlegare, men no har vi noko å syne fram og er klar for å lansere på verdsmarknaden, seier dagleg leiar ved søsterselskapet Aurotech electronics, Arnstein Græsli. Utfordringa for verksemda er å rekruttere arbeidskraft., og då er det naturleg å stille spørsmålet til ordførar Kari Slungård om kva ei bedrift som Aurotech betyr for kommunen.

Stolt ordførar

– Ei slik bedrift betyr veldig mykje for ein liten kommune som vår. Alle i bygda kjenner til dei, og treff dei nesten dagleg. Sjølv om vi ikkje forstår alt dei driv med, har vi full tillit til dei. Kommunen har støtta dei opp gjennom åra, og dei er gode rollemodellar for ungdom. Dei syner at det går an å skape noko i vårt distrikt som kan vere interessant for ein internasjonal marknad, seier ordføraren. – Bygdefolket har det tålmodet som skal til, og unner dei all suksess.