Eigen bustad – ei viktig brikke for trivsel og busetjing

Korleis kan distriktskommunar gjere det lettare for innvandrarar å realisere draumen om eigen bustad – og samtidig bidra til å styrke lokalsamfunnet?

Nye måtar å arbeide på har gitt felles forståing og djupare innsikt i både utfordringar og mogelege løysingar, både i kommunen og hjå private aktørar i Ål. Foto: Evy Myhre/Hallingdølen

Ål kommune har erfaringar som kan inspirere fleire

Tilflytta arbeidsinnvandrarar og flyktningar er viktig arbeidskraft og sentrale for balansen i folketalsutviklinga i distrikta. Etter nokre år vel samstundes mange å flytte vidare til større byområde.

For å få fleire til å trivast og bli over tid er sosiale nettverk og etablering i eigen bustad viktige faktorar. Men å kjøpe eigen bustad er ikkje rett fram, sjølv om mange ønskjer det.

– Me ser absolutt samanhengar mellom brei bu- og blilystsatsing og fleire utanlandsk tilflytta ålingar i eigen bustad.

Anne Nordheim, prosjektleiar for bu- og blilyst i Ål kommune

Frå draum til røyndom: Familien Okbanse si historie

En mann og en voksen kvinne og et jentebarn sitter i en sofa.

Gere, Ruta var blant dei første som søkte kommunalt tilskot i Ål kommune, etter innføringa av ordninga.

Familien Okbanse frå Eritrea er eitt døme på korleis kommunen si satsing fungerer. Var det mogeleg å etablere seg med eigen bustad? Kva måtte til? Korleis gå fram? Kven kunne hjelpe? Spørsmåla var mange.

⇣ Les heile historia 

Å eige sin eigen bustad stod øvst på ønskelista

Far Gere, mor Ruta og deira tre born kom som kvoteflyktningar frå Eritrea til Ål. Då dei vart busette fekk dei tildelt ein privateigd leigebustad. Då eigaren sjølv ville bruke bustaden måtte familien sjå seg om etter alternativ.

Som deltakarar på bulyst-møter og arrangement fekk dei informasjon om aktuelle bustadprosjekt, låneordningar og kommunens bustadtilskot til førstegangsetablerarar.

Samarbeid med utbyggjar Stian Oland i Hallingdal Hytteservice vart avgjerande for å finne løysingar, saman med rettleiing frå kommunen.

Det var kombinasjonen av startlån og kommunalt etableringstilskot som blei avgjerande. Familien var blant dei første som søkte kommunalt tilskot, etter innføringa av ordninga.

Vel eitt år etter dei søkte om kommunalt etableringstilskot og startlån, fekk dei positivt svar. Kort tid etter var familien på plass i sin nye bustad i Hago burettslag. Bustaddraumen var blitt verkeleg.

Familien Okbanse er ikkje åleine.

– Me har ikkje registrert dette spesifikt, men veit at blant søkjarar som har fått tilskot til førstegangsetablering er det minst 5 husstandar med utanlandsk bakgrunn. Det er arbeidsinnvandrarar og flyktningar frå mellom anna Litauen, Nederland, Eritrea og Kongo, seier Anne Nordheim prosjektleiar for bu- og blilyst i Ål kommune.

For utbyggjar Stian Oland ga innbyggjardialogen svært nyttig innsikt i bustadbehov, kva som er utfordrande i ein kjøpsprosess, og kva ulike grupper treng av rettleiing. Særleg gjaldt dette aktuelle kjøparar som ikkje kvalifiserer til ordinære bustadlån i bank, og som søker startlån.

Etter sjølv å ha bistått fleire familiar meiner Oland at kommunen har eit stort potensiale for å forenkle informasjon, effektivisere saksgang og gje betre rettleiing. Også kommunens eigne erfaringar peikar på det same.

– Vi ser at mange med utanlandsk bakgrunn har behov for tettare rådgjeving og oppfølging
– Silje Landsmann-Wiwe, leiar i Ål introsenter

Wiwe er leiar i Ål introsenter, som omfattar flyktningtenesta og vaksenopplæring i Ål kommune. Ho ser forbetringspunkt i kommunens praksis og trur at meir skreddarsaum og jamnleg dialog med ulike innvandrargrupper kan vera ein veg å gå.

Inkludering og bulyst, men også barrierar

Før busette flyktningar tenkjer på bustadetablering, er det mykje anna som skal falle på plass. Å lære eit nytt språk, bli kjend med eit nytt land, skaffe seg jobb, starte opplæring og utdanning, få sosiale nettverk. Mange kodar skal knekkast.

Innvandrarar i Ål (2024)

Ved inngangen til 2024 var det busett 856 innvandrarar i Ål. Vel 54% av dei var flyktningar og deira familiar. Vel 20% var arbeidsinnvandrarar. Innvandrarar frå Aust-Europa utgjer den største gruppa.

Kjelde: IMDI – statistikk og nøkkeltall 

Samstundes er dette ein fase som legg grunnlag for framtidige val. Å kjenne seg velkommen, at lokalsamfunnet vil at du skal trivast og bli verande, er viktig for å modna tankar rundt vidare busetting, og bustadetablering.

I Ål har kommunens bu- og blilystsatsing blitt ei plattform for inkludering og medverknad, både for tilflyttarar og etablerte innbyggjarar.

Døme på tiltak for tilflyttarar er årlege velkomst-treff for nye ålingar, det månadlege kulturtreffet Verda vår og ei eiga mentorordning for innvandrarar med høgare utdanning.

Fleire tiltak har vore med på å legge til rette for bustadeige:

Arbeidsverkstader og fokusgrupper
Breie og nyskapande medverknadsprosessar som arbeidsverkstader, fokusgrupper og bruk av personas har gitt kommunen, utbyggjarar, bankar og andre ny innsikt i innvandrarane til Ål sine bustadønskje, behov og føresetnader for å etablere seg i eigen bustad
Tett samarbeid mellom sektorar
Når kommunen sine avdelingar samarbeider på tvers, kan ein gi innvandrarar betre informasjon og rettleiing. Dette er også erfaringar frå inkluderings- og tilflyttingsarbeid i kommunane Frøya og Herøy (N). 
Nye eigemodellar
Burettslagsmodell og leige til eige er nye tilbod i Ål. Det er viktig at nye eigemodellar er tilpassa målgruppa sine føresetnader.
Kombinasjon av startlån og kommunalt tilskot
Kombinasjonen av kommunalt bustadtilskot for førstegangsetablerarar og med startlån.

Bustadtilskot: Kritikk og læring

Det kommunale etableringstilskotet har vore omstridd. Kritikarar meiner det ikkje bidreg til tilflytting, men subsidierer bustadkjøp for dei som allereie bur i kommunen. Likevel meiner Nordheim at ordninga har vore avgjerande for innbyggjarar som elles ikkje hadde klart å kjøpe eigen bustad: – For desse har det kommunale tilskotet vore direkte utløysande.

Erfaringane frå Ål viser at kombinasjonen av tilskot, god rettleiing og samarbeid kan gi resultat. Distriktssenteret understrekar at målretta tiltak bør vere ein del av ein større bustadpolitisk strategi, sidan eitt tiltak åleine sjeldan gir ønskt endring.

Kvifor eigen bustad fremmar bulyst

Innvandrarar og flyktningar er avgjerande for folketalsutvikling og arbeidsliv i mange distriktskommunar. Samstundes vel mange å flytte etter få år. Å eige eigen bustad kan gi både økonomisk tryggleik, tilhøyrsle til lokalsamfunnet og motivasjon til å bli buande.

Dette kjem fram i ei studien Derfor blir vi her, som NIBR gjorde for Distriktssenteret i 2012.

Forskarane konkluderer med at «det kan både gi langsiktig økonomisk gevinst og en opplevelse av tilhørighet til stedet og anerkjennelse hos lokalbefolkningen. Blir det lettere å kjøpe egen bolig lokalt, vil det også knytte innvandrerne tettere til lokalsamfunnet og bidra til at de ønsker å bli boende i fremtiden. Det vil derfor være i kommunens og lokalsamfunnets interesse å legge til rette for at innvandrere skal kunne kjøpe egen bolig.»