Vinje kommune

Vinje kommune er med i prosjektet Aldersvennlege bustader og bumiljø i distrikta. Prosjektet er eit samarbeid mellom Husbanken, Distriktssenteret og 11 kommunar.

Vinje kommune er ein vidstrakt fjellkommune, med 3713 innbyggjarar (2020), i regionen Vest-Telemark. Som ein av landets største hyttekommunar, med over 5000 hytter, har kommunen i tillegg eit stort tal deltidsbuande. Innbyggjarane bur spreidt, i og ikring 3 definerte sentra: Kommune- og handelssenteret Åmot, med om lag 650 innbyggjarar, bygda Rauland og Edland/Haukeli. Folketalet i Vinje har dei siste 10 åra vore stabilt, men kommunen har ei jamnt aldrande befolkning. I 2040 vil gruppa 67–79 ha auka med nærare 30 %, og andelen 80–89 år vil vere dobbelt så stor som i dag. Samstundes går andelen yngre og i yrkesaktiv alder går ned. Dette utfordrar kommunens aldersbereevne og økonomi, teneste- og bustadtilbodet.

Bustadsituasjonen for eldre

Einebustaden dominerer bustadtilbodet i Vinje, med mellom 80–90 % av bustadmassen. Pr. 2020 er det registrert 1933 einebustader og 45 leilegheiter. Det inneber at dei langt fleste i eldre aldersklasser også bur i einebustader. I kommunesenteret Åmot er det noko tilgang til leiligheiter i den private marknaden, for Edland/Haukeli og Rauland er det lite. Kommunen har generelt god dekning av kommunale bustader, men med varierande standard.

Når det gjeld busituasjonen for eldre, er det fleire som bur i kommunale bustader og som har omsorgstilbod i eigen heim, enn gjennomsnittet for landet elles. Det gjeld både for eldre over 80 år, og for eldre over 67 år. Eldreomsorga er godt utbygd. Sjukeheimen ligg i Åmot. Her finst også tilbod av omsorgsbustader, utan bemanning. Rauland og Edland/Haukeli har bemanna omsorgssenter med fleire frittståande omsorgsbustader knytt til seg. Samanlikna med landet elles, har kommunen mange bustader med heildøgns omsorg, medan dekningsgraden for sjukeheimsplassar ligg nær landsgjennomsnittet. Dei kommunale omsorgsbustadene har hjelpetrengande eldre som målgruppe, og er slik sett ikkje eit reelt bualternativ for andre grupper, som ein del av det å planlegge for eigen framtidig busituasjon.

Med omsyn til framtidig bustadbehov og tilbod, meiner Vinje kommune å sjå tendensar til at fleire vil bu sentrumsnært, også blant eldre. Her er marknaden ein flaskehals. Flytting frå eksisterande bustad til ein mindre, meir sentrumsnær bustad er vanskeleg, då salsverdien av eksisterande bustad er vesentleg lågare enn kva ein nybygd sentrumsnær bustad kostar. Samstundes viser berekningar at behovet for helse- og omsorgstenester, og dermed også behov for tilrettelagde butilbod, vil auke sterkt, frå om lag 2025 og framover mot 2040.

Korleis brukar Vinje verkemiddel?

Når det gjeld bruk av Husbankens verkemiddel, har Vinje hatt større bruk av investeringstilskot og tilskotsmidlar til utleigebustader enn landssnittet. Kommunen bør likevel sjå på korleis nytte Husbanken enno meir, til dømes lån til bustadkvalitet. Husbanken har som eige fokusområde i 2021 at det skal vere mogeleg å ta distriktspolitiske omsyn når det gjeld långjeving. Kommunen kan også nytte startlånet til gruppa eldre. Dette gjeld både til nybygging, kjøp og utbetring av bustad.

Tilskot til utgreiing og prosjektering, samt tilskot til tilpassing av eigen bustad er overført til kommunen, og bør satsast ekstra på i prosjektperioden. I 2021 har kommunen sett av kr. 150.000 til tilpassing av bustader. Det same er sett av til etablering. Når det gjeld startlån har Vinje hatt eit låneopptak på om lag 3 millionar kr. dei siste åra. Barnefamiliar som har vanskar med å skaffe seg bustad gjennom kun privat lånefinansiering, er prioriterte. Kommunen har i år fleire søkarar med behov for større bustader, men tilbodet er lite. Dersom Vinje lukkast med å legge til rette for alternative butilbod for eldre som ønskjer det, vil fleire einebustader kunne frigjevast til andre grupper. I begge høve er startlån-ordninga ein nøkkel.

Kva seier planane?

Planverket viser at kommunen har god oversikt over den demografiske utviklinga og kva dette vil bety for teneste- og samfunnsutviklinga framover. Aldersvennleg planlegging som prinsipp er forankra både i kommuneplanens samfunns- og arealdel, i helse- og omsorgsplanen, og i kommunens bustadplan. I løpet av 2021 skal denne oppdaterast og utviklast til ein heilskapleg bustadplan.

I helse og omsorgsplanen sler kommunen fast at Vinje vil ha behov for å utvide talet på sjukeheimsplassar, i takt med den kraftige auken eldre. Samstundes sler kommunen fast at den viktigaste arenaen for helse- og omsorgstilbod i framtida, vil vere eigen heim. Tilrettelegging er ein føresetnad, der Husbankens verkemiddel bør nyttast. For Vinje byr denne utviklinga på nokre særlege utfordringar. Den spreidde busetnaden set grenser for kor mykje og kor ofte ein kan gje tenester i alle delar av kommunen. For Vinje vil det difor vere ei viktig bustadpolitisk satsing å legge til rette for sentrumsnære bu-alternativ som gjer det mogeleg å kunne bu i eigen heim, sjølv om ein har omfattande hjelpebehov. Planen sler fast at samarbeid om bustadutvikling med med private utbyggarar er ein naturleg veg å gå. Alle planane finn du her

I prosjektplanen for Aldersvennlege bustader og bumiljø viser kommunen til kommunens overordna planverk, som sler fast at:

  • Me legg til rette for ein sentrumsstruktur med Åmot som kommunesenter og Rauland og Haukeli/Edland som lokalsenter.
  • Frå sentrumsnære byggjefelt skal det vere mogeleg å gange/sykle/sparke til handelstilbod og daglege offentlege tilbod. Gang og sykkelvegar skal vere universelt utforma.
  • Det skal vere eit godt og variert bustadtilbod med universelt utforma bustader, og buformer som er tilpassa brukarar i alle aldersgrupper med ulike behov.
  • I eksisterande bustadplan blir det peikt på at kommunen skal bidra til at det blir bygd tilstrekkeleg tal seniorbustader, som kan frigjere eldre bustader for dei som vil etablere seg.

Mål for prosjektet

I prosjektplanen og i dialog med Husbanken, Distriktssenteret og Vestfold og Telemark fylkeskommune, har Vinje kommune definert følgjande hovudmål for prosjektet:

Auke talet aldersvennlege bustader og bumiljø i kommunens tre sentra. Kommunen har vidare definert følgjande delmål:

  • Undersøkje fortettingspotensialet for berekraftig lokalisering av bustader for målgruppa i kommunen sine tre sentra; Åmot, Rauland og Edland-Haukeli.
  • Styrke bustad- og bygdebymiljøa med tiltaket.
  • Styrke innovasjon og sirkulære løysingar på aldersvenleg bustadutvikling i distrikta
  • Møte framtidsutfordringane med aukande innbyggjardel av eldre gjennom ein berekraftig og involverande prosess, også med private aktørar.
  • Knytte mål for samordna areal og transport og fortetting i bygdebyane til satsingsområdet «Leve hele livet».

Vinje kommune har forventningar til at deltaking i prosjektet skal bidra til å styrke kunnskapen og det tverrfaglege arbeidet med aldersvennleg bustad- og stadutvikling. Kommunen løftar særleg fram behovet for meir kunnskap om heilskapleg bruk av verkemiddel, og styrking av samarbeidet med private aktørar. Kommunen ønskjer også støtte til å vidareutvikle planar, med konkrete tiltak. I dette ligg blant anna innspel til kunnskapsgrunnlag for revidert bustadplan, der bustadsosiale tiltak skal innarbeidast.

Aktivitetar so langt

Etter ein treg start, med både covid 19-utfordringa og lite plan- og utviklingskapasitet, har ballen etterkvart byrja å rulle i Vinje. Rettare sagt: Fleire ballar har byrja å rulle, samstundes. Kommunen har tilsett bustadkonsulent, og fått styrkt kapasitet på plansida. Det er etablert ei tverrsektoriell bustadgruppe, og kommunen planlegger kartlegging av bustadmassen med funksjonsvurderingar. Her har Vinje etablert ei bustadtilpassingsgruppe, sett saman av ergoterapeut og byggingeniør. Gruppa jobbar seg stegvis framover, og følgjer opp søknader om tilpassing og andre spørsmål. Dette er eit viktig arbeid, for å gje råd i konkrete saker og også for å bevisstgjere innbyggjarane ansvaret for eigen busituasjon og dei ulike alternativa som finst.

Vinje ønskjer også å vite meir om bustadbehov og ønskje hjå innbyggjarane, gjennom ei eiga undersøking. Dette er viktig kunnskapsgrunnlag for bustadplanen og prioritering av tiltak.

Vidare har kommunen søkt og fått midlar frå Vestfold og Telemark fylkeskommune, til å utarbeide ei moglegheitsstudie for smart, aldersvennleg fortetting med kvalitet, og ei analyse for korleis smartenergi og kortreiste løysingar for aldersvennlege bustader og bumiljø kan realiserast. Kommunen arbeider no med konkurransegrunnlaget for oppdraget, med god støtte frå Vestfold og Telemark fylkeskommune.

Samstundes med kommunens planlegging og organisering, har Rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne kome på bana. Rådet har merka seg at kommunen deltek i nettverksprosjektet, og vil gjerne involverast i prosessar kring fleire aldersvennlege sentrumsbustader. At rådet set dette aktivt på dagsorden er svært bra, ikkje minst i arbeidet med å bevisstgjere og motivere innbyggjarar til å ta ansvar for og planlegge framtidig busituasjon.

Sist, men ikkje minst har det kome initiativ frå private utbyggarar, både i Edland/Haukeli, Rauland og Åmot. I Rauland har også Pensjonistlaget engasjert seg. Dette er initiativ og planar i startgropa, som kan vere med å realisere fleire aldersvennlege, sentrumsbustader i Vinje. Kommunen planlegg no orienteringsmøter, der dei vil informere om mål og rammer for arbeidet, og også kva moglegheiter som ligg i samarbeid med og ordningar hjå Husbanken og fylkeskommunen. Både Husbanken og Vestfold-Telemark fylkeskommune vil delta.

Eitt år ut i prosjektperioden er Vinje godt i gang med å styrke kunnskapen om, planlegge og vurdere mogelege tiltak for fleire aldersvennlege bustader og bumiljø i heile kommunen.

Kjelder: SSB kommunestatisitikk, gjeldande kommuneplan med vedl., bustadpolitisk plan, kommunal arbeidsgruppe.