Fagområde: Omdømme

Eksotisme gir profil og identitet

Denne artikkelen er arkivert. Enkelte opplysninger kan være utdaterte.

Trænafestivalen var på 80-talet eit ganske vanleg bygdetreff. I dag kjem tusenvis av deltakarar frå inn- og utland til ”festivalen langt te havs”.

På ei øy i Nordland, sør for Bodø, finst det ein årleg rockefestival som har vekt internasjonal oppsikt. – Ein festivaldeltakar i år oppsummerte Trænafestivalen slik: Det er eit prakk å koma, eit prakk å vera der og å koma der i frå. Alle som kjem hit har lyst til å vera her. Reisa kan vera ganske ekstrem og opplevast som ein del av festivalen. Det gjer det eksotisk, det er den ytste aude øy. Det er særeigne omgjevnader, fjell og formasjonar. Det er Anita Overelv som snakkar så entusiastisk etter årets festival. Entusiasmen er så sterk at ho har flytta til Træna og arbeider med Træna-festivalen på heiltid.

Sat på gull

– Træna-festivalen er eit gamalt, lokalt omgrep, fortel Anita Overelv. – Det har eksistert sidan 1980-talet, og var for folk i bygda med musikk og dans, vaffel, brussal og fiskekonkuransar. Etterpå skjedde det saker og ting. Nokon fann ut at ein kunne satsa litt meir. Blant anna DumDumBoys vart invitert til Træna.

– Plutseleg kom det 1000 personar til øya. Folk vart overraska då dei oppdaga at det fanst interesse for å koma til Træna for oppleva musikk- og kulturarrangement. Ein skjønte at ein sat på gull i møte med folk utanfrå.

Bygger identitet

Identitet var avgjerande for at Anita Overelv valte å satsa så mykje på Trænafestivalen.

– Eg kom hit i 2005 for første gong. Eg er nordfrå, van med nordnorsk natur, men blei imponert over reisa frå Bodø og ned til Træna. Eg fann plutseleg 2000 menneske på ein liten plass. Det blir fortetta og nært. Mi oppleving som festivaldeltakar er at du kjenner folk, du får ei familiær kjensle og det er lettare å adoptera Træna-festivalen som sin. Festivalen gir ei sterk kjensle av tilhøyrsle.

Festivalen gir tilbake

Anita Overelv er vanskeleg å stogga når ho snakkar om Træna-festivalen.

– Trænafestivalen gir identitet til heile plassen, til alle som bur der. Alle har eit forhold til Træna-festivalen og folk legg ned enormt i førearbeid og etterarbeid. Ikkje minst er dei diskusjonane som føregår i januar og februar viktige. Då diskuterer vi potensial, finn på nye ting. Det er eit engasjement, eit heilårsprosjekt, ikkje berre lokalt, men også dei samarbeidspartnarane me har i regionen. Desse har me kontinuerleg dialog med, fortel Overelv.

– Og festivalen gir inntekter tilbake til Træna. Det har sendt ungar til Norway Cup, og så er det tilbakemeldingane då. Dei er gull verd. Dei gir stoltheit til lokal kultur og til lokale omgjevnader.

Flyfoto profilerer festivalen

Biletet av den eksotiske øya midt i havet er kjernen i profileringa av Træna-festivalen. Det er den spissa bodskapen som festivalen sel ut medvite.

– Flyfotoet av Træna er heilt spesielt. Det gir ikkje inntrykk av at det er nokon festival her, men så er det nettopp det det er, effekten er sterk. Det merka til dømes godt på reaksjonane me fekk under årets By:Larm.

Tenk vinn – vinn!

Etter eitt år med jobb i Trænafestivalen har ikkje Anita Overelv lyst til å slutta. Kva som skjer, veit ho likevel ikkje. Etter spørsmål om kva som kunne vorte gjort betre, har ho ei sterk melding til små kommunar:

– Kommunar må gå saman og ikkje studera si eiga navle. Det er for mykje krangling i små kommunar. Ein har meir att for å samarbeida og å spissa kompetansen, eller synleggjera i staden for å laga alt til ei søle og sitta på kvar si øy og overgå kvarandre.

Om Træna og Træna-festivalen:

www.trena.net